S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Vilde Standal Bøyum – 15. september 2023

Men størst av alt…

Foto: David Zadig


Publisert
15. september 2023
Sist endret
15. september 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Teaterfestivalen i Fjaler 7.-10. september 2023


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/men-storst-av-alt
Facebook

Tiårsjubileet til Teaterfestivalen i Fjaler tar for seg temaet "Kjærleik". Og det treff godt.

Det er 10 år sidan Dale inviterte til den aller fyrste teaterfestivalen i Fjaler, men det er fyrste gong eg reiser. Frå fyrste stund er dugnadsanda tydeleg. Her er det frivillige som bidrar til både henting av ankomne og byr på husrom. Ein ting er nytt for festivalen i år: Kommunen har jobba heilt til siste dag med å ferdigstille den flunkande nye teaterscena, Samvirket scene. For to år sidan var temaet for festivalen "Tru". I fjor var temaet "Håp". Og i år, passande som det er med tanke på dei 10 åra som har gått, var temaet "Kjærleik". Festivalen, med Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund i spissen, har i år fokusert på to kunstnarar, Khaleda Froagh og Waheed Warasta. Ekteparet kom til Noreg som flyktningar frå Afghanistan i høvesvis 2022 og 2021. At desse to fekk stå i fokus gjennom festivalen via framføringar av musikk, poesi og samtalar gav temaet ein sterk, politisk ståstad som vidare vinkla korleis eg opplevde det heile. Kvar og ein av framsyningane eg såg reflekterte tilbake på kjærleik, men kjærleik er eit omfattande tema, og det kan sjåast på ulike måtar. Den delen av kjærleiken eg beit meg merke i gjennom teaterfestivalen kokte ned til respekt. Respekt er, i dette høve, eit konsept som handlar om å forstå at dine medmenneske har eigne meiningar og å vise at du ønskjer å lytte til desse andre meiningane. Det er å føle at ein blir sett av andre. Ved å sjå på respekt på denne måten blir det dermed noko som er essensielt i dei aller fleste forhold, om det er mellom kjærastar, venar, doktor og pasient eller staten og innbyggjarane. Respekten kjem fram som eit underliggande tema i mange av framsyningane, men mens eg var der tenkte eg òg på respekten som tilreisande og fastbuande får oppleve gjennom samværet og tilrettelegginga av sjølve festivalen. Dei respektlause handlingane Som ein del av dette respektomgrepet såg eg fleire framsyningar der det kom mest til syne fordi framsyninga tematiserte ein mangel på en naudsynt respekt. Til dømes i Det Andre Teatret sin produksjon Lykke til, Cathrine Frost og framsyninga Verden sa ja produsert av Unge Viken Teater får vi innblikk i korleis kjærleik ikkje fungerer dersom respekten manglar. Framfor å vise kva sunne forhold mellom medmenneske er fortalde desse framsyningane om usunne forhold som stammar frå å ikkje bli sett eller føle at andre ikkje forstår din verdi. Desse to nemnde framsyningane tok opp historiske handlingar som har ført til store samfunnsproblem.

I Lykke til, Cathrine Frost fokuserer Frost på behandlinga av kvinnekroppen i medisin, då spesielt rundt graviditet og fødsel. Eg kjenner eg blir sint på medisinsk forsking som i all tid har fokusert på anatomien til kvite menn. At til dømes kvinner som har gått over termin får eit kateter skapt for ein mann stukket opp i livmora for å prøve å setje i gong fødsel, for så å ha eit kondom teipa fast i enden av det kateteret fordi det ikkje er tett nok, er utruleg provoserande. Her er det eit forhold mellom samfunn og kvinne der kvinna ikkje blir sett. Sjølv om framsyninga i all hovudsak legg fram informasjon gjennom god, humoristisk timing kulminerer framsyninga med eit svar med to strekar under: I årtusenar har kvinner sin kropp blitt oversett til fordel for kvite menn si filosofering, og forsking har lidd av denne prioriteringa. Det er ein mangel på overføring av informasjon som går på bekostning av kvinner si fysiske og psykiske helse. Som Frost sjølv poengterer er det respektlaust å ikkje sjå på fødsel som noko eksistensielt når det er sjølve grunnen til eksistens. Verden sa ja er ei framsyning som lar born frå tre år høyre om korleis verda kom til og utviklinga frå bakteriar, dinosaur, ape og menneske, gjennom steinalderen og heilt fram til vår tid. Framsyninga viser til korleis dei i verda aldri fekk nok, og at dess meir teknologisk vi utvikla oss, dess meir trengte vi. Det er ein barneframsyning som ikkje legg skjul på naturen rundt oss, og bodskapen eg tok med meg ettersom framsyninga utvikla seg var at vi menneske tar og tar utan å respektere grenser. Og på eit tidspunkt — om vi ikkje sluttar søken etter meir — så må verda seie "nei". I vandreframsyninga, Parprosjektet av Eirik Fauske, blir vi tatt med på ei reise mellom tre forskjellige hus, og vi ser livet til eit kjærastepar som frå starten av framsyninga tydeleg ikkje er interesserte i å halde saman lenger. Her handlar det blant anna om å ikkje sjå partnaren sin. Framsyninga poengterer kor viktig det er at meininga di betyr noko i eit forhold, og at den blir lytta til. Det same med sinnsstemninga di. Å vere i eit forhold der du føler at du ikkje har noko input vil vere ein grufull situasjon som kjem til å øydelegge forholdet. I tillegg til at respektlausheit dukka opp i desse framsyningane, var det òg viktige panelsamtalar og diktopplesing på agendaen som drog fram det same. Under Afghansk te-salong fekk vi høyre på Khaleda Froagh og Waheed Warasta sine dikt som blant anna fortel om regimet til Taliban i Afghanistan og korleis det er å prøve å skape ein ny heim. Dei seier det så sårt og fint, at vi ikkje er fuglar som bygger eit reir på kort tid, men at det tar lang tid å finne ein stad som kjennast som heime. Dikta deira tar opp kultur, der Warasta har eit dikt med setninga "Lest they sell you to the British Museum", og poengterer korleis den vestlege verda forsyner seg med kulturarv som dei vil utan omsyn. Froagh forklarer korleis det har vore sidan Taliban tok makta for andre gong. På tidspunktet Froagh forlot landet var det omtrent ikkje mogleg for kvinner å bevege seg ut av heimen sin. Der det før hadde vore parkar der berre kvinner kunne gå, var det no avstengde områder. Rettane til kvinner har forsvunnet.

