S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Vilde Standal Bøyum – 9. oktober 2023

Utvikling gjennom samarbeid

Bilde fra Chiara Bersanis forestilling L'Animale/The Animal Foto: Anne Marthe Vestre Berge


Publisert
9. oktober 2023
Sist endret
9. oktober 2023
Tekst av

Kritikk Teater Dans

Høstscena 2023 Østenfor sol og vestenfor måne

27. septemper - 1. oktober Ålesund


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/utvikling-gjennom-samarbeid
Facebook

(Ingen innlegg)

Høstscena tilbyr eit vidt spekter av scenekunst. Den store variasjonen skapar ein godt samansett festival.

Midt på golvet i foajéen til Parken kulturhus ligg Solveig Styve Holte i ein grøn kjeledress. Ho ligg der og skiftar stilling innimellom, men seier ingenting. Menneska som er til stades går rundt i rommet, og klokka 18:00 dukkar det fleire born opp, alle iført ei svart t-skjorte med orda "kvilande levande" bakpå. Etter ei runde rundt i foajeen legg dei seg ned på golvet ved Holte, og snart tar den kunstnariske leiaren av Høstscena, Siri Forberg, mikrofonen. Slik opnar Høstscena i Ålesund, 2023.

Om Høstscena

Høstscena har røtter heilt tilbake til tidleg 1990-talet, sjølv om namnet for fyrste gong blei brukt i 2011. Forberg har vore leiar sidan 2017, og i år er temaet "Østenfor sol, vestenfor måne". Som ein kjend eventyrtittel skaper dette assosiasjonar. Eventyret handlar om ei jente som reiser til ein stad langt vekke som det nærmast er umogleg å kome til. Det gjer ho for å finne den ho elskar, men ho klarer det ikkje utan hjelp. I dei neste fem festivaldagane kommenterar kunstverk kva eit samfunn er og set lys på viktige saker samfunnet bør ta tak i, til dømes global oppvarming og sosialangst med byutviklinga i Ålesund som bakteppe. Publikum er i tillegg invitert til å lytte til samfunnsdebattar. Fordi Høstscena tilrettelegg og inviterer til innslag som ikkje berre er scenekunst, men politisk orienterte debattar, blir festivalen i tillegg ein plattform der kunst kan hjelpe samfunnet å diskutere fram korleis byutviklinga til Ålesund kan ende opp. Slik som jenta i eventyret fekk hjelp, kan samfunnet bruke hjelpa frå kunstverka og festivalen si tilrettelegging til å finne vegen som leiar til gode løysingar for byutviklinga. Det er dei gode løysingane ein håpar å kome fram til gjennom kunst som blir ein abstrakt destinasjon austafor sol og vestafor måne.

Orda "kvilande levande" frå ryggene til borna spelar òg inn i tematikken. Her er tydinga av orda å forstå som eit mogleg utfall om kunst og samfunn ikkje spelar på lag. Kunst har alltid hatt ei rolle som kommentator utan naudsynt å bli høyrd. Borna blir eit konkret bilete på å vere i live utan handlingskraft. Dei blir spurde av Forberg om korleis det kjentes å ligge på golvet og kjem med ord som "irriterande", "avslappande", "ubehageleg" og "hardt". Som respons til desse orda seier Forberg "litt som livet, da". "Kvilande levande" blir eit punkt som fell under tanken om eit samarbeid mellom kunst og samfunn der kunsten kommenterar på samfunnsproblem utan noko respons. Festivalen har innhenta tre kuratorar som igjen har funnet kunstnarar å samarbeide med. Kuratorane Lisa Gilardino frå Italia, Helle Siljeholm frå Noreg og Poka-Yio frå Hellas har fått tak i ni kunstnarar som får i oppdrag å utvikle eit kunstverk innafor sitt eige kunstfelt utifrå kjennskap til Ålesund. Kunstnarane blei derfor invitert til å tilbringe tid i Ålesund for å utvikle eit verk i møtepunktet mellom sin eigen og Ålesund sin kultur. Kunsten dei skapte tok med seg samfunnsproblem i eigen kultur og dei blei påverka av Ålesund sin. På denne måten blei kunstverka deira ein god innsikt i kva som er samfunnsproblem i andre kulturar, og kva kunstnarane sjølv opplev når dei tilbringer tid i Ålesund. Denne hjelpa er viktig for utviklinga av ein by som Ålesund.

