S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Erik Ulfsby – 8. november 2012

Skremmebilete av norsk teater

August Strindberg: Dødsdansen. Det Norske Teatret 2012


Publisert
8. november 2012
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/skremmebilete-av-norsk-teater/
Facebook

INNLEGG: Hans Henriksen spreier fleire feilaktige påstandar og reine fordommar, skriv teatersjef ved Det Norske Teatret, Erik Ulfsby. Han er ikkje samd i at kommersialiseringa i norsk teater aukar og meiner KHIO bør feie for si eiga fleirkulturelle dør.

Hans Henriksen er professor ved Kunsthøgskolen i Oslo, men spisskompetansen ligg kanskje andre stader enn innanfor teaterpolitikken. Det verkar i alle fall slik om ein les artikkelen hans i Minerva 1. november. For Henriksen spreier fleire feilaktige påstandar og reine fordommar. Vi har høyrt fleire av påstandane før utan at dei blir meir sanne av den grunn. Hans Henriksen vil ha reformer, og det ser ut som om byråd Bjercke sin Oslo Nye-modell er førebiletet.

I artikkelen sin slår Henriksen fast at gruppa med ikkje-kunstnarleg tilsette blir stadig større, og at ho no utgjer nesten 75 prosent av personalet. Tala frå Det Norske Teatret viser noko heilt anna. Mellom 35 og 43 prosent av det årlege lønnsbudsjettet går til kunstnarar. Det varierer og er avhengig av kva som blir spelt på dei ulike scenane. Lønningane går til skodespelarar, instruktørar, scenografar, musikarar, koreografar, songarar, dansarar og liknande. Om lag same del går til lønn til sceneteknisk personale. Det vil seie scenearbeidarar, lysteknikarar, verkstader, systove, maske, rekvisitt, inspisientar, suffli. Det tyder at meir enn 70 prosent av lønnsmidlane på Det Norske Teatret går direkte til praktisk arbeid med framsyningane. Skiljet mellom kunstnarleg og ikkje-kunstnarleg personale er både kunstig og meiningslaust. Meir enn to tredelar av lønnsressursane går altså direkte til å lage framsyningar. Da har vi enno ikkje selt ein einaste billett, ikkje har vi lagt ut informasjon på internett eller fått opna dørene mot gata.

Vi må faktisk òg halde huset vårt på 28 000 kvadratmeter reint, vedlikehalde det og drifte det. Vi må dessutan planleggje litt og vi må forvalte dei økonomiske ressursane vi får og skapar sjølve. Skremmebiletet av eit teater med 75 prosent av personalet som breier seg og kveler alle kunstnarar dei møter på sin veg, er ikkje noko anna enn hjernespinn.

Ein annan hovudpåstand er at teaterinstitusjonane blir meir og meir kommersielle, og at dei tek vekk grunnlaget for privatteatra ved å spele store musikalar. Noreg er eit lite land, og alt tyder på at det ikkje er publikumsgrunnlag for eit stort privat musikkteater. Det har dei mange privatteater-konkursane synt. Det er vanskeleg å få store musikalar til å bli lønnsame. I alle fall viss ein ønskjer å oppretthalde kvaliteten, nytte gode skodespelarar, dyktige musikarar og ha ein teknisk skikkeleg produksjon. En musikal som t.d. «Jesus Christ Superstar» ville i speletida koste meir enn 150.000 kroner dagen i lønningar berre for dei som står på scenen. I tillegg kjem lokalleige og teknikk og ikkje minst marknadsføring. Og så skal prøvetida finansierast. Kostnadene til ein slik musikal kjem med andre ord fort opp i over 200.000,- per dag. Det er ei risikabel forretning. Sjølv ikkje «Mamma Mia» på Folketeateret med over to hundre tusen menneske i salen, gjekk rundt bedriftsøkonomisk.

