S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 14. februar 2018

Reaksjonært samtidsdrama

Foto: L-P Lorentz


Publisert
14. februar 2018
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Prisen,

Riksteatret, premiere 9. februar 2018

Skrive av Arthur Miller Omsett av Torstein Bugge Høverstad Regi og tilrettelegging: Kjetil Bang-Hansen Scenografi og kostymedesign: John-Kristian Alsaker Lysdesign: Øyvind Wangensteen Lyddesign: Kenth Lyshaug Regiassistent: Øystein Ytterstad Produsent: Anita Basmo Bjørnstad

Anmeldt 9. februar 2018


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/reaksjonaert-samtidsdrama/
Facebook

Da Arthur Miller skreiv sine drama på 1960-talet, skreiv han for si samtid. Regissør Kjetil Bang-Hansen har ikkje gjort noko for å løfte Prisen ut av den tida, men det er mogleg at forestillinga likevel prøver å seie noko om vår turbulente samtid, skriv Frøydis Århus.

Det er påfallande kor mykje nordamerikansk dramatikk som skal setjast opp på norske scener denne sesongen. Dersom ein tenkjer seg ein planleggingshorisont på 18 månader er det fyrst no vi ser effekten av endringa i maktstrukturen i USA på teaterscenene. I fylgje uhøgtidleg forsking utført av meg sjølv, har Prisen av Arthur Miller ofte vore spelt i etterkant av amerikanske presidentval. Sjølv har Miller skrive at stykket vart til med Vietnamkrigen som bakteppe i 1967. Nationaltheatret sette det opp året etter i 1968, eit svært turbulent år med drapene på John F. Kennedy og Martin Luther King. Riksteateret og Den Nationale Scene sette det opp i 1969 etter at Richard Nixon vart innsett, Trøndelag Teater sette det opp i 1977 etter innsettinga av Jimmy Carter, og sist Nationaltheatret igjen i 1993 etter innsettinga av Bill Clinton. Eg stoppar der med fare for å bli for konspiratorisk. Ein treng ikkje vere glad i USA for å vere glad i Miller, men det fordrar at ein ber med seg ei viss undring og interesse for konteksten dramaene oppstod i. Når ein les Miller les ein om dei menneskelege konsekvensane av det politiske og økonomiske klimaet i USA. Det fins alltid ein pris ein må betale for dei vala ein tek for seg og andre, og det er skilnad på pris og verdi.

Ibsenske grep Prisen er historia om brødrene Walter og Victor. Handlinga foregår i sanntid over to timar. I ekte retrospektiv Ibsen-ånd kjem dei i løpet av desse to timane til å klore skorpa av eit 25-år gamalt infisert sår. Utgangspunktet for stykket er at dei skal selje eit 16 år gamalt dødsbo etter far sin. Faren mista levebrødet i krakket i 1929, og kona hans døydde kort tid etter. Walter (Per Frisch) prioriterer utdanning, reiser ut og vert ein respektert kirurg. Victor (Kim Haugen) avbryt studiene for å forsørgje faren og tek seg ein trygg jobb som politimann med luselønn. Han er gift med den små-drikkende smått megalomane Esther (Iren Reppen) som skjems over inntekta hans og stadig masar om den meir vellukka broren. Den fjerde personen i stykket er den jødiske brukthandlaren Gregory Solomon (Helge Jordal). Han er ein lurendreier på nærare 90 som – ulikt Victor – har gripe alle sjansar som har kome hans veg.

Legendar i alle ledd Dette er ei framsyning med høg legendetettleik. Kjetil Bang-Hansen har regien, Helge Jordal er på scenen og omsettinga som er brukt er av Torstein Bugge Høverstad frå 1993. Bugge Høverstad er ein av norsk teater sine beste og mest brukte translatører. Han er dessutan mannen som fann på namn som «Rumpeldunk, Humlesnurr, Galtvort, Lommelun og Hobbittun. Bang-Hansen har redusert mengden tekst på ein økonomisk og effektiv måte, men er alt i alt nokså tru mot originalen. Scenografien består av tildekte tunge møbler av edle treslag. Blant desse ser vi ei gamal harpe, ein grammofon og ein florett til bruk i fekting. Det vitnar om fordums prakt. Scenografien til John-Kristian Alsaker er vakker, og det er lydbiletet også, men ingen av delane har fått særleg stor plass i denne framsyninga, og det forstår eg.