Bilde fra Afghansk tesalong. Foto: David Zadig

Festivalen si respektfulle ande Men respekten ein bør finne i kjærleik var ikkje berre fråverande i framsyningane. Varm melk med honning av Maiken Schjøll Frisch og Kristi-Helene Engeberg og Mor av en nasjon av Nosizwe Baqwa er solide dømer på dette. Her er kjærleiken framstilt på to forskjellege måtar, den eine ein sterk kjærleik mellom kjærastar som varer livet ut, den andre ein djup kjærleik frå datter til mor. I den førstnemnde blir forholdet satt på prøve med nokre opp- og nedturar, men dei kjem gjennom det og held saman heilt til det siste. Baqwa fortel om kulturforskjellar som hennar mor måtte finne ein balansegang i, og framsyninga blir ein hyllast til arbeidet ho har lagt ned i familien for at nye generasjonar skal kunne vakse opp under betre og tryggare forhold. I samarbeid med BIT Teatergarasjen — som for øvrig har 25års jubileum i år — set Teaterfestivalen i Fjaler ihop Prøverommet goes Fjaler. Prøverommet er eit konsept frå BIT Teatergarasjen som fokuserer på å gi rom for at kunstnarar kan teste ut nytt materiale, i Fjaler skjer det på den intime Kaféscena Samvirket. Denne kvelden gjer at det ikkje er gjennom innhaldet i scenekunsten at hovudtemaet kjærleik kjem fram, men det kjem av at festivalen sjølv løftar det fram. Festivalen fokuserer ikkje berre på å hente inn dei prisvinnande framsyningane (som Varm melk med honning og Mor av en nasjon), men har òg fokus på ny scenekunst. Festivalen ser kunstnarar med eit ønskje om å arbeide med og teste ut scenekunsten sin foran eit publikum, og gir dei denne staden. Prøverommet goes Fjaler er eit konsept eg håpar festivalen held fram med å tilby både publikum og ny scenekunst.

Bilde fra Prøverommet goes Fjaler. Foto: David Zadig

Det er ikkje berre scenekunstnarane festivalen ser og tar omsyn til, men òg publikum. Til dømes tar dei gode avgjerslar gjennom val av lokale. Når folkesongar Unni Løvlid med fleire byr opp til voggesong på tvers av kulturar gjennom Radio Fjaler: Den Fyrste Song, tar dette sted på Fjaler sjukeheim. Som det blir nemnd i forteljinga om voggesongar i framsyninga er dette musikk som det er vanskeleg å spore opphav til, og som gjerne har liknande tonar og melodiar på kryss av kulturar. Ved å halde denne framsyninga på sjukeheimen viser festivalen respekt til ein eldre generasjonen som har ført desse songane vidare frå sine foreldre og besteforeldre, då spesielt med tanke på å enkelt tilretteleggje for oppmøte. Det er ein koseleg og nostalgisk opptreden der alle blir oppfordra og fleire av oss syng med til songar vi sjølv hugsar frå barndomen. Måtte det bli fleire jubileum Festivalen i Fjaler har bydd på fantastiske framsyningar, flotte innslag, kloke panelsamtalar og —ikkje minst— dugnadsande. Kjærleikstemaet har kome tydeleg fram gjennom heile festivalen, sjølv i framsyningar der poenget var at kjærleiken var fråverande. Den har vore tydeleg i arbeidet som er gjort i førebuinga av og under festivalen. Med ein stor variasjon i tilbodet har dei sørga for ein festival som treff registeret av kjensler på ulike plan, sjølv om temaet er det same. Dei viktige panelsamtalane som tar for seg situasjonen i verda, deriblant Afghanistan og Taliban sitt regime, oppfordar til nestekjærleik, samt refleksjon rundt kva kunsten kan gjere for å formidle kjenslene av undertrykking. Tilrettelegging for publikum med tanke på framsyning, som Radio Fjaler: Den fyrste song viser kor viktig samfunnet er for teaterfestivalen, og det gjelder òg konseptet Prøverommet goes Fjaler. Det er så viktig å hjelpe både publikum og scenekunstnarar på vegen til eit ferdigstilt scenekunstverk som ein kan nyte og vere stolt over. Men innhaldet i framsyningane skal heller ikkje oversjåast. Her har festivalen invitert scenekunst som bidrar til å forstå og kjenne på kva sunn kjærleik er, eller ikkje er. Det har passa bra med temaet, sjølv om kjærleiken ikkje blir framstilt på same måte. Vi har kjærleik som varer (Varm melk med honning), kjærleik mellom mor og datter (Mor av en nasjon) og kjærleik til jorda vår (Verden sa ja). Det er så mykje å lære her, for menneske i alle aldre, og festivalen har gjort eit godt val i å representere så mange spekter.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no