S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Vilde Standal Bøyum – 20. oktober 2021

Vi ser deg, storebror!

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard


Publisert
20. oktober 2021
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Dans Musikk

Personhood

Komposisjon: Jennifer Walshe

Bestilt av: Oslo Sinfonietta, Andreas Borregaard, Ultima Oslo Contemporary Music Festival, New Music Dublin

Produksjon: Oslo Sinfonietta, Den Norske Opera & Ballett, Ultima Oslo Contemporary Music Festival

Den Norske Opera & Ballett, Scene 2, Ultimafestivalen, 16. september 2021

Denne teksten er en del av en kritikk-workshop som Scenekunst.no arrangerte i samarbeid med Ultimafestivalen, med støtte fra Fritt Ord.


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/vi-ser-deg-storebror
Facebook

Personhood set i gang tankeprosessar rundt digital undertrykkelse og kontroll

I møtet med teppeopning får vi sjå ei scene allereie befolka av Oslo Sinfonietta med eit dusin musikarar. Dei er sett opp i tre fjerdedel av eit rektangel, der den eine lange sida er uforstyrra og publikum får sjå inn på scena; eit golv dekt av eit stoff som speglar gjenstandane som ligg på scena. På ein stol, med eit akkordeon i henda, sit vårt eksperiment: Skodespelar Andreas Borregaard som eg, for ordens skuld, vil kalle popstjerna, dette grunna referansen til Britney Spears som blir nemnd i den offisielle beskrivinga av Personhood. Ikledd lyse khakibukser og ei kvit skjorte byrjar popstjerna å flytte gjenstandar rundt i rommet, og fleire av dei lurer eg på om skal representere fasar i Spears sitt liv. Gjenstandane (blant anna eit par pensko, ein rosa parfyme og eit magasin som eg trur eg skimtar tittelen ‘WOMAN’ på) startar som ei lita haug på scena som blir flytta medan verket er i gong. Dette gir publikum ein sjanse til å vere ein del av sceneoppsettinga, og det pirrar nyfikna.

Musikk i fokus Det var Borregaard som tok initiativ til ein produksjon med musikk i fokus, og han tok kontakt med Walshe som han tidlegare hadde arbeida saman med. Tanken var å bruke kropp som eit instrument, eit konsept Walshe skreiv om i 2016, kalla ‘The New Discipline’. Ved hjelp av Oslo Sinfonietta, Noregs eldste kontemporære musikarensemble, får Walshe vist fram dette konseptet av kroppen som instrument gjennom Borregaard sine rørsler, utrop og berøringar. Borregaard er der ikkje berre for å spele eit instrument, han er der også som eit instrument.

Musikarane jobbar opp atmosfæren med bruk av blåse- og strykeinstrumentar. Det er spesielt måten dei brukar blåseinsturmenta i byrjinga som tar stor merksemd for min eigen del. Det er ein slags susing som forstyrrar stemninga som popstjerna prøver å skape med sine raske rørsler og utsegn. Når intensiteten i musikken aukar, ser det ut til at popstjerna blir stressa i takt med meg sjølv. Replikkane blir levert fortare, og fleire instrument blir med i melodien. Det når eit punkt der musikken er så høg at man nesten ikkje lenger kan høyre Borregaard. Då kjem det eit ‘klikk’ som minner om ein forsterka penn, og både lys og musikk stoppar brått. Det er eit nytt stadium i livet til popstjerna når musikken startar opp att og lysmengda aukar.

Digitale eksperiment Borregaard ser aleine ut på scena, til tross for ensemblet som sit med instrument rundt han. Denne effekten blir vidare forsterka av musikken og personane rundt han; det ser ikkje ut til at popstjerna ensar musikarane, sjølv når han følg og beveg seg med musikken som blir skapt. Dette får meg til å tenke: Blir popstjerna eksperimentert på? Atmosfæra på scena gjer meg oppmerksam på meg sjølv og publikum som stumme observatørar. På denne måten tykkjer eg at stykket kommenterer på det menneske ser av naud i vera som vi snur eit blindt auge til. Her ser vi noko som minner ein person som blir kontrollert og styrt, og dette gjer ikkje vi noko med. Orkesteret ser heller ikkje ut til å bry seg, det er heller omvendt då det ser ut som om dei har det kjekt med den kontrollen dei har over scena. Dette er ein vond kjensle å sitte att med når verket ender.

Personhood skapar refleksjon i forhold til den digitale vera vi lev i. Det blir spesielt interessant når Borregaard får ordre frå musikarane, og han adlyd desse. Ordrane kjem i versjonar som ‘A3 lav’ og ‘B2 høg’, og popstjerna beveg seg fram og tilbake på scena. Det kan sjå ut til at han trykker på knappar som tilhøyrar ordren han blir gitt. Kommandoane skjer fortare og fortare til Borregaard løp vilt for å prøve å halde tritt. Det er dette som minner mest om eksperimentering gjennom det digitale, og eg byrjar å tenkje på dei mange appane som blir brukt i dagens samfunn: Sit det menneske bak desse appane slik orkesteret sit bak Borregaard og studerer kva det er vi er villige til å trykkje på om vi får rette ordren? Med litt ising langs ryggrada følg eg konsentrert med på framsyninga.

Informasjonskapslar og storebror Verket set i gang tankeprosessar som er vesentlige i dagens digitale samfunn. Er den påverknaden av digitaliseringa ein måte å finne ut korleis ein kan kontrollerte ein større mengde menneske? Blir vi allereie kontrollert utan at vi er klare over det? Med sin korte levetid på cirka 60 minuttar er Personhood ei oppsetjing med mange urovekkande kjensler og tankar. Mitt hovud er overfylt av tankar om storebror som ser oss og alle informasjonskapslane på nettstadar som folk flest godtar utan å nykke, utan å sjå kva informasjon dei gir tilgang til. Det sagt så tykkjer eg ikkje verket stiller tydelege spørsmål eller gir svar med tanke på overvaking, og kanskje min refleksjon er påverka av at eg støtt og stadig avviser alle informasjonskapslar.

Framsyninga var fengslande, men det tok tid før eg blei dratt med inn. Det var først og fremst bruken av blåseinstrumenta, og etterkvart musikken, som sit igjen hjå meg, mens orda som blei sagt ikkje gav like sterkt inntrykk før vi kom lenger inn i verket. Eg sit igjen med refleksjon rundt applikasjonar og nettstader, og på mange måtar syns eg at verket er viktig å sjå, då den skapar refleksjon og gir oss som menneske ein sjans til å ikkje berre bli sett av storebror, men at vi sjølv kan sjå rett tilbake på storebror. For min eigen del har verket styrka vilja mi til å avvise informasjonskapslar og fortsette å ta bevisste val for å gjere det litt vanskelegare for storebror å sjå meg.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no