S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Vilde Standal Bøyum – 16. februar 2024

Ein festival om utvikling

Bilde fra Torvald av Ibrahim Fazlic. Foto: Hans Petter Eliassen


Publisert
16. februar 2024
Sist endret
16. februar 2024
Tekst av

Kritikk Teater

Vinterscenen av Grenland Friteater

Festival i Porsgrunn

8.-11. februar, 2024


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/ein-festival-om-utvikling
Facebook

(Ingen innlegg)

Gjennom eit fokus på dei andre set årets utgave av Vinterscenen lys på samfunnet sine undertrykkande sider gjennom ferdig og uferdig scenekunst.

I årets versjon av Vinterscenen har festivalen sikta høgt på eit omfattande og vanskeleg tema, nemlig korleis kunsten kan setje lys på undertrykte grupper i samfunnet. Framsyningane under festivalen har to ulike perspektiv; det antroposentriske med menneske i sentrum, og det økologiske som prøvar å sjå vekk frå tanken om menneske på toppen av pyramiden. Festivalens undertittel er "De Andre og undertrykkelsen av Dem" og frå eit antroposentrisk perspektiv er ein del av verka fokusert på diskriminering i form av legning, etnisitet og kjønn. Men dei andre er òg menneske som har slitt med rus, opplevd psykose, eller som har ein rolle i samfunnet som er blitt stempla som noko negativt, eksempelvis å vere stemor. Ved å forholde seg til så mange grupper strekk festivalen seg langt for å dekke eit stort mangfold, men fordi ein god del av dei kunstnariske prosjekta på programmet framleis er i utvikling fell ikkje samanhengen i programmet saman sjølv om temaet strekk langt. Men festivalen stoppar ikkje med utvikling, den tar steget vidare og ser på korleis scenekunstfeltet er i endring. Der scenekunst tradisjonelt har hatt eit antroposentrisk utgangspunkt med menneske og deira utvikling som kjerne i dramaturgiane, tar fleire kunstnarar no opp eit økologisk perspektiv som drivkraft for handlinga. Her er dei andre dyra og naturen på jorda, og menneske er ikkje lenger alltid plassert på toppen av næringskjeden. Økosystemet fungerer som sentrum, og menneska blir ein del av det større biletet.

Å vere ein del av prosessen

Vurderinga mi blir naudsynt påvirka av at mange av dei kunstnariske prosjekta eg har sett ikkje er ferdigstilla, men eg har gjort meg nokon refleksjonar omkring kva det vil seie å vere vitne til prosjekt i utvikling under ein festival. Det store antallet prosjekt i utvikling gjer at festivalen blir til ein samtale mellom publikum og kunstnarar. Det er modige kunstnarar som oppfordrar sterkt til tilbakemelding og som sett av tid til dette i arrangementet sitt. Eg opplev at vi (publikum) får ein sjanse til å tilføye perspektiv og meiningar som til dømes ein premiere ikkje ville gjort. Den fyrste arbeidsvisninga eg var med på var Siri Broch Johansen/Juho-Sire si ilesesetjing av eit nytt manus. Vi sat saman i ein stor sirkel medan replikkar blir opplesne av tre skodespelarar frå Grenland Friteater, Trond Hannemyr, Frida Oline Winther og Anette Röde Hagnell. Johansen tar utgangspunkt i Nasafjellet, eit fjell som ligg på grensa mellom kommunane Rana i Noreg og Arjeplog i Sverige. Dette fjellet har ei sterk symbolsk tyding for samar og reindrift då det på 1600-talet vart oppretta gruvedrift her. No er det igjen snakk om å starte ny gruvedrift for uthenting av silisium, eit mineral brukt for å lage mobiltelefonar. Ho drar fram viktig og aktuell debatt om natur og vern. Manuset har ein solid balanse mellom å fortelje om sår frå fortida som enno ikkje er lega og å vere merksam på kva vi gjer mot naturen i dag. Johansen har med ein del fakta om korleis teknologi og spesifikt mobilbruk påverkar miljøet, og ho legg desse fakta fram på ein måte som eg ikkje har høyrt forklart før og som er augeopnande. Eit av dei finaste poenga ho drar fram er at teknologi er ein del av naturen, dermed er den òg avgrensa av naturen. Inkluderinga av uferdige prosjekter gjer at den formelle terskelen senkast. Dette er ikkje ein festival som handlar om prestisje, og eg meiner dette på best mogleg måte. Her handlar det om å gi plass til framsyningar for å utforske potensialet i dei. Festivalen blir til eit utgangspunkt som oppfordrar til å sjå seinare ferdigstilla framsyningar, om dei er i Porsgrunn eller andre stadar. Vinterscenen oppfordrar til opne og uformelle samtalar og dannar på denne måten ein inkluderande atmosfære for vitjande. Det er noko vakkert i å vere vitne til scenekunst som er i produksjonsfasen for denne openheita rundt utviklinga gjer meg investert i produksjonen, sjølv om eg ikkje har gjort anna enn å sjå på.

