S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 6. november 2023

Så teater, kvar vart det av deg i alt mylderet?

Bilde fra OVER ÆVNE av Signe Becker på Bergen Kjøtt. Foto: Signe Becker


Publisert
6. november 2023
Sist endret
7. november 2023
Tekst av

Kritikk Teater

METEOR 2023 Internasjonal teaterfestival 18.-28.oktober

På ulike spillesteder i Bergen.


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/sa-teater-kvar-vart-det-av-deg-i-alt-mylderet
Facebook

(Ingen innlegg)

For ein kunstinstitusjon som BIT Teatergarasjen kan det vere uheldig å vatne ut teateromgrepet på ein så viktig arena som Meteor.

Meteor er BIT Teatergarasjen sin internasjonalt orienterte teaterfestival som alternerer med dansefestivalen Oktoberdans. Med Tang Fu Kuen som ny teatersjef om bord er det naturleg å forvente ny kurs og kanskje også ein tydeleg raud tråd. Kva det skulle vere, eller kva medkuratorane hans Ingrid Ellestad og Kristina Melbø Valvik vil formidle, er ikkje heilt lett å få grep om. Festivalen inneheld dessutan overraskande mange danseframsyningar. Er BIT Teatergarasjen i ferd med å etablere to festivalar med hovudvekt på dans?

Spørsmål kring autentisitet, vårriter blant kriblande insekt, menneskeleg råskap og den relasjonelle estetikken som har heimsøkt vårt felt.

Eg har sett eit utval av fem framsyningar fordelt over tre dagar i festivalen, opningsdagen, mandag i festivalveka og avslutninga på laurdagen. Eg starta med Signe Becker sitt innstallasjonsverk OVER ÆVNE, held fram med koreograf Elina Pirinen og Mortal Tropical Dances, Kate McIntosh og hennar relasjonelle kunsthending Lake Life via det italienske dansekompaniet Dewey Dell og framsyninga Le Sacre du Printemps, til Nicola Gunn sitt innstallasjonsprega høyrespel The Interpreters.

