S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Ida Habbestad – 6. januar 2013

Skvulpande serialisme


Publisert
6. januar 2013
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Nyheter

Kvart år snusar Donaueschinger Tage für Neue Musik opp interessante komponistar frå heile verda og tingar ny musikk frå dei. Festivalen starta så tidleg som i 1921 med komponistane Richard Strauss og Ferrucio Busoni ved roret. Norske innslag er ikkje kvardagskost, men i 2012 tinga dei to norske verk. Vi har møtt komponistane, Trond Reinholdtsen og Øyvind Torvund.

Øyvind Torvund (1976) studerte ved Norges Musikkhøgskole og Universität der Künste i Berlin. I 2013 er han stipendiat i det tyske DAAD-programmet. http://oyvindtorvund.com/

Lenke til intervjuet med Reinholdtsen til høgre.

http://www.swr.de/donaueschingen


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/skvulpande-serialisme/
Facebook

Feltopptak til verket Forest Walk, Animal Talk av Øyvind Torvund, 2012

INTERVJU: Kvifor treng samtidsmusikken å henta materialet sitt i skogen? Då komponist og rockegitarist Øyvind Torvund fekk tinging frå ein viktig tysk festival, måtte veloppdragne tyske musikarar spela dyrelydar.

Denne hausten vart komponistane Øyvind Torvund og Trond Reinholdtsen, presenterte med kvart sitt bestillingsverk ved samtidsmusikkfestivalen i Donaueschingen. Korleis valde dei å skriva for ein så prestisjetung arena?

Øyvind Torvund sitt stykke heiter Forest Construction. Det består av opptak frå naturen der musikarane imiterar komposisjonar baserte på dyrelydar, og ensemblet si live-framføring av komponerte svar til dette.

Før me møtest har eg fått verket på lydfil, og i lyttinga oppstår fleire inngangar til å samtala om stykket. Umiddelbart tenker eg på det oversiktlege ved lydbiletet. Eg høyrer ei rekke små gestar der kvar av dei kjem tydeleg fram. Fleire av Torvund sine stykke har ved seg dette. Lydmaterialet i seg er variert og gjerne kompakt i kvaliteten. Likevel er det ofte gjort plass til ei hending om gongen.

– Eg har ein preferanse for klare objekt, og for å arbeida med minnet til lyttaren. Heller enn å plassera mange lag oppå kvarandre, likar eg å setta dei på rekke, med ein assosiativ samanheng mellom dei, forklarer han.

Ein annan inngang er tolkinga. Oftast vert musikken til Torvund framført av norske utøvarar han kjenner godt, frå eit miljø som er nokså lite. Ved denne framføringa var det ei tysk gruppe, Ensemble Ascolta, som spelte.

– Utøvarane i Ascolta er veldig «skikkelege» og legg æra si i å spela det som står i notane. Sjølv om eg sto og instruerte, var partituret sjefen. Det seier noko kor sterk den tekstlege tradisjonen er, seier Torvund.

Konstruerte feltopptak Men mest påfallande er spørsmålet om kva som går føre seg i skogen. Torvund har fleire stykke med naturen som utgangspunkt. Neon Forest Space, heiter eitt. Wolfstudies er namnet på eit anna. Kva betyr skogskonstruksjonen i Forest Construction, og kva handlar det om når musikarar går ut i skogen for å imitera dyr i stykket hans?

– I skogen har me laga ein slags feltopptak, fortel Torvund. – Me lagar ein tenkt folkemusikk. Det er ein konstruksjon, sjølvsagt, men det er også samtidsmusikken sitt privilegium, at ein kan jobba med tankekonstruksjonar.

– Dyrelydar fascinerer meg sidan dei representerer noko arkaisk, dei er lydar som har eksistert heile tida ved sidan av musikktradisjonen vår. Sånn sett er det eit fint ur-materiale å jobba med. Lydane representerer på den eine sida eit urørt materiale. Samtidig er dei gode klisjear. Ulvehyl, knurr, klynk og bjeff er lydlege symbol for det ville.

Feltopptaka tiltrekker han, og særleg gamle voksrullopptak, slike som har dokumentert verksemda til mange av folkemusikkutøvarane frå heilt tidleg på 1900-talet. Eller for den del aktiviteten hjå folk frå fjerne kulturar.