Viktige samtalar

I løpet av tre dagar får eg med meg atten arrangement der godt over halvparten er arbeidsvisningar. Festivalen ønska å skape rom for opne samtalar mellom kunstnarane og festivaldeltakarane, og utførte dette gjennom å opne for samtalar i etterkant av arbeidsvisningane. Dette kalla dei forum. I festivalen sitt siste forum sat produsentar, publikum og scenekunstnarar samla for å oppsummere det Vinterscenen hadde hatt på programmet. I leiing av forfattar Erland Kiøsterud gjekk vi gjennom årets program. Ordet var fritt for alle i rommet, og samtalen gjekk mellom anna inn på utvikling av monokultur, altso ein kultur der perspektiv ikkje blir utfordra, gjerne for å unngå å bli krenka eller å krenke andre. Frykta for å få ein sterk motreaksjon eller å bli kansellert fordi ein kan kome til å seie noko politisk ukorrekt vart diskutert som ein årsak til monokultur. Denne årsaka vart tatt opp i forbindelse med framsyninga Torvald som eg kjem tilbake til, men samtalane vi hadde i dette rommet bidrog til ei forståing om korleis festivalen arbeider for å løfte fram dei andre og skape open kommunikasjon i rom der det er trygt å utfordre perspektiv.

Vinterscenen har henta inn kunstnarar som utfordrar det antroposentriske perspektivet. I det avsluttande forumet dreia samtalen seg mot den moglege, framtidige transformasjonen av scenekunst frå eit antroposentrisk til eit økologisk perspektiv. Denne transformasjonen fekk vi føle på i fleire av arbeidsvisingane, deriblant Erik Valentin Berg sitt verk Rovdjursfrågan, Zoe Christiansen sitt Almanakk og Siri Broch Johansen si lesing av eit nytt manus. Desse tre framsyningane hadde ulike framgangsmåtar, men alle hadde spørsmål om naturen i sentrum. Berg viste oss biletlege representasjonar av ulv og industrialisering av naturområder gjennom fysisk performanceteater. Christiansen tok publikum med på ein sanseleg og kulinarisk forteljing om tang og tare som enda med tangsuppe til lunsj, dette for å vise til eit bærekraftig forhold mellom matlaging og naturvern. Johansen sitt manus om Nasa er sterkt knytt til natur, og sjølv om det òg tar for seg undertrykking av samar og deira rettar, ser eg på denne ilesesetjinga som ei blanding av både eit antroposentrisk og økologisk perspektiv. Desse, og fleire av dei andre, framsyningane bidrar til økologisk utvikling gjennom både scenekunst og verka sine politiske bodskap.