Scenekunsten

Høstscena er variert, den har bydd på klassiske teaterstykke som Villanden, nyare teaterframsyningar som Lykke til, Cathrine Frost, improvisasjonsshow med aktørar frå Det Andre Teatret, og det har vore eit breitt spekter av performance-basert kunst på programmet, som installasjonar, lesesirkel, avslappingsrom og lydvandring. Italienske Chiara Bersani sitt verk L'Animale/The Animal blei iscenesatt framfor den store Atlanterhavstanken i Atlanterhavsparken. Drivkrafta til Bersani var sinnet over alle som døydde utan ordentlege avskjedar under koronapandemien. Ho vitja Ålesund hausten 2022, og danseprosjektet hennar blei utvikla til ein versjon for Høstscena '23. Det er eit vakkert bilete som møter oss når Bersani ligg klar på ein stor, men låg pidestall. Dei varierande fiskeartane som sym i bakgrunnen skapar ein roleg atmosfære i samband med rørslene hennar. Det er òg tilfeldige augneblink i danseframsyninga som blir unike. Når vinden blæs på overflata av vatnet og Bersani pustar høglytt, får eg ei kjensle av at dette prosjektet høyrer til akkurat her. Om eg skulle definert ein fysisk stad i festivalen som punktet austafor sol og vestafor måne med all sin eventyrlege essens, så ville det vore nettopp her ved Atlanterhavstanken. Vi får eit estetisk bilete som er så vakkert som yrer av liv, i ei framsyning som handlar om død. Augneblinken blir ein polar motsetning som liknar på tanken om å vere austafor sol og vestafor måne. Høstscena byr òg på ein urpremiere. Et stykke for de levende i en døende verden kjem til scena i regi av den britiske Katie Mitchell. Framsyninga går igjennom dei fem verdshistoriske masseutryddingane. Den sjette masseutryddinga pågår no. Verket tar tak i global oppvarming med blant anna fakta om dyreartar som døyr ut i overveldande antal. Framsyninga er ein monolog med Anne Wiig i rolla som forteljaren Frida. Ikkje nok med at verket handlar om global oppvarming, men lys og lyd blir skapt gjennom elektrisk energi frå to spinningsyklar. Vi blir informert om at Frida ikkje er skodespelar, men dramaturg. Grunna ei ulukke har skodespelarane reist heim, og Frida er blitt bedd om å forklare kva som skjedde i den originale framsyninga. Eg tykkjer framsyninga brukar for mykje tid på å kome i gang når Frida forklarer kven ho er med ein nervøs energi. Denne nervøse energien er sjarmerande, men langtrukken. Når framsyninga kjem vidare, blir fokuset meir sentrert rundt tanken om at vi ikkje har lært av historia, og at den informasjonen vi sit på om global oppvarming ikkje blir tatt på alvor. Her kjem tanken om "kvilande levande" inn igjen. Samfunnet veit kva som skjer, men i staden for å prøve å ta realiteten innover oss, så står vi på stedet kvil. Frustrasjonen Wiig viser mot slutten av framsyninga resonnerer i meg, men eg skulle ønskje den brukte meir tid på å byggje opp til den augneblinken når Wiig skrik "våkne" gjentakande gongar, òg mot publikum. Her prøver scenekunsten fortvila å setje lys på eit samfunnsproblem. Mon tru om samfunnet vil respondere?

