S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Dordi Strøm – 6. november 2019

Spor i snøen

Scenografien til Døden kommer ikke med ljå på Joen i Fjaler. Foto: Dordi Strøm


Publisert
6. november 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Essay Teater

Døden kommer ikke med ljå

av Nina Ossavy med: Terje Ranes

Premiere 6. april 2019 på Studenterhytta i Sørkedalen i Oslo. Denne teksten er basert på visningen på Joen i Fjaler under Teaterfestivalen i Fjaler i september 2019.

Teksten Spor i snøen er del av prosjektet Scenografi som tekst. Prosjektet skal bidra til å styrke refleksjonskompetansen om dei visuelle- og audiovisuelle virkefelta i Norsk scenekunst. Målet er innsikt og ny refleksjon. Strøm har motteke støtte til Scenografi som tekst frå Fritt Ord.


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/spor-i-snoen/
Facebook

Dordi Strøm har spunne vidare etter at ho så Døden kommer ikke med ljå på Teaterfestivalen i Fjaler i september. Kven var Ted Kaczynski, og kva seier hans forferdelege handlingar om livet vi alle lever?

Det regnar og det regnar meir. Vi går langs vegen frå Dale sentrum opp bakken forbi ungdomshuset Trudvang og Det siste eposet, og vidare forbi den nye Coopen. Den dei bygde utan å spørje folk i bygda. Dei la ned Samvirkelaget i sentrum, og bygde ein gigantisk Coop her oppe. Det er ingen som går eller syklar hit for å handle, alle køyrer hit. Men vi skal vidare, forbi Fjalerhallen der kor Ways of Seeing speler, og Pia Maria og Sara og Hanan, dei viser scenekunst om måtar å sjå på, og dansebandet Marie og Morten visar Grease Is the Way We Are Feeling. Vi skal rundt svingen, og så rett fram eit stykke til, forbi ein oppstillingsplass for landbruksmaskiner og inn til venstre. Der går ein veg som deler ei mark i to. På kvar side av vegen ligg det grøne bøar, og i enden av vegen ligg Joen. Heile gardsplassen mellom fjøset og huset er full av bilar, og der er løa. Den er raud. Spelelokalet Joen heiter det i programmet, og i løa hjå Kari på Joen er det framsyning no klokka fire. Vi skal sjå Døden kommer ikke med ljå av Nina Ossavy og med Terje Raanes i rolla som Ted Kaczynski.

Ted Kaczynski var matematikaren og universitetslæraren som flytta ut i villmarka. Han fekk det ikkje til i byen, han lukkast ikkje med menneske, med kvinner, med kollegaer, studentar, så han slutta, fekk han sparken, eg veit ikkje, men han flytta ut i skogen. Han tok berre med seg børsa, og fyrstikke kanskje, og noko å skrive på og med, berre det mest nødvendige. Han bygde seg ei hytte, ei enkel hytte med plankeveggar, ei seng, ein stol, eit bord, ein omn.

Han ville berre vere i fred. Han vil ha eit stille liv i hytta i skogen. Men då han ikkje fekk det, ville Ted Kaczynski råke dei som forstyrra han. Han ville skade dei han meinte var ansvarlege for ei teknologisk utvikling som øydelegg naturen på jorda.

Døden kommer ikke med ljå hadde premiere 6. april 2019. Då var den funne scenografien Studenterhytta i Nordmarka utanfor Oslo. No er dei her, Nina Ossavy og Terje Raanes, og skal ha framsyning her i ein annan scenografi enn sist. Her er scenografien fjøset i løa på Joen i Dale, kor det er festival og festivalen har motmakt og avmakt som tema, og når eg tenkjer på Ted Kaczynski, så tenkjer eg mest på avmakt.

Eg tenkjer på den avmakta han kjenner han som sendte brevbomber og drap i desperasjon over den avmakta. Det at ein ikkje kan gjere noko, den kjensla ein har når ein kjenner seg avmektig. Det er det vi er, vi som er eldre, vi som inst inne ikkje trur på at det er hjelp i å demonstrere, vi som ser dei unge ta til gatene, vi som gret når Greta gret, for inst inne trur vi kanskje ikkje at det er håp at det er hjelp å få, vi kjenner på den avmakta, og vi kjenner oss sjølve og at makta er så mektig, vi kjenner at vi er avmektige. Mektig avmektige er vi.

