S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Marit Bendz – 22. mars 2021

Raudstrømpa og ulven

Foto: Espen Nyttingnes. Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington. Lysdesignar Krystian Myska


Publisert
22. mars 2021
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Teater Vestland, premiere i Førde 19. mars 2021

Raudhette og ulven, folkeeventyr med ny vri

Regissør: Alex Byrne Regiassistent: Elisabeth Topp Scenografi og kostymedesignar: Mari Lotherington Komponist/musikalsk ansvarleg: Gregory Hall Dramaturgi: Elisabeth Topp og Cecilie Grydeland Lundsholt Omsetjar: Terje Lyngstad

Medverkande: Anne Wiig som Raudhette, Bård Watn som forteljar og tømmerhoggar, Katrine Lunde Mackenzie som mor og bestemor og Kyrre Eikås Ottersen som ulv og forteljar.


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/raudstrompa-og-ulven/
Facebook

Ute i skogen står den mest nusselege, vesle campingvogna du kan tenkje deg. Her bur bestemor. Raudhette er ei snill, men fremmeleg lita dame som kan vere ganske irriterande av og til.

Raudhette og ulven på Teater Vestland er ei leiken, artig og magisk framstilling av eit eventyr som hadde trong for ein ny moral. Det er eit av dei mest utbreidde, tolka og parodierte eventyra i verda. I versjonen vi fekk høyre då vi var små, kjem ein jeger og reddar både Raudhette og bestemor, men i nokre andre land endar forteljinga når ulven er ferdig med måltidet. Kva som eigentleg er moralen i det gamle eventyret er det ulike refleksjonar ikring, men som i alle eventyr er det eit tydelege skilje mellom dei gode og dei vonde. Ulven er alltid slem. Som trolla i rotnorske folkeeventyr er han eit bilete på den farlege naturen som er uråd å temje. Men er han eigentleg berre vond?

Heilt passe skummel Regissør Alex Byrne har lagt seg nær opp til den opphavlege forteljinga om Raudhette og ulven, sjølv om Raudhette, som vert glimrande spela av Anne Wiig, eigentleg heiter Ingeborg. Ho har ransel i staden for korg og snikkarbukse framfor kjole. Men også i denne versjonen må ho love ikkje å gå av stien og ikkje snakke med framande. Og så gjer ho sjølvsagt begge delar.

Ulven, i skapnaden til Kyrre Eikås Ottersen, er akkurat passe skummel og litt stakkarsleg, sjølv om ha prøver å vere veldig farleg. Han er også veldig glad i blomar og i søte dyr, kan han fortelje Raudhette. Og kvifor uler ulven? Kanskje av heilt andre årsaker enn vi trudde frå før. Bestemor, festeleg framstilt av Katrine Lunde Mackenzie, verkar meir sprudlande enn småsjuk, og er ei slik eksentrisk, gammal dame alle skulle hatt som bestemor.

Mora til Raudhette er åleinemor, og det er ikkje naud som gjer at den vesle jenta må gå åleine gjennom skogen med kake til bestemor, det er Raudhette sjølv som trassar seg til det. Dessutan er ho så glad i å dyrke grønsaker, og då må ho ha ei hagesaks. Den som har ei hagesaks i sekken veit råd når det står om livet, skal vi skjønne etter kvart. Moralen har dermed endra seg. Men det er først mot slutten at historia verkeleg ber ein heilt annan veg enn i originalen. Her er ingen jeger som kjem dei to oppetne til unnsetning, dette klarer Raudhette sjølv. Ho har jo saksa!

Men kva skal dei gjere med ulven, som ligg der døyande med raude tøyfilletarmar tytande ut av magen? I denne framsyninga har ulven også ei røyst, det er ikkje berre enkelt å vere ein svolten ulv. Her er det ingen som døyr, og Raudhette er heltinna som reddar både seg sjølv, bestemor, ein noko forvirra skogsarbeidar som og dukka fram frå buken til ulven – og ulven sjølv. Det går bra til slutt, ikkje berre for Rødhette og bestemor, men også for ulven. Og ungane i salen lærte seg eit nytt ord; fleksitarianar.

Improvisasjon i naturen Scenograf Mari Lotherington har skapt ein magisk skogstemninga – trolsk, vakker og litt nifs, med naturtru grantre, stubbar og fargerik skogbotn. På greinene heng instrument, som alle dei fire på scena trakterer på omgang, sånn litt tilfeldig. Campingvogna er nydeleg, både som heimen til Raudhette og hytta til bestemor. Mot slutten vert den elegant delt i to, slik at vi ser kva som skjer inne i hytta.

Framsyninga har vorte til gjennom ein prosess der dei fire skodespelarane har arbeidd fram manus saman med regissøren gjennom kreativ utprøving og improvisasjon. Du merkar at dei fire på scena eig stykket, dei eig rollane sine. Replikkar og rørsler kjem heilt naturleg. Det same gjer musikkinnslaga, som er ein viktig del av det heile. Her er gitar, kontrabass, trombone, xylofon og loopstation, det vil seie opptak og avspeling av musikk og song på direkten. Komponist og musikkansvarleg Gregory Hall har eit multitalent i Bård Watn, som også er den som får best kontakt med dei yngste i salen.

Ulv, ulv, ulv Som kostymedesignar har Lotherington også skapt eit genialt og fleksibelt ulvekostyme – vi skal jo både sjå ulven utanfrå og innanfrå. Samstundes minner det litt om den smellvakre ulven i kultklassikaren frå 1976, som byggjer på Grimm-eventyret «Ulven og dei sju geitekillingane». Men Ottesen er ikkje like machovakker, ikkje har han slik bassrøyst heller, og ikkje er han like sleip. Kanskje han er ein incel? Nei, han er nok berre svolten, og som alle veit; svoltne hannar kan vere litt hissige.

Vi var tre generasjonar som gjekk saman på familieteater, og det kan dei med rette kalle framsyninga, alle tre kosa seg like mykje. Ti-, tretti- og sekstiåringen lo på litt ulike stader, men alle lo av mimikken til Bård Watn, som slo seg laus med sprelske, musikalske ablegøyer innafor eit utal sjangrar. Sjølv gjekk eg heim og googla «vintage retro campingvogn», for det må da vere ein eventyrleg ting å ha i desse koronatider.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no