Bilde fra Et stykke for de levende i en døende verden. Foto: Erik Birkeland, Tingh

Lokale debattar

Det som slår meg med Høstscena er at festivalen jobbar hardt for å setje lys på framtidsplanane for Ålesund, spesielt politikken rundt byutvikling. Blant anna er to av programma på festivalen direkte lenka til utviklinga av Sørsida Ålesund. Den fyrste eg går på er arrangert av Ungt Entreprenørskap. Her er det ungdommar frå Ålesund som skal komme med forslag til kva som kan byggjast på sørsida. Ikkje overraskande er eit område for sosialisering høgt på prioriteringslista deira. Dette arrangementet står på programmet for Høstscena, sjølv om det er ein lokal problemstilling. Det viser ein dedikasjon til kunstmiljøet at det var ønskjeleg for Ungt Entreprenørskap å vere med i programlista. Sjølv tykte eg det var spanande å få med meg dei mange idéane til ungdommane (til dømes eit sosialt rom inne i eit drivhus), og dei gjer ei sterk sak rundt det å høyre på den yngre demografien i framtidsplanar og byutvikling. Eg drog til Teaterfabrikken, eit kjempekoseleg lokale med ein blanda atmosfære av hyttekos, brun bar og kabaret, for å få med meg endå eit lokalt innslag; debatt med tema "Hvem skal bygge Ålesund?". Diskusjonen dreier seg om korleis Ålesund skal utvikle seg som by, og det er flott at Høstscena er med på og tilrettelegg for denne diskusjonen. Men dei klarer òg å vinkle starten på debatten til ei lita oppvising. I regi av Rudolf Terland Bjørnerem får vi ei ilesesetjing av Bjørnerem sitt manus under utvikling "Byen ved havet". Det som blir prikken over i'en i dette innslaget er at dei som les rollane er menneske frå samfunnslivet, og ikkje naudsynt frå kulturlivet spesifikt. Vi har avtroppande ordførar Eva Vinje Aurdal, representant frå det inntredande kommunestyret, Hans Kjetil Knudsen, samt fleire lokale, blant anna formidlingsansvarleg for Jugendstilsenteret og ein skomakar. Her oppstår det eit punkt mellom kunst og politikk som sjeldan blir utforska, sjølv om kunst og politikk er samansveisa. Her samarbeidar kunst og samfunn i søken etter staden austafor sol og vestafor måne.

Grundig gjennomført

Festivalen har spreidd seg rundt i byrommet, blant anna ved bruk av song og poesi i ein nedlagt restaurant. Lydinstallasjonen til kunstnar Francesca Grilli, Record, plasserer publikum i fyrste etasje, og vi ser opp på songarane i andre etasje, som er blitt til ein arena for unge menneske sine tankar om å trekke seg tilbake frå det sosiale livet. Igjen kjem vi inn på "kvilande levande", og her får psykisk helse eit viktig fokus. Installasjonen set eit lys på dei negative konsekvensane av samfunnet sine forventningar til at ungdommar må hive seg uti og ta sjansar. Det heile er satt på spissen av at songarane (iført sikringsutstyr) ligg på gelender i andre etasje eller lener seg utover kantar der golvet ikkje lenger er, på vippepunktet mellom å ta sjansen eller å trekke seg tilbake. Igjen kommenterar kunsten på eit samfunnsproblem som må tas tak i, og i Ålesund sitt tilfelle kan byutviklinga vere eit startpunkt. Noko eg bit meg merke i er det sterke bandet mellom kunstnarane som har skapt dei meir performance-baserte verka, kuratorane og Forberg. Dette samarbeidet har nok satt grunnlaget for gjennomføringa av festivalen. Gjennom det varierande programmet og ulike kunstuttrykk som festivalen har hatt viser Høstscena kor samansveisa kunst og samfunn er, og blir såleis til tematikken for året.


Kritikk
Men størst av alt…

Tiårsjubileet til Teaterfestivalen i Fjaler tar for seg temaet "Kjærleik". Og det treff godt.

av Vilde Standal Bøyum
Kritikk
Følg leiaren

Ved bruk av biletlege symbol drar Zekt deg inn i eit ubehageleg, men latterframkallande virvar

av Vilde Standal Bøyum

S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no