S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 11. februar 2020

Historietime for framtida

Foto: Aslak Mikal Mienna


Publisert
11. februar 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

OLBMOT/FOLK

Beaivváš Sámi Našunálateáhter i samarbeid med Arktisk Filharmoni

Premiere i Longyearbyen 6. februar 2020. Meldt gjestespel 8. februar 2020 på Det Norske Teatret

Regissør: Jon Tombre Regiassistent/inspisient: Marte Fjellheim Sarre Tekstar: Lars Göran Pettersson Musikkansvarleg: Roger Ludvigsen Lyddesignar: Eirik Blekesaune Grafisk animasjon: Sabina Jacobsson Teknikarar: Bernt Roger Somby og Olav Johan Eira

Musikarar frå Arktisk Filharmoni: Ingeborg Skomedal Torvanger, Elisabeth Turmo, Hallvard Steinhovden, Sveinung Lillebjerka

Med: Anitta Suikkari, Mary Sarre, Nils Henrik Buljo, Anja Bongo Bjørnstad, Ingá Márjá Sarre, Iŋgor Ántte Áilu Gaup, Egil Keskitalo, Eila Ballovara Varsi, Ole Thomas D. Nilut, Jan Cato D. Nilut


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/historietime-for-framtida/
Facebook

Olbmot/Folk handlar om rasediskrimineringa av samar, men tar ikkje tilstrekkeleg innover seg kva historia kan seie oss om situasjonen i dag.

Beaivváš Sámi Našunálateáhter sitt samarbeidsteater i Oslo er naturleg nok Det Norske Teatret. Dette inneber mellom anna utveksling av gjestespel, og denne våren kan folk i Oslo sjå Beaivváš Sámi Našunálateáhter og Jon Tombre sitt nyaste samarbeid OLBMOT/FOLK. Framsyninga, som hadde verdspremiere i Longyearbyen på den samiske nasjonaldagen 6. februar, kastar ljos på eit av dei mørkaste kapitla i verdshistoria: rasebiologisk forsking på folk.

På 1920-talet kom det ein professor til Sápmi for å kartlegge fellestrekk ved det han omtala som den samiske rasen. På denne tida ulma det krefter som var svært opptekne av å ta vare på den reine kvite rasen. I professoren sitt tilfelle var dette den svenske. Han såg samefolket som underlegne svenskane, kortskalla og nærare dyra. Dette ville han bevise ved å ta mål av hovudskallar i Sápmi. Resultata han fann vart arkivert i Statens institutt for Rasebiologi. Materialet frå forskinga hans tilhører i dag Uppsala Universitet.

Dette kunne vorte ei framsyning som berre handla om rasebiologi i samisk perspektiv, men det ville vore ei kraftig innskrenking av røyndommen. Denne forma for propagandadriven pseudovitenskap har hatt som formål å legitimere ei systematisk undertrykking av folkegrupper som har andre genetiske variasjonar enn den europeiske. Dette har stort sett gått utover alle andre folkegrupper enn den europeiske samt folk med funksjonshemmingar, og dei med anna legning enn den heterofile. Regissør Jon Tombre og ensemblet bak framsyninga har difor valt å sjå på rasebiologi i eit større perspektiv. Kanskje er dette bakgrunnen for tittelvalet «olbmot» som tyder «folk» på nordsamisk, for ifylgje biologien fins det berre eitt folk i verda, og det er homo sapiens, det tenkjande menneske.

Viktig lydbilete Framsyninga er eit samarbeid med Arktisk Filharmoni, og fire strykarar sit klar på høgre scenehalvdel sett frå salen. Lydbiletet utgjer ein stor del, og lydkunstnar Eirik Blekesaune, mellom anna kjend frå Verdensteatret, har fått breitt spelerom til å fargelegge lydbiletet med datagenererte vrengebilete av menneskeskapte vokale lydar. Av papirprogrammet kjem det fram at musikken som strykarane framfører er kvardagsmusikk frå konsentrasjonsleiren i Auschwitz. Måneskinnssonaten av Ludwig van Beethoven vert spelt opptil fleire gongar. I konsentrasjonsleirane til nazistane under andre verdskrigen kunne musikk vere både trøyst og terror. Musikarar blant fangane vart pressa til å spele alt frå marsjer til symfoniar. Musikarane fekk ofte betre handsaming med meir mat og meir kvile, men til gjengjeld kjende dei på skuld over det å fungere som instrument i hendene på nazistane. Dei spelte under tvangsarbeid, under private festar for offiserane og til og med utanfor gasskammeret.

Lyskjelder er festa i snorer frå riggen, på traller og på kosteskaft som vert flytta av skodespelarane. Den visuelle effekten av dette er lite spennande, men grepet har derimot ein interessant sideeffekt. Auget fylgjer lys og rørsle, og blikket vårt vert lett å styre. Det gir regissør Jon Tombre breitt spelerom.

Framsyninga har ein episodisk dramaturgi som byggjer på fragment av tekst utan eit samanhengande narrativ. Tekstane er korte avsnitt om rasebiologi. Ein og ein skodespelar går fram om gongen, og somme gongar er teksten bytt ut med song. Blant enkeltprestasjonane må songnummeret til Nils Henrik Buljo trekkas fram som eit absolutt høgdepunkt. Dei ti skodespelarane er kledd i kvardagsklede frå vår tid. Dei ber på kvar sin papirrull med gråpapir. Saman dannar papirremsene eit lerret som vert heist opp i riggen. Animasjonar av Sabina Jacobsson vert projisert over lerretet og syner enkle strekanimasjonar som illustrerer brotstykkene av tekst som vert lest av skodespelarane på norsk og nordsamisk:

I Karolinska sjukehusets arkiv i Stockholm / Karolinska buohcciviesu vuorkkás Stockholmmas ligger en hjerne fylt med jodsprit. / gávdno vuoiŋŋamaš devdojuvvonjuddasprihtain. Den veier 1460 gram. / Deaddu lea 1460 grámma. Den tilhører en ekte same: / Dát lea albma sápmelačča vuoiŋŋamaš: Nils Larsson fra Arvidsjaur. / Árvvesjávrilačča Nils Larssona.

Motstridande målsetting OLBMOT/FOLK liknar ein kollasj. Det er animasjon, teater og musikk bygd på dokumentarisk materiale. På Beaivváš sine nettsider vert det hevda at framsyninga er utan sosialpolitisk målsetting, utan tilsnitt av dokumentarisme, journalistikk eller ønskje om fakta. Ho skal heller ikkje innehalde moral, eller peike på ei løysing. I staden skal ho vere ein respons på skuggar frå fortida. Det siste der kan eg vere med på at stemmer, men det er vel knapt mogleg å lage teater om noko så fordømt som rasebiologi utan å ha ein sosialpolitisk målsetting? Og mykje av materialet er jo beint fram dokumentarisk, så kvifor nekte for at det er innslag av dokumentarisme?

Beaivváš Sámi Našunálateáhter skriv om ei framsyning som handlar om rase og rasehygiene i dag, ikkje berre rasediskrimineringas bakgrunn og historie. Om dette verkeleg har vore ei målsetting, har det ikkje fått stor plass i det ferdige verket. Det er heilt greitt å halde seg i det historiske materialet. Innafor ramma på ein time er det ikkje plass til å kommentere dagens situasjon, og det må vere greitt. Vi har alle godt av å kjenne historia, sjølv om den er stygg. Berre slik kan ein vere klar til å reagere når historia er i ferd med å repetere seg sjølv. I dette arbeidet tek også kunsten sitt ansvar, det vert synleg i OLBMOT/FOLK.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no