No sit vi tett i tett på stolar med ullteppe i fjøset til Kari på Joen, og vi ser mot den lyssette fjøsveggen der kor nokon har satt inn ein kjøkenbenk i furu frå 1980- kanskje 1990-talet. Den har skuffer og skåp og utslagsvask, og er framand og litt heimlaus. På veggen over den heng ei hylle med flasker, såpe, bruksting ein finn på eit moderne kjøken. Dei har ikkje rydda før framsyninga. Nina Ossavy og Terje Raanes har ikkje rydda vekk det som stod her då dei kom, dei har latt det stå. Dei har satt inn ein pinnestol attmed kjøkenbenken, og så har dei latt dette vere scenografien. Kanskje har dei tenkt at rekvisittane er del av framsyninga. Det er i alle høve slik det blir no for lyset treff benken, og hyllene og veggene og golvet og vi les rommet og huset og staden inn i historia om Ted Kaczynski, Unabombaren.

Når Terje kjem inn, sett han seg ned på stolen, men han brukar ikkje dei andre rekvisittane som står her. Det han brukar har han med seg når han kjem inn. Han har med seg ei bok og ein termos, det er dei einaste rekvisittane han brukar, og brillene, Terje har briller han tar av og på seg.

Resten av veggen i scenografien har spor etter plankar. Er det båsar kanskje? Eller rekkverk som inngjerding for dyr, sauar kanskje? Her har sett annleis ut før. Midt på veggen er det ei gamal dør, framfor den ein stol. Ein lyskastar peikar mot stolen. Her er murgolv og murveggar og spor etter eit anna liv, eit arbeidsliv. Eit strev. Over oss er høyloftet, det er kanskje tomt no, det høyrest tomt ut, som ei stor tromme. Vi kan høyre regnet hamre på tromma, på taket av løa. Naturen snakkar, den er med, og det har regna unormalt mykje dei siste dagane. Det er desse endringane den verkelege Ted K er redd for i dag der han sit på cella si på livstid i eit fengsel i USA, og vi er og redde for dei, vi veit om det, vi er redde, men kva gjer vi? Vi blir nedstemte, engstelege, triste, vi vil tenke på noko anna. Hysj, sang dei Frie radikale på fredag, tenk på noko anna. Hysj!

Og vi er stille no, vi sit tett i tett, og vi ventar for vi vil høyre, vi vil låne øyret til ei stemme, ein einsam mann si stemme i ei løe i eit fjøs i ei hytte i ei celle. Terje Raanes kjem inn, han ventar, han er klar, sol går ned, sol står opp, han byrjar snakke, roleg. Han er Ted. «Strev er undervurdert» seier Ted. Ein kan ikkje overdrive tydinga av strevet. «I skogen finnes ikke kjedsomhet, adspredelse, underholdning».

Terje er lågmælt, og han snakkar sakte, tar pausar, tar av seg brillene, let att auga, opnar dei igjen. Tar på seg brillene. Han teier. Han balanserar mellom dette stille og svevn, det lågmælte og svevnen. Han sett seg ned på stolen, han tar av seg brillene og lukker auga. Sol går ned, det er natt.

Så fortel han kva han ser i draumen, og vi ser det vi og, vi ser ein mann i ein skog med ei børse på aksla. Han hentar snø han skal smelte. Han skal lage frukost, han bøyer seg ned og fyller kasserollen med snø, han retter seg opp igjen, ser opp mot himmelen. Han står og ser og ser, så snur han seg og går tilbake til hytta, han går i sine eigne fotefar i snøen tilbake opp til hytta, han opnar døra, går inn. Dag blir kveld, og kveld blir til natt. Når han let att auga ser vi skogen og sporet han etterlet seg som berre er fotefar i snøen, det er berre Bestefar kanin som ser dei fotefara før dei snør igjen, eller regnar bort, når våren kjem.

Det er så fint det Ted fortel, og vi ser det vi og, vi ser alt det han fortel om, og det er lett å identifisere seg med Ted Kaczynski. Det er lett og forstå at han ville vere åleine, og det er lett og identifisere seg med den avmaktskjensla og den uretten han opplevde. Det er lett å forstå at han vart sint. «Eg vil forstå kvifor han vart så sint», seier regissør Nina Ossavy i eit intervju med Frontlosjen, og vi forstår det. Det har dei klart så fint, å vise korleis han kjenner sinne og desperasjon når det han har, blir tatt ifrå han, når makter større enn dei han rår over sjølv, råkar han og det enkle livet han vil leve. Avgjerer som gjer livet slik han vil leve det umogleg, og som øydelegg naturen.