Det er mogleg for Det Norske Teatret å skape slike musikalar fordi vi har tilsett størsteparten av dei medverkande, vi har fagkompetansen, lokala, tradisjonen og publikum. Viss ein vil ha eit levande musikkteater, ja, da må institusjonsteatra ta ansvar for det. Når det er så vanskeleg å privatfinansiere kvalitetsmusikkteater i Oslo, korleis skulle det da gå i Bergen, i Trondheim, i Stavanger, i Molde? Og kva med ansvaret for å utvikle eit eige norsk musikkteater? Og kva med ansvaret for eit musikkteater på nynorsk?

Som Henriksen veit, spelar Det Norske Teatret på nynorsk. Det er derfor vi ble oppretta, og det er derfor vi finst i dag. Det forpliktar. Vi ønskjer å gi publikum det same tilbodet på nynorsk som det samla tilbodet som blir gitt på bokmål. Dersom vi ikkje presenterer store musikalar på nynorsk, kven vil da gjere det? Dei private? Alle som har høyrt Hartvig Kirans omsetjing av «Spelemann på taket» veit at det heiter «Held du av meg?» og «Om eg var ein rik mann» på norsk. Slik er det med «Les Misérables» også; «Kan du høyre folket syng…».

Repertoaret på Det Norske Teatret har sidan starten vore ei veksling mellom folkelege framsyningar og smalare stoff. Det er dei to beina vi står på. Og anten vi spelar «Evita» eller «Sorga kler Elektra» skal fellesnemnaren vere kvalitet.

Viss det var slik at det hadde skjedd ei stadig kommersialisering av teatra, skulle ein tru at oppsetjingstalet ville gått ned, og at vekta da ville vore lagt på få, men breie produksjonar. For Det Norske Teatret fortel tala for dei siste førti åra ei ganske anna historie. Statistikken viser nemleg at det årlege premieretalet låg på 11-12 på sytti- og åttitalet. Det fall til rundt 10 på nittitalet, steig til 14-15 på totusentalet, og dei siste tre åra har det lege på rundt 20.

Statistikken seier meir: Det er ikkje mange av framsyningane frå det siste tiåret som kjem med på lista over dei førti mest besøkte. Musikalen «Hair» frå 2006 ligg best an på ein 16. plass. Av dei 40 mest besøkte framsyningane er 8 frå dei siste ti åra. 7 frå nittitalet, 6 frå åttitalet (her finn du mellom anna dei to største suksessane gjennom tidene, «Cats» og «Les Misérables») 7 var frå syttitalet, og 11 frå sekstitalet. Interessant er det å merkje seg at fram til 1967 hadde Det Norske Teatret berre éin scene. Ein kan med andre ord slå fast at på den tida, i gode gamle dagar – da var Det Norske Teatret kommersielt, da!

Teatra var i ein lang periode pressa økonomisk. Vi fekk til dømes ikkje kompensasjon for pris- og lønnsveksten. Da opplevde vi at vi måtte kutte i produksjonen. Men det er opplagt at vi med Kulturløftet har fått redusert dette presset monaleg. Det er det som gjer at Det Norske Teatret trass i bemanningskutt er i stand til å auke produksjonen. Laga vi på Det Norske Teatret 11-12 nye produksjonar på sytti- og åttitalet, ja, så lagar vi 20 no. Dette skjer ikkje lenger på to scenar, men på tre, og det er mogleg for oss å ta sjansar, spele framsyningar som i utgangspunktet er vanskelegare å nå fram til publikum med. Vi spelar dessutan meir i repertoar. Det vil seie at vi tek vare på fleire produksjonar og utvider på den måten tilbodet til publikum samstundes som vi gjer risikoen mindre. Vi kan gjere alt det fordi vi har fått betre rammer, fordi vi rasjonaliserer og fordi dei store produksjonane på Hovudscenen opnar for det økonomisk.

Mange i teaterdebatten meiner mykje utan å sjekke det dei meiner opp mot den verkelege verda. Ser ein etter, så ser ein at norsk teater er blitt mindre kommersielt dei siste åra – ikkje meir. Teatret er i endring og har vore det lenge. Det er dessutan teatra sjølve som tek initiativa.

