S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 2. oktober 2018

Fenomenet Ann Liv Young

Fra venstre: Tania Turpeinen, Veronica Molin Bruce, Daniel Klingen Borg og Ann Liv Young. Regi og scenografI: Ann Liv Young. Foto: Istvan Virag


Publisert
2. oktober 2018
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Antigone,

Black Box teater, premiere 27. september 2018

Tekst, regi, kostyme, koreografi: Ann Liv Young. Med: Ann Liv Young, Daniel Klingen Borg, Veronica Molin Bruce, Tania Turpeinen Dramaturgi: Tormod Carlsen. Produksjon: Ann Liv Young, Daniel Klingen Borg.

Co-produksjon: Gessnerallee Zürich, Theater Chur, Kunstmuseum Bern, Black Box teater (Oslo), Teaterhuset Avant Garden (Trondheim). Støtta av: Norsk kulturråd. Initiert av: Digitalbühne Zurich

Anmeldt 27 og 28. september 2018


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/fenomenet-ann-liv-young/
Facebook

Det finnast eit før og eit etter Ann Liv Young. Ho er kompromisslaus og hardtslåande, men toler uttrykket hennar gjentakinga?

Mi tidsrekning i teatret opererer med før og etter Ann Liv Young. Eg skal ikkje bli for mimrande her, men eg må berre vedkjenne at for meg redefinerte ho kva scenekunst kan vere og kva potensiale som ligg i møtet med publikum. På universitetet vart eg tuta øyrene fulle om Nicolas Bourriaud og hans omgrep relasjonell estetikk. Dette resulterte i ein djup skepsis mot publikumsinvolvering, då eg på dette tidspunktet ikkje hadde sett eit einaste vellukka forsøk. Dette endra seg med Sherry Show i foajeen på Black Box teater der eg jobba i 2012. Eg var direkte redd der eg sat i publikum. Redd og djupt fascinert av Sherry, denne velmeinande terapeuten som gjekk laust blant publikum. Ho var ekstremt konfronterande, invaderande og utagerande. Sherry vil deg alt godt, men skyr ingen middel for å nå inn. Min strategi vart å sitje dørgande stille og håpe at ho såg kor redd eg var for så å la meg sleppe unna. Det fungerte. Denne seansen toppa seg då ein profilert mannleg forfattar skjelte henne ut framfor fullsett foajé og storma på dør. Med denne kvelden friskt i minne kan det vere vanskeleg å akseptere at eit kunstnarskap endrar seg. No er Sherry og Disney-prinsessene frå Mermaid Show, Sleeping Beauty, Cinderella og Snow White erstatta med greske heltinner som Elektra og Antigone. Deler av meg saknar det skandaløse og spektakulære eg hugsar henne for, men eg må også innsjå at eg som tilskodar også har blitt seks år eldre og meir eksponert for dei strategiane ho tek i bruk.

Antigone sin kamp for menneskeverd ”The core principle of freedom – Is the only notion to obey – The formula of evolution and sin – Leading the way.” Dimmu Borgir og låta Gateways fungerer som overtyre når vi skal inn i den greske materien. Persongalleriet til Sofokles er redusert til koret (Veronica Molin Bruce), Antigone (Ann Liv Young) Ismene (Tania Turpeinen) og Hymeon (Daniel Klingen Borg), utan Kong Kreon og dronning Eurydike. Antigone er truleg ei av dei greske sogene der kvinner kjem best ut. Det gamle Hellas var utprega patriarkalsk og menn dominerte i politikken, på agoraen og i teatret. Glanseksemplet på kvinnesynet er truleg Pandora og ulukka ho førte med seg då ho opna krukka og let elende strøyme over verda. Vipps, så var kvinna rota til alt vondt. Antigone er tvert i mot den ultimate kvinnelege heltinna. Det er såleis ikkje vanskeleg å forstå kvifor ho appellerer. Heilt åleine opponerer ho mot maktsetet med kong Kreon på trona og krev ei verdig gravferd for den døde bror sin Polyneike. Ismene er syster og antitesen til Antigone der ho nøler med å ta del i opposisjonen mot makta, «hugs vi er kvinner» seier ho. Dette er ikkje vårt bord. Antigone sine motiv hevar seg over den tradisjonelle feministiske agendaen, ho kjempar ikkje kun for kvinner sine rettar, men for menneskeverd når ho nektar Kong Kreon å la broren rotne på gata i alle sitt åsyn.

Foto: Istvan Virag

Brecht og Barbie Store scene på Black Box teater er dekt av gråpapir. Langs scenekanten er det sett opp eit gjerde av hønsenetting som skil scenen og dei to levande hønene frå salen. Hønsenettingen er fullt av Barbiedokker som heng etter føter, armar og hovud. Resten av rommet er pepra av pastellfarga plastleiker, glittermaling, slim, lauv, og halv- og heilnakne kroppar. Framsyninga er vanskeleg å dechiffrere og sanseapparatet jobbar fulltid med å leite etter meining. Eg vil så gjerne ta referansane til Bertolt Brecht sin Antigone-oppsetting frå 1948 som dei ifølgje programmet har tatt utgangspunkt i. Brecht drog parallellar til fascisme. Versjonen til Ann Liv Young omhandlar tema som vald og maktmisbruk. Dette ligg der alt i originalen til Sofokles, men Brecht-linken kan også sjåast i samanheng med veksande høgreekstreme frontar i USA og Europa. Eg vil også gjerne finne ut om Ann Liv si tolking av Antigone er forankra i hennar eiga historie. Den delen av teksten som festar seg best hos meg, handlar om eit samlivsbrot med barn involvert. «You locked me out on the street in front of my children…Thank you for showing our kids who to not fucking become» er siste setning her. Det personlege aspektet vert stadfesta mot slutten av Ann Liv sjølv når ho opnar opp for spørsmål i salen. Ho fortel at ho er midt i eit samlivsbrot og at prosjektet har endra seg mykje på grunn av dette.

