S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 17. februar 2020

Velmeinande og sympatisk, men ganske trygt

Foto: Øyvind Eide. Regissør og scenograf: Anders T. Andersen. Lysdesign: Øyvind Wangensteen. Kostyme: Mette Welle Jacobsen


Publisert
17. februar 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Menneske, kjære menneske

Nationaltheatret, premiere 15. februar 2020

Med dikt av: Nils-Øyvind Haagensen Musikk av: Erlend Ropstad Regissør og scenograf: Anders T. Andersen Lysdesign: Øyvind Wangensteen Kostyme: Mette Welle Jacobsen Maskør: Eva Sharp Dramaturg: Rania Broud

Med: Andrine Sæther, Trond Espen Seim, Liv Bernhoft Osa, Erland Bakker, Erlend Ropstad


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/velmeinande-og-sympatisk-men-ganske-trygt/
Facebook

Teater og musikk vert kombinert i ei framsyning som ikkje heilt kan kallast konsert, men heller ikkje teater.

Regissør Anders T. Andersen har saman med forfattar Nils-Øivind Haagensen og musiker Erlend Ropstad laga ein hybrid mellom poesikveld, konsert og teaterframsyning. Spørsmålet vert såleis, korleis fungerer dei tre kunstuttrykka saman?

Nils-Øivind Haagensen debuterte som forfattar i 1998 med diktsamlinga Hender og hukommelse. Sidan den tid har han skrive både dikt og romanar, vore journalist i Klassekampen og starta Flamme Forlag saman med kulturredaktør i Klassekampen, Bendik Wold. Han har fått Sult-prisen og vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris. I framsyninga Menneske, kjære menneske har regissør Anders T. Andersen dramatisert utvalde dikt frå den nyaste diktsamlinga til Haagensen, De uregjerlige, som kom i byrjinga av februar 2020. Diktsamlinga startar med diktet Takketale. Dette diktet er datert 12.9.2017, altså dagen etter stortingsvalet i 2017, som resulterte i at Solbergregjeringa vart valt for sin andre periode.

Diktet ber i seg ein tydeleg frustrasjon over den utviklinga forfattaren ser i klimapolitikken, bistanden, integreringa og den generelle infrastrukturen i Noreg. «takk for skammen knyttet til stønad /takk for nedbygginga av psykisk helsetilbud /takk for at vi heller /får mestre /våre egne liv» skriv han i diktet. Alle dikta vert delt opp, og linjene vert fordelt mellom skodespelarane Andrine Sæther, Trond Espen Seim, Liv Bernhoft Osa og Erland Bakker. Det gjer at linjene får ulik klangbotn ut frå kven som les. Andrine Sæther til dømes, er nesten litt streng i si framføring, medan Erland Bakker representerer ein mildare stemme. Regigrepet fungerer godt, og gjer framsyninga mindre statisk enn den hadde vore dersom kvart enkelt dikt vart lest frå start til slutt av ein skodespelar.

Sjangerbastard Eg opplever at Anders T. Andersen i denne framsyninga har hatt som mål å sidestille musikken og lyrikken. I kva grad dette faktisk er sidestilt kjem truleg an på den som sit i salen. Eg som teaterskribent ser framsyninga gjennom eitt par teaterbriller som eg har vanskeleg for å kvitte meg med, sjølv om eg gjerne ville. No veit eg ikkje om det også var musikkskribentar til stades, men det burde det kanskje ha vore. Lite hjelper det at Nationaltheatret er villig til å blande uttrykk i programmet dersom kulturjournalistane heng att i gamle mønster. For potensielle publikumarar som oppsøkjer kritikkane på trykk hadde det vore vel så interessant å lese ein omtale av Menneske, kjære menneske frå eit musikkfagleg perspektiv som det vil vere å lese min. Eigentleg tyder vel berre dette at framsyninga ikkje let seg putte i bås, og kanskje bør få lov til å vere ein sjangerbastard.

Erlend Ropstad er visesongar, rockemusikar og filmkomponist. Han har vore nominert til Spellemannprisen fleire gongar, sist i 2019 i kategorien rock med albumet Brenn siste brevet som mellom anna inneheld låtane Lenge Lenge Lenge, Menneske, Kjære Menneske, Vi Er De Siste, Natta Som Er Over Nå og tittelsporet Brenn Siste Brevet. Desse fem låtane samt fem andre frå albumet Alt som har hendt frå 2017 utgjer låtmaterialet i framsyninga. Ropstad er einaste musikar på scenen, og har berre med seg piano og ein halvakustisk gitar. Gitarvalet tillét ein variert dynamikk som spenner frå forsiktige tonar som minner om akustisk gitarar til det meir rocka som kan fylle eit rom med elektrisk gitarlyd. Han er ein heilstøypt artist, og leverer på tekstfronten, som vokalist og som instrumentalist. Tekstane til Ropstad, som han framfører sjølv, ber i likskap med Haagensen sine i seg eit tydeleg politisk engasjement. Dette kjem tydeleg til uttrykk gjennom låta Vi Henter De Om Natta med linjer som «vi henter de om natta /for vi var enig om det /få med alle døtre /alle de små ryggsekkane» om returnering av folk på flukt. Kombinasjonen av det trivielle og mellommenneskelege på eine sida, og dei store verdsomspennande prosessane på den andre sida, er ein tydeleg fellesnemnar i både Ropstad og Haagensen sine tekstar.

Trygg og god Sjølv om dette er eit gjennomgåande sympatisk og velmeinande prosjekt kjenner eg tidvis på same kjensla som eg får av TV-konseptet Hver gang vi møtes på TV2 der artistar heidrar kvarandre med cover-versjonar av dei andre sine låtar. Dette er tre kunstnarar frå tre felt som ser ut til å dele verdisyn. Dei har alle eit brennande engasjement for menneska både på mikro- og makroinivå. Alt frå trivielle situasjonar i heimen til globalpolitiske utfordringar vert granska. Det gjer dessverre at denne produksjonen står i fare for å bli ei slags oppskrift på korleis ein lagar konstruktive kulturopplevingar for publikum av 2020. Det er noko litt «flinkt» over resultatet, og eg saknar eit brot, eller i det minste litt motstand. Dette kunne vore løyst gjennom å legge opp til ei tydlegare utvikling. I staden vert vi nokså tidleg klar over at vi ikkje skal nokon stad. Det er dette uttrykket vi skal vere i. Musikken og dikta er både godt skrive og godt framført, men framsyninga endar opp med å vere konsvensjonell og trygg. For å svare på sprøsmålet innleiingsvis, dei tre uttrykka fungerer så alt for godt saman i regien til Anders T. Andersen. Det er det som er utfordringa, og som gjer at Menneske, kjære menneske ikkje kjennes så original som den kanskje kunne vore om ein hadde unna seg å ta fleire sjansar.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no