Når så mange har komme til motsett konklusjon, at vi blir meir og meir marknadsstyrde, er ikkje det så vanskeleg å forstå. For så mykje anna går jo den vegen. Nyheitsmedia til dømes. Avisene mistar kundar. Teatra gjer det ikkje. Medierevolusjonen har hittil ikkje vore merkbar på publikumsstatistikkane.

Eg reknar med at professor Henriksen er samd i at ein må ta fleire forhold med i analysen av teatra sin plass i samfunnet enn dei reint teatermessige. Det handlar om den generelle samfunnsutviklinga, det handlar om vår evne til å komme til orde eller kor synlege eller kor usynlege vi er i media. Men kanskje er det grunn til å stoppe opp og reflektere over det faktum at vi faktisk veks i vår tid? Kva kjem det av at vi held stand? Gir ikkje det grunn til ein viss optimisme? Til ei viss stoltheit?

Men ikkje misforstå: Vi skal framleis vere ambisiøse og derfor utilfredse. Vi skal leite etter måtar å bli betre på, møte nye publikumsgrupper, vere leie oss over at det framleis er mange som ikkje føler seg heime hos oss. Til dømes dei som har ein annan kulturell bakgrunn enn norsk. Å nå fram til dei store gruppene av befolkninga som tradisjonelt ikkje har noko forhold til norsk teater, er ei viktig oppgåve.

Hans Henriksen påstår at teatra ikkje gjer noko på dette området. Det er frekt, og påstanden hans er akkompagnert av singlande glas frå professorens eige glashus – Kunsthøgskolen i Oslo. Det Norske Teatret har denne hausten sett i gang skodespelarutdanning for fire studentar med annan etnisk bakgrunn enn norsk. Det gjer vi fordi vi er utolmodige, mellom anna med Kunsthøgskolen. Vidare driv vi saman med samarbeidspartnarar Den mangfaldige scenen som rettar seg mot minoritetsungdom og som er eit omfattande breiddetilbod for hundrevis av barn.

I tillegg til det driv vi utstrekt formidlingsverksemd på skular, særleg i Oslo Aust, der det går mange minoritetsspråklege elevar. Vi kjem til dei, og dei kjem til oss, vi har ambassadør-program og anna, og vi merkar at dette arbeidet gir resultat. Vi får stadig fleire publikummarar som har ein annan bakgrunn enn den norske. Vi er stolte over at Det Norske Teatret sine initiativ på dette området blir møtt med stor interesse i andre land. Kanskje kunne vi gjort enda meir? Men Henriksen påstår at vi ikkje gjer noko. Det tyder på at han ikkje har særleg oversikt over kva som går føre seg i eigen by.

Kva da med påstanden om at teatra ikkje rekrutterer ungdom? Vår erfaring er at ungdommen kjem når teatret skapar tilbod for dei, når vi skapar framsyningar som både i tema og estetikk appellerer til unge menneske. Derfor har vi dei siste åra laga framsyningar som «Den hemmelege hagen», «Unge Werthers lidingar», «Sjuk ungdom» og «Jungelboka», berre for å nemne nokre. Og vi ser at unge menneske kjem. Billettprisane våre er ikkje avskrekkande. Vi har gode rabattordningar, særleg for ungdom og barn. Er du mellom 15 og 25 år, kostar billetten 85 kroner. Det er ikkje dyrt.

Gitt at vi lever i ein kommersiell og marknadsstyrt tidsalder, der sal ofte vert sidestilt med verdi, i ei tid der marknaden er målestaven for alle ting, burde vi kanskje gle oss over at teatret held på publikum, at det produserer meir, skapar eit større og meir differensiert tilbod, gir fleire kunstnarar arbeid, som gjennom framsyningar med stort publikum skapar politisk legitimitet òg for den såkalla smale kunsten innanfor og utanfor institusjonane.

Vi trur derfor ikkje på reformer av den typen som byråd Bjercke legg opp til. Vi i norsk teater må arbeide saman for å hindre kutt og nedskjeringar, og vi trur det blir vanskelegare å kutte viss vi i tillegg har publikum med oss.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no