Vi sit i lag med Ted K i denne scenografien som er eit fjøs, og vi høyrer at det er stilt i eit fjøs no på denne tida av året. Om det er sau på garden så er den kanskje ute framleis, og kyr bur her i alle høve ikkje lenger, nei det var før, kanskje var det kyr her før, før tida med nedlegging og nedgangstider på bygda tok til. 112 000 gardsbruk er lagt ned i Noreg sidan 1970 skriv nrk.no. Det er sju gardsbruk kvar dag, kvar einaste dag, og kvinnene dei flytta frå bygda. Dei fleste som vart igjen var menn. Mange var odelsgutar. Dei sat åleine igjen i det dei endeleg fekk arve, men som ikkje var verdt noko lenger.

Her på denne garden i denne løa i denne scenografien blir Ted Kaczynski til ein einsam bonde, ein arveprins utan land, og ingen vil leve med han her, han blir ein trist mann, ein avmektig og kanskje farleg mann. Han kjem frå kjempar, dei som bygde landet, men no er det over. Verda vender seg bort frå marka, frå jorda, bort frå fjøset og låven og det som før var hjartet i landet, i økonomien. Landbruket, livsnerven, kornet, brødet, matfatet. Verda vender blikket vekk frå jorda, og inn mot byen, inn mot det urbane livet som lever i lyset frå draumar på ein skjerm.

Han arva jorda. No er det ditt alt saman, sa dei som levde her før han. Alt dette er ditt, det er oss du kan takke, sei takk. No er turen komen til deg, no skal du ta vare på arven, det vi levde og sleit og døydde for. Vi gjorde det for deg, vi braut stein og rydda marka til nevane blødde og ryggen knakk. Det var for deg vi gjorde det for framtida, for den framtida og det livet som skal levast her på denne marka i denne skogen på dette som er ditt land din flekk på jorda, din heim for alltid. Og aldri kan du reise her ifrå, aldri, aldri skal du svikte, aldri, aldri skal du vike frå det som er di plikt, og som er den same plikta som vi har hatt, den at du skal takke og arbeide og takke og arbeide så kornet veks og graset gror og folk og fe på garden får leve i glede og arbeid i glede og strev og takksemd i all framtid amen.

Slik liknar lagnaden til Ted K, han som sit fanga på ei celle i ei løe, på lagnaden til ein einsam og kanskje farleg mann på ein gard i eit tomt fjøs etter den teknologiske revolusjonen. Ted K har ingen plass lenger i familien i samfunnet. Han får det ikkje til, han lukkast ikkje. Bonden, han som før var viktigast er ikkje det lenger heller, han er ei bør ei utgift ei plage. No er det billegare å importere korn frå Tyskland, Frankrike, Sverige, Russland, Danmark. No ventar nedskjeringar, nedlegging, einsemd. Men bror til Ted, han som meldte han til politiet, han som anga sin eigen bror, han klarar seg. Han er vellukka og gift og har ungar. Og naboen på nabogarden klarar seg. Han er heldig og har ei kjerring frå nabobygda, ei som ikkje reiste til byen eller ei frå Russland frå Thailand. Dei har ungar. Det er naboen som kjem og slår graset, når slaktebilen kjem siste gongen hjelper han til med å tøme fjøset for dyr. Den nye siloen og mjølkemaskina som han var så stolt av bonden, er utgamle og utdaterte berre eitt par tiår etterpå. Utmarka er forpakta bort til ein annan kar som leiger polakkar til å slå for seg. Dei kjem med utstyr verdt meir enn heile garden og lagar siloballar av alt graset bak låven berre på ein formiddag. Der som dei brukte veker på å slå og hesje og køyre inn graset for berre nokre år sidan. Ja, det var i går trur han mest, det kjenst som om det var i går.

Og familien arbeidde i lag, strevet batt dei saman, han som var far og ho som var mor, ho som var syster og som reiste til byen, og han som var bror og odelsgut, han som fekk køyre traktoren. Dei sette opp hesjer og strama ståltråden og la på ei ny rekke og hesja vart full og sola varma, og ho som var mor gjekk opp til husa og laga til nons, dei fekk rømmegraut og saft hadde dei i ei korg i enden av eine hesja med gladpack over mugga så ikkje fluene og kleggen skulle drukne i den raude safta, den som ho hadde laga sjølv ho som var mor. Rips og solbær i frå hagen som han hadde plukka han som var far. Og slektningar var der og hjelpte til, og dei var ein heil flokk og dei trødde siloen og hoppa i høyet, og om dei stod musestille på golvet i løa kunne dei høyre svak piping. Kunne det vere kattungar, det var kattungar, tolv søte små kattungar utan auge enno, og dei må få ligge i fred til dei blir store om mora luktar oss på ungen så vil ho ikkje ha han. Ikkje rør dei, dei må få leve og herregud kor søte.

