Bilde: skog

Skogens sjel

På sporet av skogens sjel, magi og indre løyndom. En anmeldelse av
KAZAK: ekspedisjonen av NONcompany. Anmeldelse.

Tekst: Amund Grimstad

Taigaen, verdas største samanhengande barskogbelte, som i røynda
strekk seg frå Norge i vest, gjennom Sverige, Finland og Sibir
heilt til Stillehavet i aust, for så å halde fram gjennom Alaska,
Canada og til Newfoundland, er som alle skogar full av magi og
mytar, og slik sett ei kjelde til dikting og fantasi.

Det bergensbaserte teaterkompaniet NONcompany har sett seg føre å utforske skogen for å
finne fram til sjel og eigenart, og har gjort det gjennom eit
humoristisk, multimedialt og lettare kvasivitskapleg
sosialantropologisk prosjekt som laurdag hadde urpremiere på
Teaterhuset
Avant Garden
i Trondheim, og som denne veka blir spela på
teaterfestivalen Meteor i Bergen.

I ei merkeleg blanding av reiseskildring, dokumentarteater,
performance og litt til, har kompaniet gått tilsynelatande
vitskapleg til verks, og lagt ut på ei firevekers research-reise
der dei freistar å finne ut av skogens sjel, utforske kva taigaen
gjer med folk, og korleis ein, uakta av tre ulike kontinent,
likevel kan finne store likskapstrekk ved både menneska og naturen.
Heilt etterretteleg er det ikkje, og alt i starten forstår vi at
forholdet til vitskap og fakta er sjarmerande omtrentleg.

Taigaen blir til vanleg rekna å starte i Pasvik i Finnmark, men når
ein i kompaniet er frå Elverum, og det tilliks er ein butikk med
Taiganamnet same stad, blir utgangspunktet også der før det ber
austover gjennom nesten fire veker.

Presentasjonen er episodisk, lett naivistisk
med innslag av både video, overhead, musikk, små tablå og ulike
andre presentasjonsmåtar, og heile tida med Lise Risom Olsen som
vår myndige guide.

I form kan dette likne mye på Verdensteatret, men er i innhald meir
episk og litt lettare tilgjengeleg. Gjennom ei reise der vi er
usikre på om det er stereotypiar og fordommar eller
sosialantropologiske funn vi får del i, fortel kompaniet om kva
skogen gjer med folka som bur og ferdast der, og freistar å prove
at både folk og natur har mange sams trekk sjølv om det er tusenvis
av kilometer som skil.

Kor overtydd eg er om at det er sanninga om Taigaen eg har fått
etter ei times reiseskildring og dokuteater, veit eg ikkje, og
kompaniet er sjølv tydelege på at det er mogeleg vi ikkje ser
skogen for berre trær, (!) men uakta kor etterretteleg dette er
eller ikkje, er det likevel særs godt fortalt og formidla. Det er
ei herleg blanding av forteljar- og formidlingsteknikkar,
presentert på eit leikent og sjarmerande naivistisk vis.

Urpremieren laurdag bar litt preg av at framsyninga ikkje var
heilt ferdig, for det er mye teknikk som skal klaffe, og kompaniet
spelar utan tryggingsnett så alle lyte blir særs synlege, men dette
er heilt sikkert noko som vil gå seg til.

Produksjonen er første del av ein trilogi, og sjølv om denne
meldaren først og fremst lét seg underhalde og kanskje ikkje fann
så alt for mye djupare meining i det han såg, er han likevel meir
enn spent på kva dei to neste produksjonane vil fortelje.

Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 25. oktober 2011

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER