S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Vilde Standal Bøyum – 29. september 2023

Følg leiaren

Lys: Ane Reiersen. Scenografi: Olav Ryland Myrtvedt. Kostyme: Siri Hjorth. Foto: Sveinn Fannar Jóhannsson.


Publisert
29. september 2023
Sist endret
29. september 2023
Tekst av

Kritikk Teater Dans

Zekt

av Henriette Pedersen / Nartmanstiftelsen

24. september 2023 (premiere 21. september)

Black Box teater, store scene

Regi/koreografi: Henriette Pedersen

Dramatiker: Pernille Mercury Lindstad

Utøvere: Håkon Mathias Vassvik, Josephine Kylén Collins, Lærke Grøntved

Lys: Ane Reiersen

Lyd: Vilde Ilkama Nupen

Scenograf: Olav Ryland Myrtvedt

Kostyme: Siri Hjorth

Dramaturg: Oda Radoor


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/folg-leiaren
Facebook

Ved bruk av biletlege symbol drar Zekt deg inn i eit ubehageleg, men latterframkallande virvar

Zekt er ei framsyning om å følgje straumen, regissert og koreografert av Henriette Pedersen og skrive av Pernille Mercury Lindstad. Når publikum set seg i salen, ligg røyken så tjukk at eg ikkje kan sjå korleis scena ser ut, til trass for at lyset skin ned på amfiet. Det er som å stirre inn i eit mørkt tomrom. Lyset kjem på i form av ein spot på høgre sida av scena, og vi får sjå scenografien til Olav Ryland Myrtvedt. Den er enkel, med ein lang, blå løpar som strekk seg på tvers over scenerommet. Denne løparen blir brukt på måtar som arbeider i lag med koreografien og strukturen i framsyninga, noko eg kjem tilbake til.

Koreografert rang

Vi blir introdusert for to menneske med griseøyrer på hovudet, iført kostymer inspirert av mellomalderen. Den eine «grisen», Josephine Kylén Collins, er ikledd ein brun vest og inntilsittande bukser med to ulike fargar og ender i sleng frå knea. Den andre «grisen», Håkon Mathias Vassvik, er kledd i ei sølvjakke og kvite tights. Sidan dukkar ei mus opp (Lærke Grøntved) i tights og ein kvit body med lange tråar hengande frå skrittet. Kostyma av Siri Hjorth står i god stil med den blå løparen, då kleda ser ut som dei er frå eit mellomaldersk hoff. At løparen er blå, byggjar vidare på inntrykket av noko staseleg, fordi det gir assosiasjonar til «blått blod». Collins sine bukser er bulande i skrittet, som ho tidleg informerer oss er ballane hennar, for «dei må jo ha plass». Vassvik byrjar med å følgje rørslene til Collins. Etterkvart kjem musa (Grøntved) inn på scena som igjen prøver å bli ein del av rørslene Collins har starta, med mindre suksess enn Vassvik, men denne miminga av kvarandre utviklar tanken min om at her følgjer dei ein leiar og gir seg hen til leiaren sine handlingar. Med denne bakgrunnen ser eg musa som eit nytt medlem i «zekta».

Gjennom dette opptrinnet får vi sjå dei tre karakterane i fleire ubehagelege situasjonar. Mange av dei er latterframkallande, medan nokre tørkar gliset av fjeset. For å starte med det meir keitete som ein ler av, er det ei scene der Grøntved «fingrar» Collins (at Grøntved som mus er den som fingrar er morosamt i seg sjølv), medan Collins uttalar at musa «skriv i deira indre». Det er tydeleg frå uttrykka til Grøntved og utsegna frå Collins at her fortel sistnemnde korleis musa skal oppføre seg for å best tene «zekta». Musa blir gira på å lære og arbeidar iherdig vidare. Når Collins når klimaks, brekar ho som ein sau, som eit bilete på at dei er flokkdyr. Andre artige sekvensar dukkar opp i plutselege replikkar som ikkje har noko med koreografien å gjere, til dømes bryt Vassvik ut med «jeg leser bedre på morningen» etter ein heller alvorleg scene med dramatisk lys og lydar av toreskrall. Det er derimot ikkje morosamt når Vassvik blir valdteken av Grøntved, men det er eit tydeleg bilete på misbruk av makt for eigen gevinst.

