Foto: David Zadig. Scenograf og dokkedesignar Tormod Lindgren. Kostyme- og dokkedesignar Dordi Strøm. Lysdesign Krystian Myska. Dukkemakar Kari Noreger. Maskør og parykkmakar Tonje Lie

Varme og villskap

Scena er kvit og kald, det er mest så ein kjenner den isnande trekken frå Jostedalsbreen. Pesten er på veg.

For at den vesle jenta ikkje skal bli smitta, tek tippoldemora ho med seg til slektningar langt oppe i dalen, der dei reknar med Pesten ikkje har nådd. Så feil kan ein ta.

Soga seier at Jostedalsrypa var einaste overlevande etter at Svartedauden kom til den vesle bygda Jostedalen inst i Sogn. Det kom eit skip til Bjørgvin i 1349, og med i lasta var rotter, som førte til den første og største pest-pandemien i Europa. I løpet av to år vart folketalet i Noreg halvert. Historia om Jostedalsrypa er framleis levande, særleg i Sogn og Fjordane. Det seiast at då ho vart funnen att, var ho vill som ei rype. Sida vart ho gift, og visstnok skal alle innbyggjarane i Jostedalen vere etterkomarane etter ho. Dei høyrer til «Rypeslekta».

Klok og krokete
I det frosne landskapet, gjennom ein lang vinter, kjempar Jostedalsrypa for livet, for å halde på ein gneist av håp om at det ein gong skal bli vår. Etter ein litt stiv start, kjem det eit driv over forteljinga som stort sett held seg gjennom heile framsyninga. Ikkje nok med at segna er gamalt, men det er Tippolde også. Og det kan godt vere at enkelte vart tippoldemor på den tida, for sjølv om levealderen i snitt låg på 30 år kring 1350, var det på grunn av høg barnedødelegheit. Skriftlege kjelder fortel om mange som vart både 80 og 90 år gamle. Tippoldemora er utan tvil ei av dei, og det er denne kloke, krokete Tippolde som følgjer den vesle jenta opp i dalen for å skjerme ho mot pesten. På veg dit døyr den gamle dama, fingrane vert svarte. Det same skjer med den merkelege familien Rypa vert sendt opp til. Snart er Rypa åleine. Nei, ikkje heilt. Ånda til Tippolde kjem attende kvar gong jenta er i ferd med å gje opp.

Saman er ein mindre åleine
Men det dukkar opp mange hjelparar etter kvart. Muntre lemen, ein skvaldrete hare og ein skremmande ulv. Sistnemnde har klare likskapar med den styggvakre rockeulven i Ulven og dei sju geitekillingane, i fransk-rumensk-russisk utgåve, både i framtoning og stemmeprakt. Det er noko Muppet-aktig over lemena, men det gjer absolutt ingenting. Dei er kostelege, dei gjev von om vår, og ikkje minst; du treng ikkje vere åleine sjølv om du er den einaste her som er nett som deg sjølv.

At Jostedalsrypa klarer å temme ulven så den vert snill som eit lam, er vel ei utvikling ikkje alle i salen er heilt nøgde med. – Du var den første som såg meg i auga utan å flykte, seier ulven. Så ular dei saman mot månen, på det same språket, så det grøssar i ein kvar senterpartiveljar.

Tidlaust univers
Det er forløysande at dramatikar Maria Tryti Vennerød og komponist Julian Skar ikkje har brydd seg så mykje om å vere historisk korrekte eller realistiske. I staden dei har skapt sitt eige tidlause univers og gjev oss stadige overraskingar i denne kritkvite, men samstundes dystre dalen oppunder breen. Til dømes når tjukkaste slekta syner seg å vere ein ganske tanketom og ufordrageleg trollfamilie som bur inne i ei hole. Det er ikkje fullt så trist når dei klumpete fingrane deira også svartnar og ramlar av. Og kven trur du får skulda? Men Rypa sørgjer likevel.

Regissør Torkil Sandsund får angsten for å vere åleine til å gjennomsyre handlinga. Enn om ho er den einaste som har overlevd i heile verda? Segna om Jostedalsrypa har klare liner til dagens dystopi- og framtidslitteratur med miljøkollaps og ekstreme klimaendringar som bakteppe. Kva meir er det å leve for når alle andre er borte? Det er ho som allereie er død som held ho oppe. Det er denne overlevingskrafta frå Tippolde som gjer at ho likevel går vidare, godt hjelpt av naturen sjølv, enda so ugjestmild den kan vere.

Musikal for dei største
Reidun Melvær Berge har synt før at ho meistrar særs godt roller som ung jente. Ho har ei eiga evne til å trollbinde publikum slik at dei gløymer tid og stad, det vil seie, vi er med ho i Jostedalen, i angsten, i einsemda, i kulda. Vi frys og vi ler letta når farlege situasjonar snur.

«Jostedalsrypa – ein eventyrmusikal», står det på den fargerike plakaten. Men det er ikkje det barneteateret det kan sjå ut som . Det var da også få ungar i salen under urpremieren, og eg ville ikkje teke med ein seksåring på denne framsyninga, sjølv om både historia, og ikkje minst dei elleville handdokkene, hadde gått rett heim.

Elden og døden
Dei fem kvitkledde musikarane, med Kåre Sandvik i spissen, går inn som ein naturleg del av det snøkledde landskapet, og set heile tida stemninga, både med musikk og klangar som forsterkar det som skjer på scena. Songen er upåklageleg og vakker, men orda er ikkje alltid like lett å fatte.  Også kostymedesignaren har leika seg med alt frå groteske svarte fingrar til ein sølvskimrande hjort utan andlet – døden. Den liknar fint lite på den Pesta som T. Kittelsen teikna, ho som kom med rive og kost. Der ho brukte kosten, overlevde ingen.

Forfedrane til menneska brukte truleg eld allereie for ein million år sida. Sikkert er det at elden gjorde at menneska kunne busette seg i kaldare strok, som i Jostedalen. Det er elden – bålet og fakkelen – som reddar Jostedalsrypa gjennom den lange, einsame vinteren. Det er fakkelen som skremmer ulven, det er bålet som svir ulvehalen og temmer ulven. – Det er gneisten som gjer deg til menneske, seier Tippolde frå den andre sida. Var det då vi temma elden vi vart menneske, var det då vi fekk vår eigen gneist?

Jostedalsrypa er solid handverk, djupt alvor vekslar med herleg humor, men framsyninga er i skumlaste laget for den yngste målgruppa. Det er synd, for her er mykje fint for dei også. Dei smitta loppene, som hadde med seg pesten til Europa, lever i beste velgåande på rotter på steppene i Kasakhstan. I 2017 tok den same bakterien livet av over 2000 menneske på Madagaskar. Og det er ikkje det einaste som gjer dette aktuelt. Vi kjenner vel alle på den snikande angsten for at verda brått står i brann på eitt eller anna vis. Angsten for å bli åleine i eit kaldt landskap. Då gjeld det å ha gneisten.

 

KOMMENTAR

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER