S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk

Lydteknikar - Det Vestnorske Teateret


Arbeidsgiver
Det Vestnorske Teateret

Stillingstittel
Lydteknikar

Arbeidssted
Bergen

Frist
12. mai 2024

Kontakt
Torbjørn Hjelmen
Teknisk sjef
920 25 133
torbjorn(a)detvestnorsketeateret.no

Søk på stillingen
Del annonse
https://scenekunst.no/stillingsannonser/lydteknikar-det-vestnorske-teateret
Facebook

Det Vestnorske Teateret søkjer lydteknikar i fast 100% stilling.

Om teateret:

Det Vestnorske Teateret er eit nynorskteater for alle som bur på vestlandet. Teateret har fast scene midt i Bergen sentrum, men turnerer òg i regionen. Me har ei sterk satsing på ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske. Teateret har ei hovudscene og ei blackbox-scene, og i tillegg ei barscene, så det vert produsert og spelt på tre ulike scener i tillegg til noko turnéverksemd. Teateret har 25 årsverk, fordelt på teknisk avdeling, kunstnarleg lag, og administrasjon. Teknisk avdeling består av om lag 7 årsverk. Drifta har tilskott frå stat og fylkeskommune, og den største eigaren er Vestland fylkeskommune.

Om stillinga: Det er ei fast 100% stilling ved teateret. Lydteknikaren er organisatorisk plassert under teknisk sjef. Lydteknikar er ein av 6 medarbeidarar som arbeider med å rigge, drifte, produsere, og avvikle, framsyningar ved teateret. Ofte tett saman med lyddesignar og-/eller instruktør, og nokre gonger sjølvstendig.

Arbeidet består mellom anna i å:

  • planleggje, utvikle, og rigge dei lydtekniske løysingane framsyningane treng
  • følgje opp det lydtekniske arbeidet på scenen i prøveperioden
  • avvikle framsyningane på teateret sine ulike scener
  • sørge for at dei lydtekniske systema og infrastrukturen vert oppdaterte og vedlikehaldne
  • sjå til kommunikasjonssystema til teateret, det gjeld mellom anna medhør og medsyn

I periodar kan lydteknikaren òg setjast til andre oppgåver underlagt teknisk avdeling. Stillinga inngår i eit teknisk team med flytande samarbeid mellom verkstad, scene, lyd, lys og kostymeverkstad. Lydteknikaren arbeider i dag etter gjennomsnittsberekningsavtale, og ein må rekne med kvelds- og helgearbeid, og noko reising.

Me søkjer etter:

Me søkjer ein person som ynskjer å bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og som kjenner seg igjen i noko av det som er lista opp under:

Overordna:

  • Beherskar norsk, skriftleg og munnleg. Språkforståing og evne til å skjøne nyansar i språket vil vere eit av dei viktigaste kriteria lydteknikaren har for å løyse oppgåva med formidling av tekstane teateret skal presentere for publikum.
  • Beherskar engelsk, då det er fagspråk for alt teknisk utstyr/verktøy.
  • Har særs god høyrsel.

Fag

  • Utdanning innan lydteknikk, elektro eller andre relevante fag. Realkompetanse kan i nokon grad kompensere for manglande utdanning.
  • God kjennskap til snapshot/scene programmering i Digico SD Theatre Software. (Teateret nyttar Digico SD9 og SD11 i produksjonane, samt Midas M32 til mindre arrangement)
  • God kjennskap til avansert programmering i qLab5
  • Erfaring med store lydproduksjonar med både mangfald av aktørar på scene, og band/orkester i tillegg.
  • Denne erfaringa må innebere omfattande bruk av trådlaust teknikk som handhaldne mikrofonar, in-ear, og myggmikrofonar (Teateret nyttar Shure Axient)
  • Bruk og konfigurering av trådlause system (Teateret nyttar Shure WWB)
  • Erfaring med opptak og DAW for lydredigering og multitracking, samt produksjon av kontentum.
  • Erfaring med virtual soundcheck.
  • Erfaring med AoIP (Dante/Ravenna(AES67)) og kunnskap om nettverksbasert AV utstyr
  • Kunnskap om DHCP og administrerbart nettverk.
  • Erfaring med oppsett av PA system (Teateret nyttar L-Acoustics A15 på Hovudscenen, med LA Network Manager)
  • Erfaring med høgtalar plassering for ulike publikumsoppsett (Teateret nyttar Rational Acoustics SMAART til PA tuning).
  • Kjennskap til intercom systemer, og medhør og medsyn (Teateret nyttar Riedel intercom)
  • Erfaring med service og vedlikehald av lydutstyr.
  • Det er ein fordel med kompetanse på områder som akustikk, elektronikk, svakstrøm o.l.
  • Ein fordel med kunnskapar om TCP/IP og datanettverk.
  • Det er ein fordel med riggsertifikat eller annan dokumentert opplæring innan rigg av sceneteknisk utstyr.
  • Du må gjerne ha gjerne ha erfaring med strømming, kamera og videomix, grunnleggjande kunnskap om lys, projeksjon og videoavvikling, og lyddesign, men dette er ikkje noko som er naudsynt for å søkje stillinga.

Person:

  • God teknisk innsikt, også utanfor lydfaget.
  • God fysikk.
  • God meistring av arbeidspress i hektiske periodar.
  • Punktleg.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter.
  • Positiv, strukturert, løysningsorientert, fleksibel og serviceinnstilt haldning.
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team.
  • Førarkort klasse B er ein fordel. Teateret disponerer mellom anna ein stor varebil.
  • God kjennskap til HMS-arbeid.

Me kan tilby:

Løn etter tariffavtale.

God pensjons- og forsikringsordning.

Avspaseringsordning og god ferieordning.

Ein utfordrande og allsidig jobb i eit triveleg og kreativt miljø.

Varierte arbeidsoppgåver.

Og gode arbeidsverktøy. Det Vestnorske Teateret ynskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og utnyttar potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Me oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss. Teateret er underlagt offentleglova. Send søknad med CV til stilling@detvestnorsketeateret.no


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no