– Eg likar mystikken i opptaka, knitringa i dei, lydane av ein stamme som held på med eit ritual. På mange måtar ser eg føre meg at det er ein samanheng der, mellom det som skjedde då og det som skjer no.

For meg er samlinga kring bålet i eit felles ritual fjernt frå vår urolege og individuelt orienterte kvardag. Kva er samanhengen mellom då og no?

– Det eksistensielle uttrykksbehovet er felles. Når eg set eit skogsopptak inn i verket, ønskjer eg å setta sjølve konsertsituasjonen i perspektiv. Eg ønskjer at musikken på scenen skal stå i forhold til dei kvalitetane som feltopptaket representerer, i det musikken har røter som strekker seg tilbake til dyreklynk.

– Når musikken frå opptaket blir imitert av musikarane på scenen, er det også eit element som me kjenner frå læreprosessar eller øvingssituasjonar. Me høyrer på eit opptak, og prøver å læra oss det, tone for tone.

Å bruka den store paletten Torvund har bakgrunn som gitarist i rock- og improvisasjonsband og har erfaringa frå dette med seg i samtidsmusikken. Etterkvart har òg folkemusikk blitt eit sentralt element for han. Torvund har sett på ornamenta, slik ein finn i folkesong og i rosemaling, han har sett på den særeigne rytmikken, og på kva som skjer ved muntlege overleveringa av tradisjonen.

Kvifor har folkemusikk blitt viktig for deg?

– Generelt tenker eg at for mykje samtidsmusikk er konsentrert om ein bestemt stil. Innafor stilen finst det sjølvsagt mykje god musikk, men eg synast at ein del komponistar er blinde for den store paletten av lydar og materiale. Eg vil gjerne bruka ein større del av paletten. Når det gjeld folkemusikken likar eg å tenka at den kan representera noko eksperimentelt. Fordommen er jo at folkemusikk representerer det konservative og samtidsmusikken det eksperimentelle. Slik er det interessant å jobba med ein ny mytologi for folkemusikk.

– I dette stykket er både den menneskelege kulturen og mennesket i møte med naturen viktig. Kva som skjer når du tar skogen inn i konsertsalen?

– Tanken var at opptaket frå skogen ville ha ved seg noko mystisk. Eg ville imitera dette, og laga ei dobling der det mystiske på opptaket fekk eit konkret nærvær på scenen, svarer Torvund.

Å overføra det mystiske er imidlertid ikkje utan problem.

– Noko fungerte fint. I konsertsalen suser stilla frå skogen fram og tilbake i eit mønster i rommet. Men det er vanskeleg å transportera akustikken i skogen inn i konsertsalen. Konsertsalen sin akustikk vil ta over, så opplevinga av opptaka er eigentleg betre i eit lite studio. I tillegg har du spørsmålet om kva som skjer i skogen. Noko av det som fascinerer meg med musikk, er det skjøre og uføreseielege. Ein må ha respekt for at ting kan oppstå eller falla saman når som helst i musikken. Me venta på at det skulle oppstå noko tilfeldig i skogen. Kanskje hadde det vorte fleire magiske augneblikk om me hadde meir tid. Om eg skal gjera om på dette stykket, vil eg sjå på desse opptaka, og forska på om det er nokon måte å gjera karakteren til opptaket meir tydeleg.

Skvulpande serialisme Festivalen i Donaueschingen har mykje historie knytt til seg, og Torvund fortel at dette påverka måten han arbeidde på. Han viser til ein avstand i diskursen om musikk, og korleis ein arbeider relativt fritt i Noreg, der det er få bautaer å retta seg etter.

Korleis var det å arbeida i Experimentalstudio i Freiburg, der Stockhausen, Boulez, Nono og andre store komponistar har laga musikk?

– Det er vanskeleg å forklara det. Men nærværet av den tunge tradisjonen, og det at stykket mitt skulle inn på lista over verk som har blitt realisert av experimentalstudioet, gjorde at det eg laga måtte stå i eit forhold til historia om utviklinga av den sentraleuropeiske modernismen. Så eg fekk ein idé om å laga ein slags skvulpande og boblande seriell musikk i skogen.

– Eg ville lage feltopptak av abstrakte strukturar, ei blanding av komposisjon og dyreklynk, og enda altså opp med å laga ei rekke små abstrakte miniatyrar, avsluttar komponisten.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no