Det må koste å blottlegge seg slik framfor publikum, men det er slik Ann Liv opererer. Ho har ein beundringsverdig tillit og respekt for oss som kjem å ser på, og det gjer inntrykk. Eg ynskjer også å forstå kvifor ho vil jobbe med Antigone, utover det feministiske og antifascistiske aspektet. Det vert for mykje å ta inn på ein kveld der eg sit som kritiker, fan og tilskodar og reiser tilbake til teateret dagen etter for å sjå stykket på nytt. Ho endar andre framsyning med utsagnet «This piece is not made for you to love it. It is just made.» Igjen, ærleg open og kompromisslaus. Noko av det mest interessante reint teaterfagleg, er scenene der ho bryt fiksjonane og instruerer aktørane sine. «Say it like you really mean it, say it as Daniel» kommanderer ho Daniel Klingen Borg i rollen som Hymeon. Do it again, make it worth their while.» Her er det igjen respekten for publikum som kjem til uttrykk. Det er tough love, og ho forventar mykje av oss, av aktørane og av seg sjølv. «You don’t need to move that much, this image is strong enough as it is, just keep it simple, small genstures» instruksen går til skodespelaren i rollen som Ismene. Dette grepet er unektelig Brechtiansk. Ho riv oss ut av spelet og tvingar oss inn i prosessen, ein strategi ho har nytta i alle produksjonar eg har sett av ho. Slik inviterer ho oss inn i tankegangen sin som instruktør og avslører ein enorm forståing for scenerommet sitt potensiale og avgrensingar.

Katarsis gjennom Cardi B Ein kjem ikkje utanom musikken. Den varierer frå ein klissete a capella-versjon av Cohens Halleluja av den übercheesy gruppa Pentatonics, til låta Bartier Cardi av Cardi B som ho rapper med imponerande stamina. Plutseleg kjem kristenpop-prinsen Fernando Ortega og låten Sing to Jesus på over anlegget. Framsyninga er morsom, valdeleg, vakker og til tider irriterande abstrakt.

Aktørane på scenen er sterke, det er fysisk og psykisk krevjande å stå heilt naken, heilt stille på ein pidestall i ein halv time. Dynamikken vert diktert av Ann Liv. Overgangane mellom privatperson og karakter er flytande. Med unntak av nokre improviserte scener er alt strengt regissert. På slutten vert vi oppfordra til å stille spørsmål. Ei kvinne på første rad ropar «I love you!». Dette hender også andre gong eg ser framsyninga. Ho får kred hos ein mann framfor meg for rappinga. Ann Liv vert tydeleg glad og takkar han for komplimenten. Ho fortel at Cardi B er vanskeleg å rappe, og at ho likar utfordringa. Ein anna mann spør om ansiktsmalinga til Ann Liv. «Why did you choose to paint your face black? Has this anything to do with your choice of music? Cardi B?» Karakteren i rommet endrar seg og vert meir konfronterande. «Well, it´s not black, its brown.» Parerer Ann Liv. «Do you really think it looks black? I think it looks purple» Spørsmålet er naturleg å stille, der ei kvit kvinne frå North Carolina rapper Cardi B med brun ansiktsmaling. I svaret sitt vender ho maktforholdet umiddelbart, utan å gå i forsvar. «Eg gjorde det fordi det såg bra ut i lyset på scenen. «Thank you for asking that question» Avsluttar ho, med eit varmt smil. Ingen skadde, ingen såra. Om valet av ansiktsmaling og handteringa av spørsmålet var riktig av henne, kan ein jo diskutere. Det er nesten skremmande å sjå kor godt ho handterer slike situasjonar live framfor publikum. Ann Liv er eit fenomen som strekkjer seg utover det som hender på scenen.

Det er kanskje nettopp dette som gjer at eg ikkje forstår kvifor framsyninga treng Antigone eller Brecht. Ann Liv er meir enn nok. Ho er ein sterk kvinneleg stemme, ho treng ikkje Antigone for å validere prosjektet. Ann Liv er ein sterk teatertenkjar, ho treng difor ikkje hekte prosjektet på Brecht. Reint eksplisitt har aktørane namn frå tragedien til Sofokles og handlar deretter. Temaene frå Brecht og Sofokles kjem til uttrykk gjennom maktspel, ei begravelsesscene, ein sjølvmordsscene og kjærleiken mellom Hymeon og Antigone. Men utover dette verkar funderinga i den klassiske teksten meir som støy enn næring. Kanskje er det ikkje så viktig å ta alle referansane, men når agnet først er kasta vert eg sitjande å glefse etter det. Dette fjernar fokuset på det eg synest er mest interessant, nemleg fenomenet Ann Liv Young.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no