S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 25. februar 2019

Udåd i Guds namn

Foto: Dag Jenssen. Scenograf og kostymedesignar: Katja Ebbel Frederiksen Lysdesigner: Torkel Skjærven


Publisert
25. februar 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Openberringa,

Det Norske Teatret, premiere 22. februar 2019

Av: Mattias Andersson Omsett av: Gunstein Bakke

Regi: Nina Wester Scenograf og kostymedesignar: Katja Ebbel Frederiksen Lysdesigner: Torkel Skjærven Komponist: Rebekka Karijord Dramaturg: Carl Morten Amundsen

Skodespelarar: Ellen Birgitte Winther, Frode Winther, Espen Løvås, Karl-Vidar Lende, Madalena Sousa Helly-Hansen, Jon Bleiklie Devik, Kaja Varjord

Meldt 22. februar 2019


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/udad-i-guds-namn/
Facebook

Openberringa er ein fascinerande tekst, og framsyninga viser også svært gode skodespelarprestasjonar, men det manglar noko i scenografien.

Openberringa opnar med sakrale tonar av komponist Rebekka Karijord. Scenerommet til Scenograf Katja Ebbel Frederiksen er delt i tre grøne felt. Til venstre frå salen ser vi ein trendy fløyelssofa med eit ektepar spelt av Ellen Birgitte Winther og Frode Winther. Det er dårleg stemning. I midten ser vi eit søppelrom med to slitne brør (Espen Løvås og Karl-Vidar Lende) som røykjer heroin. Dei småkranglar og snakkar om trivialitetar, om å få fyr på røyken og om verdien av ordet «chill». Men vi får kjensla av at det eigentleg handlar om noko større, at det handlar om brorskap og oppvekst og om kvifor dei havna der i utgangspunktet. Til høgre, finn vi ei 17 år gamal jente (Kaja Varjord) og ein mann (Jon Bleiklie Devik) ved eit bord. Vassdispensaren bak dei avslører at samtalen finn stad på ein institusjon, kanskje er ho i terapi, kanskje er dette eit avhøyr. Ho syner seg å vere skuld i eit lovbrot som involverer sprengstoff og våpen til bruk i heilag krig, men for kven, og for kva Gud vitast ikkje.

Bak på scenen står Maria , ei fattig kvinne (Madalena Sousa Helly-Hansen). Musikken vert broten og rommet skiftar karakter. «Men eg kan berre ikkje tru at dette er sant!» utbryt kvinna i sofaen . Mannen hennar har fått ei openberring frå Gud om å forbarme seg over den fattige Maria som tiggar utanfor butikken i nabolaget. Han står på sitt og hevdar at han handla i beste meining, og i samsvar med Guds vilje då han kjøpte samvær med henne for 3000 kroner i søppelrommet der ho søv. Kona hans ser det som eit patetisk og skitent sidesprang. Maria har og trudd på Gud heile livet, trass i motgang og harde prøvar. Kor mange nederlag skal ein tole? Er dette eit reint overgrep, eller er det som mannen seier, Guds vilje? Kva ligg i ei god handling, og kan ein skulde på openberringar frå Gud når ein handlar i synd? Dette er kjernespørsmåla i Openberringa som er skrive av den svenske dramatikaren Mattias Andersson.

Tidsvev av parallelle historiar Der ekteparet representerer eit prekært problem i notid, ser brørne bakover til oppveksten, medan jenta og den profesjonelle samtalepartnaren jobbar med å stake vegen for henne inn i framtida. Berre Maria er løyst frå tidsperspektivet, ho er knapt til stades her og no, fortida er det nyttelaust å dvele ved, og ho har heller inga framtid. Ho er den einaste som snakkar direkte til Gud, medan dei andre snakkar på vegne av han og handlar deretter. Ho er trass i trua også den einaste som no byrjar å tvila. Dei tre parallelle historiene er vovne saman gjennom søppelrommet. Der kjøpte den mellomaldrande mannen tilgang til Maria, der ligg luftvåpenet som den unge jenta har gøymt unna for å starte heilag krig i Guds namn, og der kokar brørne heroinen som manar fram Gud si røyst i den yngste broren og som endar med brodermord.

