S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Erik Ulfsby – 6. desember 2019

Teateret som kollektiv arena

Bilde fra Det Norske Teatrets Charlie og sjokoladefabrikken. Foto: Erik Berg. Scenografi: Gjermund Andresen. Kostymer: Christina Lovery


Publisert
6. desember 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/teateret-som-kollektiv-arena/
Facebook

Teatersjef på Det Norske Teatret, Erik Ulfsby, svarar Julie Rongved Amundsen og Mariken Lauvstad i debatten om familieframsyningane.

La oss vere samde om at ein diskusjon rundt teater for barn og unge er viktig, og vi er glade for at kritikken er levande. Det Norske Teatret vel å bruke store ressursar på feltet. Da er det fint med tilbakemeldingar. Etter to lange tilsvar frå panelet i podcasten Scenesamtaler, finn eg grunn til å presisere nokre få punkt.

Mariken Lauvstad innleier sitt tilsvar med at det er mange spørsmål «som ingen hittil har besvart». Eg skal forsøke. Det første spørsmålet i podcasten er kvifor det ikkje er alternativ for barn på andre scenar enn Hovudscenen. Det blir påstått at det vaksne publikummet blir tilbode breie kommersielle titlar, slik at teateret kan ha smalare satsingar. Men det er ikkje noko alternativ for barna, det er ikkje framsyningar for dei på Scene 2 og Scene 3. Det er altså ikkje tilfelle, vi spelte HyPer i Egypt på Scene 2 og Kva nashornet såg på Scene 3 i fjor, berre som eitt døme. Og det kan ein heller ikkje velje å sjå bort frå, sjølv om det passar dårleg med poenget for kritikken som kjem. Vi opplever stadig å bli konfrontert med påstanden om at barna aldri får presentert nye historier, at det berre er kjente titlar som har ein nostalgisk klang i foreldregenerasjonen som blir vist for denne gruppa, og at det ikkje blir spelt anna enn breitt oppbygde familieframsyningar på hovudscenane. Dette er feil, og viss ingen redaksjonar faktisk anerkjenner at det skjer meir på feltet, så blir påstanden ståande og gjentatt med ei viss hyppigheit – også i rikspressa. Det er vi som felt ikkje tent med, og eg meiner derfor at det er viktig at bransjen ser dette. Sjølv om dei sjølvsagt står fritt til å meine at det som blir vist ikkje er godt nok. Men det ER der likevel.

Og så kjem etterlysinga av fagkunnskap om barneteater. Det er visstnok ein kompetanse som manglar ved institusjonsteatera, men som lever godt utanfor. Eg veit ikkje, men er ikkje det å teikne eit bilde av distanse, om ikkje skott, mellom det fri feltet og institusjonsteateret? Ein skal vere forsiktig når ein vurderer, måler eller vektlegg fagkunnskap, erfaring og spisskompetanse som kvalitetskriterium. Når har du kompetanse til å regissere for vaksne? Når har du kompetanse til å regissere for barn og unge? Er det ikkje mogleg å sjå for seg at du kan lukkast i begge kategoriane? Svein Tindberg sette opp Utafor på Hovudscenen på Det Norske Teatret våren 2018. Framsyninga fekk ein Heddapris i kategorien Beste framsyning for ungdom. Hadde han kompetansen til å gjere det? Eg vel å meine det. Regissøren på Charlie og sjokoladefabrikken hadde vist seg å klare den relativt vanskelege oppgåva det er å setje opp på Hovudscenen vår. Den er stor, den største teaterscenen i landet, faktisk. Den er komplisert, og krev ein regissør som evnar å halde oversikt i eit enormt apparat. Vi ønskte ein regissør som tente på stoffet. Som kunne få over Roald Dahls frodige, dryge og leikne univers. Som hadde særleg sans for humoren, den britiske, ein sans du ikkje kan søke deg nokon stad for å få kompetanse i. Vidar Magnussen har vist at han beherskar humorfaget. Han har ein frodig fantasi som passar utmerkt i møte med karakteren Willy Wonka, viss læresetning er at fantasien er det viktigaste menneske har. Men om du ikkje trur, eller forstår, så er ikkje fantasien levande, du ser det ikkje. Og – ikkje minst – når vi spør ein regissør om å setje opp ved Hovudscenen på Det Norske Teatret, eller for den del på dei andre scenane, så er det jo i vissa om at vedkommande ikkje gjer jobben åleine. Vi har eit kompetent fagleg apparat – ein scenograf som skal forløyse scenerommet, ein kostymedesignar med fagleg tyngde, ein erfaren koreograf, maskedesignarar, dramaturgar og teknisk personale som kjenner feltet. Vi testar sjølvsagt framsyninga på eit publikum før ho blir sleppt ut i offentlegheita. Kva for kompetanse, fagkunnskap eller erfaring er det som manglar her? Det er ikkje openbert. Eg vil påstå at om vi ikkje stolte på eigen opparbeidd kunnskap, gjennom tiår med arbeid for barn på scenen, eller let openberre regitalent sleppe til i nær sagt alle sjangrar i repertoaret, ville vi risikere å miste meir enn vi vinn. Eg har tru på ein miks av utforsking, tillit og ein dose risiko i arbeidet med å utvikle scenekunsten.