I Riksteatret si framsyning er det dei menneskelege relasjonane som står i sentrum. Bang-Hansen har valt å skape eit intimt kammerspel. Som tilskodar kjem ein både fysisk og psykisk tett på. Det er fascinerande, men det kan også vere eit tveegga sverd. Nærleiken fungerer som ei lupe og forstørrer alle ørsmå detaljar, miner og rørsler. Til tider vert spelestilen litt overtydeleg og ein kunne kanskje vore tent med å halde igjen litt. Dette ville gitt meir rom til underteksten som jo er sjølve essensen hos den Ibsen-inspirerte Miller. Framsyninga er delt i to akter der mykje av første akt går med til å etablere karakterar, miljø og forhistorie. Handlinga kjem ikkje skikkeleg i gong før Walter vert introdusert før pause. Det er difor heilt naturleg at det er eit anna driv og eit anna tempo i andre akt. Haugen og Frisch gjev ei glimrande tolking av brødreparet som har mista kontakten på grunn av nag, skuldkjensle og sjalusi. Harpa vert eit symbol på mora som døydde, livet dei hadde tidlegare, dei gode framtidsutsiktene og dei tette familiebånda. Men kva var alt dette eigentleg verd, då den økonomiske krisen var alt som skulle til for å rive dei frå kvarandre. Klangbotnen i harpa er øydelagt påpeikar Solomon. Dette er ein ein av dei sentrale replikkane i stykket. Harpa er ikkje verd stort verken i dollar eller affeksjonsverdi.

Opportunistar og martyrar Grovt sortert har vi med to opportunistar og to martyrar å gjere. Victor har ofra karriere for å ta seg av faren. Esther har ofra sosial og økonomisk status for å vere saman med Victor. Walter greip sjansen og kom seg bort, men har slite med skuldkjensle overfor broren. Solomon er den som skil seg ut. Han er den einaste som ikkje held andre ansvarleg for eiga ulukke. Han har tatt livet slik det fall seg og levd etter ein slags hakuna matata-strategi utan å stresse med status eller sjølvrealisering. Han verkar tilfreds, sjølv om han i motsetnad til dei andre har følt ekte tragedie på kroppen gjennom å miste eit born som tok livet av seg. Alle går, Solomon står igjen. Han set i gang grammofonen. Ut strøymer musikk frå ei latterplate med humorduoen Mr. Gallagher and Mr. Shean. Dei gjorde stor suksess på vaudeville-scenane i 1910 og 1920-åra. Han ler for seg sjølv, brettar opp armane, dreg opp penn og notisblokk og set i gang med å taksere og prise dødsboet. Det er vanskeleg ikkje å la seg rive med av Helge Jordal i rollen som Solomon, trass i den skamlause stereotype framstillinga av den jødiske kjøpmannen.

Prisen er eit samtidsdrama og samtidsdramaer er eigentleg ferskvare. Her er det ikkje gjort nokre forsøk på å justere stykket opp mot vår tid, og kvinnerollen i stykket er like støvete som den gamle harpa. Men trass i den reaksjonære tilnærminga til Bang-Hansen, er det framleis klangbotn i samtidsdramaet til Arthur Miller. Medan syskenkrangelen spissa seg til på scenen tenkte eg tilbake på opningsseremonien til OL i Pyeonchang tidlegare på dagen. Der sat Nord-Koreas Kim Yo-jong, Sør-Koreas Moon Jae-in og Mike Pence, visepresident i USA på same tribune. Det fins like mange versjonar av sanninga som det fins partar i ei konflikt eller sysken i ein syskenflokk. Lat oss håpe at Arthur Miller vert mindre aktuell i framtida.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no