S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus
Kritikk
Så teater, kvar vart det av deg i alt mylderet?

For ein kunstinstitusjon som BIT Teatergarasjen kan det vere uheldig å vatne ut teateromgrepet på ein så viktig arena som Meteor.

av Frøydis Århus
Kritikk
Teateropplevingar som omsluttar oss

Feil Teater kunne ha heve ambisjonsnivået, men dei utforskar på fint vis korleis ein kan lage omsluttande teater for born, og det håpar eg dei vil gjere meir av.

av Frøydis Århus
Kritikk
Kreativt friminutt

Tigerbussen har et teater i magen kjennes som eit kreativt friminutt, og eg trur barna får minner dei vil hugse i lang lang tid.

av Frøydis Århus
Kritikk
Rettssaka mot Gregers Werle

Teatersjef Thomas Bye skriv i introduksjonen i publikumsprogrammet om sin fascinasjon for rettssystemet på teaterscena. Dette er ein fascinasjon eg deler, og difor ser eg fram til å oppleve Vildanden i ein omskriven versjon som rettssak.

av Frøydis Århus
Kritikk
Til halsen i sand og kjærleik

Lykkedager er ei tradisjonell framsyning som får fram det særeigne med Beckett si dikting.

av Frøydis Århus
Kritikk
Velmeinande og sympatisk, men ganske trygt

Teater og musikk vert kombinert i ei framsyning som ikkje heilt kan kallast konsert, men heller ikkje teater.

av Frøydis Århus
Kritikk
Historietime for framtida

Olbmot/Folk handlar om rasediskrimineringa av samar, men tar ikkje tilstrekkeleg innover seg kva historia kan seie oss om situasjonen i dag.

av Frøydis Århus
Kritikk
Vemodig og vakkert om oppvekst i distriktet

Oppsettinga av Vaffelhjarte på Riksteatret skildrar eit varmt venskap i eit ruralt miljø. Framsyninga veks på meg etter at eg så ho, ikkje minst på grunn av framstillinga av borna.

av Frøydis Århus
Kritikk
Sturm und Drang med våpen og tvang

Psykt blod finn sin styrke i skodespelarene, men teksten kunne vore stramma nokre hakk.

av Frøydis Århus
Kritikk
Tungrodd Tsjekhov

Johannes Holmen Dahl si oppsetjing av Kirsebærhagen av Anton Tsjekhov tek modige val, men til slutt blir det for mange barrierar.

av Frøydis Århus
Kritikk
Vellukka villand

Hos Ibsen er Hedvig er ein isolert tenåring det ikkje er lett for unge menneske å identifisere seg med, men i regien til Lars Erik Holter står ho fram som mindre sær uten at det rokkar ved omsorgssvikta og dens konsekvensar.

av Frøydis Århus
Kritikk
Skam deg, unge!

Med vakker romantisk scenografi og ljos er scenen på Det Norsket Teatret levande i Vårløysing, og eg håpar framsyninga også vil nå ungdommane. Det er dei det gjeld.

av Frøydis Århus
Kritikk
Kosteleg kostymedrama

For dei anglofile med kjærleik til teatret er Forelska i Shakespeare ei gåvepakke, men regien og ensemblespelet kunne vore strammare.

av Frøydis Århus
Kritikk
Grandios sjokoladefest

På Det Norske Teatret har Charlie og sjokoladefabrikken blitt ein stor sjokoladefest, og dei klarar noko som mange andre teatre ikkje gjer: Å lage teater av ein klassikar for barn utan å stappe det fullt av moral.

av Frøydis Århus
Kritikk
Ingen gærning er for gæren for å danse

Indigo Englehår er ikkje teater, ikkje poesi, ikkje konsert, men noko midt mellom. Det er heller ikkje ein utprega musikal. Til det er narrativet for sprikande og forma for eksperimentell.

av Frøydis Århus
Kritikk
Geopolitikk rundt middagsbordet

Krenket utspelar seg på Manhattan, men det betyr ikkje at framsyninga ikkje kan fortelje oss noko om Noreg i dag.

av Frøydis Århus
Kritikk
Open Tsjekhov

Hanne Tømta opnar Måken av Anton Tsjekhov og frigjer humorpotensialet i teksten.

av Frøydis Århus
Kritikk
Filosofisk og finstemt figurteater

Rikke-Petrikke og ramperommet er teater som gjev barna noko å tenkje på samtidig som det er veldig gøy. Eller gø-hø-høy.

av Frøydis Århus
Kritikk
Feil tittel, fint teater

Feil teater har laga ei fin framsyning med gode historier som kunne vore strammare. Den er ikkje så overflatisk som tittelen kunne tilseie.

av Frøydis Århus
Kritikk
Sex i rokokkostil

I skodespelarfoajeen på Centralteatret utspel det seg eit barokk kammerdrama med leik, lyst og begjær, med dauden til følgje. Det er blitt ei vellukka framsyning som maksimerer det teatrale potensialet i teksten.

av Frøydis Århus

S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no