Å, herregud, denne sorga som er så stor over alt det tapte over landet vi tapte over arbeidet og strevet vi tapte, og der er den igjen, avmakta. Einsemda og avstanden til byen og makta som legg ned lokale fødeavdelingar, kuttar investeringane i landbruket, sel fisken til kvotebaronar og gjer vekk verdsarven i gåve til danske vindturbinspekulantar. Overmakta er blinda av den teknologiske utviklinga Ted K slost imot, og tvingar digital kompetanse inn i grendeskulen før dei legg han ned. Dei trur det er bra at ungdommen ikkje lærer seg å sløye fisk, strikke, teikne, synge, ikkje lærer seg sjølvberging, fordi dei treng digital kompetanse. Så sit dei der, odelsgutane og odelsjentene, på kvar sin holme med skjermane sine og vert dobbelt isolerte dei som liksom skulle nyte mest av fiberkablar og internett og www. Einsemda og depresjonen får gode vekstvilkår. Det skjer i byane, men det er verre på bygdene. Ungdomen er meir isolert enn nokon gong. Den digitale revolusjonen som skulle bringe oss nærmare kvarandre, er eit bedrag, den skapar større einsemd enn nokon gong før. Ungdomen ser det lysande livet i byen på skjermane og trur lukka er å bu på Oslo vest og køyre Tesla. Lukka er ein anna stad, aldri her.

Strevet, det var det han snakka om Ted K, han sa noko om det, at det er godt. Ein skal streve. For å leve må ein streve. Men dei som reiste inn til byen fekk ein stad å bu av Einar Gerhardsen. Dei fekk husbanklån og studielån og ein to-roms i åttande etasje med heis. Og det kom barnehagar og p-piller og sjølvbestemt abort, men det var seinare og det var det ingen som ga, det måtte dei kjempe fram kvinnene og det gjorde dei. Og slik tok livet til for middelklassen i byen.

Kva for scenografi vaks dei opp i dei som reiste til byen på femti, seksti, syttitalet, dei som vendte bygda ryggen og flytta i blokk, og fylte veggane med teaterplakatar, til dømes den frå oppsettinga av Kvinnfolk av Dario Fo og Franca Rame ved Trøndelag Teater med premiere 31. desember 1980, den som Kari Gravklev var scenograf og kostymedesignar på. Og ein plakat med ein karikatur av Sigmund Freud som det står What’s on a man’s mind på, og ein kalender med Håkon Bleken-reproduksjonar av Hedda Gabler og små tallerkar som er kjøpt av ein kar med butikken i fangen på Kreta eller var det Rhodos. For folk har fått fritid, og dei har vore på sin første sydentur, den første av titusenvis av pakkereiser med fly ned til varmen. Dei reiser utan skam og dei shoppar suvenirar. Dei kjøper små pyntetallerkar, med motiv frå det antikke Hellas med krigarar i svarte silhuettar, dei heng på murveggen i blokka i ei snor frå ein krok i trelista inn mot veggen oppe i taket, det går ikkje an å slå spiker i veggen her.

Og no står Ted her framfor oss, den einsame krigaren den einsame ulven, han som tok makta i eigne hender og drap tre menneske og skada tjuetre, han er ein av dei einsame mennene, dei som drep, med brevbomber til sverd. Men han er og ein av oss, Han står her i eit fjøs som ikkje lenger husar korkje kyr eller sau eller andre dyr.

No flyttar kulturen inn i husa, og no er fjøset ein pop-up-scene, slik frisørsalongar og kunstgalleri og teaterfestivalar har tatt over landhandleri og småbutikkar og Samvirkelag over heile landet. Kultur er den nye oljen, sa kulturminister Trine Skei Grande, mon det.

No står Terje sin Ted her i ein scenografi som er ein gamal fjøs ei løe ein gamal driftsbygning eit fengsel. Om ikkje anna kan eg gjere dette, tenkte Ted Kaczynski då han flytta ut i villmarka. Eg kan bu her, og eg kan klare meg sjølv. Her kan eg leve i fred utan å øydelegge naturen. Mine fotavtrykk er berre spor i snøen. Dei er borte no.

No er dette cella, og no er det berre stolen, senga, bordet for han, og desse veggane, innestengd mellom desse veggane til evig tid, med regnet som hamrar på taket. Men om han let att auga kan han sjå ein annan scenografi, og det kan vi og. Vi kan sjå fotefara i snøen og snøen som drysser frå greinene og ein mann med ei børse, ein svolten mann som snart har alt det han treng i livet, snart har han mat, og han har ved i hytta og ei steikepanne på omnen og eit bord og ein stol og ei seng.

Om alt berre var annleis, om alt berre var slik ein drøymer om. Eg let att auga no. I svevnen skal du sjå meg att, i svevnen får eg sjå deg igjen.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no