Urpremiere

Sjølv om fleire av framsyningane er under utvikling, så er det òg ferdige framsyningar som tidlegare er blitt vist i tillegg til eit par urpremierer. I Torvald av Ibrahim Fazlic følg vi Torvald Helmer frå Henrik Ibsen sitt stykke, Et Dukkehjem, og vi blir vitne til han sitt liv i etterkant av at Nora forlét deira heim. Publikum sit langs eit festdekka langbord, og tittelkarakteren (spela av Harald Kolaas) har hoppa fram til vår tid og lev no som aleinefar. Han høyrer til i det øvre skiktet av middelklassa og er ein skilt, heteroseksuell, cis, kvit, 50-noko år gamal mann som har mykje på hjertet. Eg kjenner på stor provokasjon, og ikkje berre i møte med denne mannen, men i tankane eg sit att med i ettertid. Fazlic har skapt noko som får meg til tider til å sjå på den kvite mannen som eit offer, nokon å føle medkjensle for. I ettertid gjer dette meg forvirra, for den kvite mannen i dei lista kategoriane overfor er eit offer — for likestilling. Det må han tåle. Jamvel stiller Fazlic spørsmål som er viktige å reflektere over. Er den sosiale dissinga av kvite menn over femti gått så langt at formålet (likestilling) ikkje lenger balanserer ut konsekvensane? Eilif (Eilif Fjeld) er med i stykket som ein heller blyg, men sjarmerande, ung, kvit mann. Men i Eilif har vi ein mann som har isolert seg frå samfunnet, og slik kommenterar framsyninga på incelkulturen som vi ser ei auke i. Når festivalen snakkar om dei andre, så er det fint at eit vanskeleg tema som incelkulturen blir tatt opp, då det representerer ein isolasjon frå samfunnet som kjem av framandgjering. Eilif blir framstilt som ein konsekvens av kampen for likestilling gjennom orda frå Torvald, men igjen ligg det eit lag til under. For Torvald er sint, og i sitt sinne seier han til Eilif at kvinna "vil bli brukt" og ho vil "føle seg liten". Fazlic set lys på ein ond sirkel skapt av mangel på kommunikasjon. Den kvite mannen i femtiåra blir (i Torvald si oppfatning) utestengt frå samfunnet, og sinnet blir vidaresendt til ein ung, kvit mann som er sårbar i sin ufrivillige isolasjon frå partnerforhold. Det er lag på lag med dømer som er viktige i refleksjonar rundt kampen for feminisme, utan at framsyninga på nokon måte hintar til at likestillingskampen er fånyttes eller feil. Det er derfor Torvald er så provoserande, for eg syns ikkje menn over femti blir stilna, tvert imot høyrer eg dei kvar dag. Men det gjer ikkje problemstillinga om oppfatning av misnøye for kvite menn over femti grunnlaus når konsekvensane av å ikkje ha ein open diskusjon om temaet kan vere ei auka avstand mellom kjønn for framtidige generasjonar.

Komande scenekunst

Den økologiske scenekunsten blir tatt meir i bruk for å kommentere på bærekraftig utvikling, og slik tar Vinterscenen ein aktuell stilling til både ivaretakelse av naturen og ei endring i scenekunst. Temaet rundt dei andre og undertrykking gjer at framsyningane heng saman på trass av ulike andre og ulike formar for undertrykking. Dette heng òg godt saman fordi programmet har handla om refleksjonar for framtida. Det er tydeleg for meg at festivalen tar seg sjølv seriøst og ønskjer å utvikle scenekunsten mot ei økologisk og bærekraftig framtid, spekka full av open kommunikasjon. Noko av det eg likar best med årets Vinterscenen er samtalane i etterkant av arbeidsvisningane. Samtalane underbyggjer arbeidet festivalen jobbar for når det kjem til open kommunikasjon, og eg får ei personleg forteljing om kva det vil seie å vere ein del av ei undertrykt gruppe som eg sjølv ikkje kjenner til. Festivalen byr på utvikling av scenekunst og i opne samtalar lar den publikum utvikle seg i takt.


Kritikk
Sårbarhet og tilstedeværelse

Vinterscenen presenterer et festivalprogram som undersøker refleksjoner om sårbarhet og tilstedeværelse i betente politiske, økonomiske og personlige landskap.

av Marianne Solberg
Intervju
Et kollektiv av individualister

– Grenland Friteater er ikke én ting. Vi er ulike skapende kunstnere som av og til lager forestillinger sammen, sier Tor Arne Ursin. Scenekunst.no har snakket med to av kunstnerne i frigruppa som i år har eksistert i 40 år.

av Judith Dybendal
Kritikk
Perverst underholdende

I “Mamma Masochist” beveger Ibrahim Fazlic seg farlig nær en grense det er vanskelig å definere, men han holder seg på elegant vis innafor hele tiden. Med ham har en ny figur og stemme gjort sitt inntog i norsk scenekunst.

av Chris Erichsen

S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no