Så til spørsmålet om økonomi. Viss det er slik at panelet i podcasten eigentleg ikkje synest «det er så interessant i seg selv, fra et kritikerperspektiv, å diskutere hva teatrene gjør av økonomiske motiver», kvifor blir argumentet da gjentatte gonger servert, at vi set opp familieframsyningar for å tene pengar? Vi gjer jo ikkje det. Og som det vidare står i tilsvaret «når man som kritiker kritiserer teatrene for kommersiell tenkning er svaret fra institusjonsteatrene ofte det samme». Ja, kvifor? Fordi det blir meir enn antyda at vi programmerer som vi gjer for å sikre høg inntening. Det er ein myte, og eg meiner at vi i feltet bør vite dette. Eg hadde ikkje nemnt det i tilsvaret om ikkje dette representerte ein betydeleg del av samtalen. Skal vi snakke økonomi, som altså podcasten sjølv seier at dei er lei av å trekke fram som argument i kritikken, så må premissen vere rett. Innteninga ved Det Norske Teatret ligg elles på godt og vel det dobbelte av det talet som blir brukt i samtalen. Heldigvis.

Panelet er også opptatt av å undersøke kvifor nokre format for barn synest å dominere, og kvifor nokre av dei same utfordringane ofte gjentar seg i desse framsyningane. Eg vel å snu det litt på hovudet. Ja, det blir spelt ambisiøse og påkosta framsyningar for familiesegmentet på Hovudscenen. I ei tid som er fragmentert og der alle, uansett alder, har tilgang på alderstilpassa, interessetilpassa og tidstilpassa underhaldning, ser vi det som ein styrke å kunne samle familien til ei felles oppleving. Tidlegare var det enklare å samle familien rundt eit felles prosjekt. I dag har alle tilgang på tv-seriar, underhaldningsprogram, filmar og app’ar som gjer at den kollektive kjensla, det å i fellesskap vere i det same, i langt større grad er borte. Det er godt mogleg at det er nostalgisk å tenke slik, å verne om det samlande i teatersalen. Men vi ser stor verdi i at familien kan finne grunn til å oppsøke teateret i samla flokk.

Eg deler ikkje tungsinnet podcastens panel kjenner over utviklinga i feltet. Både barn og unge skal kjenne at vi tar dei på alvor. Vi kan og vil alltid bli betre, og vi satsar på å utvikle oss. I morgon er det premiere på eit viktig prosjekt på Rommen scene. I samarbeid med Stovner bokseklubb set vi opp BEST, med ungdomar i alderen 15 til 18 år. Dette er utvikla i nært samarbeid med lokale krefter og tar opp tema som identitetsproblematikk, lojalitet og vennskap. Det er ikkje alltid enkelt å få merksemd kring smalare prosjekt. Heller ikkje kritikarar kjem. Det betyr likevel ikkje at dei ikkje finst!


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no