Det apokalyptiske uttrykket kan minne om Mark Ravenhill sitt slitne univers frå Shopping and Fucking der grunnleggjande menneskelege spørsmål vert brotne gjennom dramatikaren sin upolerte prisme av sex, dop og vrangførestellingar. Det er den påfallande allegori-tettleiken som får meg til å tenkje på Ravenhill, og også hjå han er undergrunnen menneska sin tumleplass. Mattias Andersson skreiv skodespelet i 2017, men dei bibelske motiva er eldgamle og grunnleggjande. Vi finn Maria Magdalena i den fattige Maria, og Kristusmotivet finn vi i den middelaldrande mannen som kjem henne til unnsetning. Han er, under tvil, ispedd gode intensjonar frå den barmhjertige samaritan. Vi finn også brodermordet frå forteljinga om Kain og Abel, sønene til Adam og Eva, dei to fyrste borna i menneskeslekta som var fødd utanfor Paradis. Kain var det fyrste menneske som vart fødd og Abel var den fyrste som døydde. Dei to brørne i skodespelet kranglar om kven av dei som vart favorisert i oppveksten. Det endar med at den meir underdanige veslebroren drep den bitre storebror sin, som jo er eit grotesk bilete på det destruktive i menneskenaturen.

Den unge kvinna som hamstrar våpen og eksperimenterer med sprengstoff er mindre klår når det gjeld det bibelske. Det er vanskeleg å seie om ho verkeleg er fundamentalist, eller om ho tyr til sterke middel for å bli sett av vaksenpersonane omkring henne. Den hjelpelause og gjennombyråkratiske støttekontakten hennar er eit godt bilete på korleis velmeinte tiltak ikkje når fram til unge utskot, fordi målstyring og prosessevaluering kjem i vegen for mellommenneskeleg omsorg. Desse historiene får mykje plass, men det er Maria som er den sentrale skikkelsen i Openberringa. Ho har ikkje fått noko openberring, trass i livslang truskap mot Gud. Det einaste som vert meir og meir openbart for henne er at Gud har svikta henne og at ho er i ferd med å vende han ryggen.

Openbar scenografi Mattias Andersson hadde sjølv regi då skodespelet vart uroppført ved Dramaten i Stockholm i 2017. Denne produksjonen fekk gode skussmål, og fallhøgda er stor når den no vert sett opp i Oslo. I oppsettinga til regissør Nina Wester på Det Norske Teatret er teksten omsett til norsk ved Gunstein Bakke. Eg forstår at Det Norske Teatret og Nina Wester gjerne vil gjere denne teksten. Den har mange lag og er elegant komponert i måten laga i teksten flettar seg saman og endar i søppelrommet. I forma er det eit samansurium av draumspelet sine ulne språkbilete, kammerspelet sine utmeisla relasjonar og idédramaet sitt ynskje om å seie noko om tida. Dette er ikkje ein takksam tekst å setje opp, sjølv om han er skrive for scenen.

Wester har jobba godt med skodespelarane sine, og særleg Madalena Sousa Helly-Hansen og Karl-Vidar Lende er verd å løfte fram for nydelege skodespelarprestasjonar. Samstundes skortar det på dei kunstnarlege ambisjonane for det visuelle. Eg skulle verkeleg ynskje at scenografien på Scene 2 var ein større del av framsyninga. At rommet tok meir av ansvaret og at det draumaktige ved Andersson sin tekst fekk lov til å dominere meir av heilskapen. Dersom det er eit logistikkmessig eller økonomisk val å gjere scenografien så enkel er dette synd, for teksten og skodespelarane tek ut heile sitt potensiale i eit rom som ser ut til å stritta i mot. Dei svarte søppelsekkane som fyller midten av scenen er eit lite spanande og openbart symbol på søppel og dei fungerer dårleg reint estetisk. I Sverige var scenen fylt av plastflasker, eit objekt som peilar oss inn i avfall som tema, men som er mindre openbar og langt meir interessant reint visuelt sett. Sjølv om framsyninga endar med ein slåande poetisk og visuelt vakker effekt, som eg ikkje skal avsløra her, kjem denne for seint og varer for kort. Dei keisame visuelle vala, og det at rommet eigentleg aldri vert teke i bruk av dei gode skodespelarane, gjer at det vert meir stilleståande enn det det burde vore med ein slik tekst som utgangspunkt.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no