OVER ÆVNE av Signe Becker fann stad på Bergen kjøtt dei fire fyrste dagane av festivalen og er ein innstallasjon/performance der fem teatermålarar jobbar med å måle tre av Becker sine motiv i storformat på golvet. Me vert møtt av Cynthia, ei eldgamal kvinne for høvet manifestert av ein maskekledd Espen Klouman Høiner. Cynthia er vertinne for tilskodarane, ho forklarar, deler informasjon og er tilgjengeleg for spørsmål. Hennar nærvær gjer rommet til teater, men det heile kjennest raust og imøtekomande i ein situasjon som lett kunne vorte framandgjerande og redusert oss til kun tilskodarar. I staden får ein som publikum koma fysisk inni verket i tillegg til å verte ein del av refleksjonen kring verket. Signe Becker og produsent Ingeborg Husbyn Aarsand er også til stades i rommet og er tilgjengelege for oss som er innom. Det er noko vakkert og grunnleggjande rettferdig med å synleggjere handverket til teatermålarane på denne måten som Becker gjer her. Dei skapar gjerne store deler av det visuelle, men når aldri ei krediteringsliste. Virket deira inneber ein nesten økonomisk uansvarleg, forelda og avleggs form for tidsbruk. Her vert skugge for skugge lagt med meterlange skaft med målarkostar festa til. Målarane står med eit A4-ark med motivet i hendene medan dei siktar inn neste strek. Verket reiser spørsmål kring åndsverk, handverk, versus verk, kunstnaren som oppdragsgjevar og/eller kunstens opphavsperson. Det er storslege, rått og ekte å sjå dei enorme måleria verta skapt i sanntid. OVER ÆVNE er eit friskt pust i festivalprogrammet i både sjanger, innhald og form. Elina Pirinen rokka ved grunnvollane eg stod på då eg såg Personal Symphonic Moment på Black Box teater i 2016. Der dissekerte ho Leningradssymfonien til Sjostakovitsj. Det var tre dansarar, pastellfarga måling, banalitetar, idioti og ein hundekvalp som eg sjølv hadde fått i oppdrag å skaffe til vegs i kraft av mi dåverande stilling som produsent. Eg hugsar råskapen, dårskapen og det at dansekunsten som alltid var så vakker, slank og sober kunne tillate seg å være så primitiv. Eg har sidan den tid ikkje hatt gleda av å oppleve Pirinen sine arbeid, men eg kjenner umiddelbart igjen råskapen og maksimalismen i Mortal Tropical Dances. Der ho sist jobba med Sjostakovitsj sin Leningradsymfoni har ho denne gongen invitert inn komponist og musikar Ville Kabrell som har komponert all musikken, med unntak av eit utdrag frå verket Beata Viscera av den franske komponisten Pérotin (frå ca.1220). Musikken er med andre ord svært sentral og ikkje minst live-framført saman med sju dansar og eit kor. Dette er dansekunst på sitt mest verknadsfulle. Framsyninga har fått 16-års aldersgrense utan at eg heilt skjønar kvifor, for om det er noko som ville fått ein tenåring til å kjøpe 40-kronersbillettar til BIT sine framsyningar så er det truleg råskapen og gi-faen-attituden til Pirinen. Vidare i festivalen var eg ein del av Kate McIntosh og hennar verk Lake Life. Katalogen skriv om eit underleg univers der vi skal finne fram til nye måtar å vere saman med andre menneske på. Eg kjøpte nok aldri det premisset. Vi vart utstyrt med ein høgtalar på skuldra og sendt inn i eit scenerom skapt av Nadia Lauro. Visningsrommet på USF var dekt av eit surrealistisk fargerikt teppe. Vi vart gitt oppgåver som skulle utførast reint fysisk eller på samtalenivå saman med dei andre tilskodarane. Rommet klarte ikkje å skape den magien som forteljarstemma lova, og den påtvungne interaksjonen med andre publikummarar opplevdes for min del ganske intens fordi det ikkje fans moglegheiter for ikkje å delta. Er du i rommet til Lake Life vert du uansett tvinga inn i verket, både fysisk og verbalt. Mot slutten vart me gitt ein gul lapp: «Choose one thing that you most passionately want to become». Eg var på nippet til å skrive «mindre kynisk» på denne, men tok meg i det. Lake Life står for meg som lettvint, tomt og noko av det mest personleg invaderande eg har vore med på i eit scenerom. Det italienske dansekompaniet Dewey Dell og framsyninga Le Sacre du Printemps eller Vårofferet av Igor Stravinskij er det næraste eg med mitt utval i festivalen kjem eit klassisk formspråk innan dansen, og då særleg balletten. Søskenflokken på tre som utgjer den kunstnarlege kjernen i Dewey Dell er barn av den meir kjende og smått legendariske teaterskaparen Romeo Castellucci. Namnet Dewey Dell har dei teke frå romanen As I Lay Dying av William Faulkner. Der er Dewey Dell namnet på ei fåmælt jente som nesten berre kommuniserer gjennom blikket. Koreograf Teodora Castellucci har saman med dei fire andre dansarane (ho er sjølv den femte) skapt ei djupt fascinerande dykk ned i insektverda der vi vert presentert for vårens mange mekanismar i form av nytt liv, formeiring, paring og maktkamp. Med bror Demetero Castelucci på lydarbeid snakkar denne framsyninga til oss på mange sansenivå. Alt frå knaskinga frå tyggande larvar til krafselyden frå ledda edderkopp-bein vert så verkeleg for publikum at sidemannen trekte gensarhalsen godt opp over auga for å unngå å ta det inn. Sist ut på programmet for min del, var Nicola Gunn sitt verk The Interpreters som tidlegare har vore omtala her gjennom Eline Bjerkan sin kritikk 25. oktober 2022. Eg slit litt med å kategorisere dette verket. Det er eit høyrespel, men rommet me sit i er nøye utforma og vektlagt i opplevinga, slik at det også gjer oss til del av ein installasjon som går frå å vere lyd i mørket til lyd i eit ljossett rom. Eg vert aldri heilt klok på kva rommet skal tilføre teksten og omvendt, eller om det i det heile er ei kopling der. Eg skal ikkje gå vidare inn på detaljane i utføringa då framsyninga alt er omtalt, men eg sit att med eit inntrykk av at både teksten, rommet, idéen og gjennomføringa har noko uforløyst ved seg. Tematikken krinsar rundt autentisitet og omsetting, ikkje ulikt Signe Becker sin OVER ÆVNE, berre med litteratur og språk som utgangspunkt. Skilnaden er at der Becker klarar å peike på det heilt konkrete ved å framstille teatermålaren i aksjon side om side med seg sjølv, kunstens avsendar og opphavsperson, vert Nicola Gunn for flyktig og vag til at poenget kjem til overflata.

Overvekt av dans

Overraskande mange av framsyningane i årets Meteorfestival er dans. Eg tel 19 framsyningar. 11 av desse vert omtala som dans, er skapt av koreografar eller spring ut frå ein koreografisk praksis. Ettersom festivalen er ein del av APAP-nettverket sitt systerskap av festivalar under tittelen Feminist Futures er det klart at kvinnelege kunstnarskap skal ha ein sentral plass. Var det med dette premisset ikkje mogleg å finne fram til 19 scenekunsproduksjonar som er meir naturleg å karakterisere som teater enn dans?

Det kjennest unekteleg konservativt å hevde at BIT Teatergarasjen bør halde fast på biennaleformatet der dei i grove trekk skil mellom samtidskunst innan dans og teater, men for ein kunstinstitusjon som BIT Teatergarasjen kan det kan vere uheldig å vatne ut teateromgrepet på ein så viktig arena som Meteorfestivalen. I alle fall når det er ei eiga ramme for dansen gjennom neste års Oktoberdans, samt det nære samarbeidet med Carte Blanche og gjennom den parten av danseframsyningar som har ein naturleg plass i årshjulet til teaterprogrammet til BIT. Meteorfestivalen har vore eit utstillingsvindauge for den norske scenekunsten mot utanlandske samarbeidspartnarar, institusjonar og kuratorar. Utvekslinga har under åra med Sven Åge Birkeland som teatersjef henta dei djervaste og mest nyskapande kunstnarskapa heim til vesle Bergen. Dette har leidd til eit jamnt tilfang av nysgjerrige tilskodarar, ein publikumsmasse som BIT har bygd opp sidan oppstarten i 1983/84 og som dei som kunstinstitusjon må halde fram med å bygge.

Eit viktig grep som er tatt for å halde fram med å bygge publikum er den nye prisstrategien til BIT der ein betalar etter evne. Billettane startar på 40 kroner og det er ikkje lagt noko form for føringar når det gjeld kven som kan kjøpa desse billettane. Dette kan opne BIT-programmet for eit yngre og mindre kjøpesterkt publikum, men det kan også ha ein annan positiv effekt gjennom å lokke eit mindre risikovillig publikum inn i salane og bygge tillit frå publikumshald til programmeringa.

Net-twerking. Organisatorisk rumperisting i jakta på EU-midlane.