Kom og bli manipulert

I løpet av dei fyrste minuttane byrjar aktørane på scena å synge og får publikum til å repetere etterkvart. Allereie her tvinger framsyninga folk til å bli med i ei rørsle som vi ikkje enno forstår. Koreografi og lydar frå aktørane skapar ein rytme i framsyninga som sug publikum inn i handlinga. Denne rytmen blir ein form for manipulasjon, og eg opplev dette som eit verktøy for å verve publikum inn i «zekta». Replikkane er derimot ikkje ord som vervar, men skildrar heller karakterane og leiarane av sekta. Dei står fram som maktmisbrukarar, og snakkar i tunger eller seier at dei får besøk i kroppen av utanomjordiske fenomen. Her viser framsyninga til ein meir tradisjonell tanke om kva ei sekt er, men flyten som ligg til grunn i produksjonen lokkar med seg publikum gjennom aktørane sin karisma og hintar om at samfunnet vi lev i er ei sekt i seg sjølv.

Dette er ikkje ei framsyning som poengterer kvifor menneske blir med i sekter, men heller viser oss kor enkelt det er å bli underhaldt av karisma. Karakterane på scena er så blide og innbydande at sjølv om dei oppfører seg perverst og fælt, så likar vi dei. Dei får oss til å le gjennom vilt ukomfortable scener. Kanskje dette er fordi vi føler oss trygge på at dei ikkje skal verve oss i publikum til noko, så då slappar vi såpass av i salen at vi ikkje legg merke til at vi blir rive med i dei ulike augneblinka som utfoldar seg på scena.

Zekt er ein kaotisk og humoristisk masse av koreografi, replikkar og det eg vil kalle «frysbilete», ikkje eit overraskande tilfelle når Henriette Pedersen utviklar kunst tverrfagleg gjennom nettopp teater, dans og biletkunst. Gjennom framsyninga får vi mange augneblink der aktørane saknar farta og stoppar i rørslene sine, og det er dette eg meiner når eg seier frysbilete. På nokre vis minner desse sceniske bileta meg om leik frå scenekunstutdanningar der ein får eit ord og saman skal skape eit bilete gjennom kroppar. Her kjem desse augneblinka sjølvsagt fram på eit anna nivå gjennom koreografien som glir inn i frysbileta. Aktørane utnyttar situasjonane til å stirre på publikum og dei flørtar mykje med oss, uavhengig av kor perverse bileta er. Dette er ein oppsetjing der den fjerde veggen aldri er til stades, og aktørane vender seg i all hovudsak til publikum. På denne måten blir vi vidare dratt inn i flaumen.

Kontinuitet

Det er nokre val som eg blir usikker på gjennom framsyninga, og som gjer poenget utydeleg. Blant anna startar aktørane med å uttale ulike ord som byrjar på «s» med stemt «s». Dette går eg utifrå at kjem frå tittelen på verket, men det er inkonsekvent kva ord dei gjer dette på, og når dei har sagt «zaken» så seier dei seinare ordet uttalt med «s». Det er òg ein endring i maktbalansen mellom desse tre aktørane. Frå starten verkar rolla til Collins som den mektigaste, medan Vassvik gjer sitt beste for å følgje rørslene hennar. Når Grøntved dukkar opp på scena, verkar ho som den som står lågast i hierarkiet, men når ho seinare valdtar Vassvik, snur balansen om. Andre gongar er det Vassvik si rolle som har mest makt på scena. Desse endringane i makt gjer meg berre forvirra, og eg forstår ikkje kva det er produksjonen ønskjer å oppnå med dei. Eg meiner det då hadde vore ein tydlegare symbolisme i augneblinken når Vassvik viser ei rekke av patter som Collins og Grøntved straks diar på. Hadde Vassvik tydleg vore på botnen av hierarkiet, ville dette enklare symbolisere misbruket av tilhengarar, både i samfunn og «zekter».

Eg vil til slutt tilbake til den blå løparen, for det var ein ting eg tykte var artig med måten dei brukte reisa gjennom framsyninga på. I byrjinga av Zekt starta dei på den høgre sida av scena, og dess lenger uti verket dei kom, dess nærare gjekk dei over mot venstre side, og dei gjekk aldri tilbake til tidlegare områder. Kvifor dei valde å gjere nettopp dette kan ein spekulere i, men løparar er gjerne lagt ned på bakken for å føre deg til ein bestemt stad. Dermed kan dette ha vore eit symbol for det å blindt følgje eit spor utan tanke.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no