Med fare for å framstå ytterlegare konservativ og reaksjonær er eg også redd for at medlemskapene i europeiske alliansar som tidlegare nemnde apap (advancing performing arts project) leier til ein meir bunden og meir ufri kuratering. Fire av framsyningane i festivalen er ein del av apap. Det er eit faktum at alliansane i nettverket gjer det naturleg å ta inn desse fire framsyningane framfor fire andre, noko som gjer at fire andre framsyningar ikkje får plass i det gode selskap. BIT Teatergarasjen dannar saman med ti andre kulturinstitusjonar i Europa eit nettverk av spelestader, residensar og samprodusentar innan apap. Undertittelen på Meteorfestivalen Feminist Futures spring ut frå nettopp apap-nettverket og tek sikte på fylgjande: «iverksette drastiske sosiale endringer gjennom kunst. Hovedmålet med prosjektet er å imøtekomme ulikhet i samtidens scenekunst ved å bruke tenkning fra interseksjonell feminisme for å finne konkrete strukturelle svar og øke offentlig bevissthet omkring denne tematikken». I skrivande stund pågår ein Feminist futures-festival i Beograd (Kondens festival of contemporary dance and perfromance) og seinare i november kjem Reykjavik Dance Festival, som også er del av Feminist Futures. Eg forstår at det er både økonomisk tenleg og kompetansehevande for produksjonsapparatet og administrasjonen å vere del av eit slikt nettverk, men eg ser ikkje korleis det kan tene verken den frie kuratoren eller den frie kunstnaren. Og då heller ikkje oss i publikum i siste instans. Eg ser heller ikkje korleis medlemskap i apap kan gi konkrete strukturelle svar på korleis ein møter ulikskap i scenekunsten i samtida. Såleis framstår desse alliansane i sin mest primitive form som organisatorisk rumperisting på jakt etter EU-midlar.

Kva har de på hjartet, BIT?

Med unntak av opningsteksten der alle tre kuratorane står som avsendar grip ikkje Tang Fu Kuen sjansen til å snakke direkte til oss. Vi vil gjerne verte kjend med den nye teatersjefen og vite kva han står for, men det er vanskeleg å få tak i ein tydeleg raud tråd i kurateringa utanom det som ligg nedfelt i Feminist Futures. Det vert som i alle andre scenekunstfestivalar satsa tungt på kontekstprogram som samtalar, kunstnarmøter, kritikarsamtalar og verkstader. Dette er ein tendens hjå mange av scenekunstinstitusjonene, enten det gjeld sesongprogrammet eller festivalprogram. Kvar dette kravet om kontekstualiserande programpostar kjem frå veit eg ikkje, men det verkar å vere ein praksis som har etablert seg og auka i omfang i løpet av berre dei 10 åra eg har vore del av scenekunstfeltet. Det vert til tider for mykje av det gode, og eg ynskjer meg ofte attende til eit meir reindyrka kunstprogram.

Framsyningane er ei blanding av gjestespel, samproduksjonar, arbeid under utvikling og etablerte verk som er spreidd rundt på Bergen Kjøtt, Cornerteateret, USF Verftet, Studio Bergen, samt Landmark og Østre. Dette nomadiske formatet bidreg positivt til å forankre festivalen i byen, men det kjennes også heseblesande å farte mellom Bergen Kjøtt og Studio Bergen for å få med seg framsyningane. Eg håpar at den nye heimen på Sentralbadet i 2024 vil gi eit tydelegare tyngdepunkt for festivalen der ein kan sjå framsyningar fyrst og henge i etterkant på ein og same stad. Så håpar eg at det i framtida kjem ein tydelegare tanke om kva BIT har på hjartet gjennom kurateringa, og at ein i større grad gjev plass til det som ikkje lett kan kategoriserast som dans. Det andre, som vi i mangel på eit betre omgrep, gjerne kallar teater.


Kritikk
Det mest samtidige sted på jorden 10 dager i oktober

METEORFESTIVALEN: BIT Teatergarasjen bruker store ord om sin egen festival. Det har de grunn til, skriver Chris Erichsen.

av Chris Erichsen
Kritikk
Liten, stort tenkt festival

– Teaterfestivalen Meteor i Bergen har noe omfavnende ved seg som gir følelsen av at den inkluderer hele byen, og noe stort tenkt ved seg som gir følelsen av at den er, nettopp, stor. Men finaleforestillingen “White Beauty” mestret ikke utfordringen den hadde gitt seg selv, mener Chris Erichsen.

av Chris Erichsen

S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no