S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 1. august 2018

SCENEKUNSTKRITIKK: Alf Kjetil Walgermo, Vårt Land


Publisert
1. august 2018
Sist endret
26. mai 2023

Enquete Kritikk

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/scenekunstkritikk-alf-kjetil-walgermo-vart-land/
Facebook

Vi fortsetter å stille redaktører spørsmål om scenekunstdekning og -kritikk. I dag blir svarene besvart av Alf Kjetil Walgermo, kulturredaktør i Vårt Land.

Kan du fortelle litt om hvordan din redaksjon jobber med scenekunst? Vi har eit godt samspel mellom redaksjonen og eksterne kritikarar i å plukke ut og melde dei viktigaste framsyningane. Regelmessig har vi også journalistiske saker frå scenekunstfeltet.

Hvilke scenekunstrelaterte prosjekter er du mest stolt av å fått til i din periode som redaktør? Eg er stolt over at vi heile vegen har hatt gåande ein solid scenekunstkritikk gjennom ulike turbulente periodar i avisa. Vår tidlegare hovudmeldar Liv Riiser har dei seinaste to åra sete i juryen for Hedda-prisen, mens vår noverande hovudmeldar Kjersti Juul nyleg blei tildelt stipend frå Fritt Ord.

Hva tenker du om de generelle vilkårene for scenekunstkritikk i Norge i dag? Eg synest at scenekunstkritikk i somme tilfelle får for tronge refleksjonsrom, der kritikarane i dagsavisene må levere kjapt etter at ei førestilling er ferdig. Vi har prøvd å unngå slike altfor hastige leveringar i Vårt Land, sjølv om vi også søker å trykke kritikken eit par dagar etter premieren. Når det gjeld den meir langsame kritikken, står vel Norsk Shakespearetidsskrift i ei særstilling positivt sett. Elles synest eg faktisk det er mange dyktige dagsaviskritikarar i sving der ute, ikkje berre i Vårt Land, men fleire andre stader, til dømes i Klassekampen. Det står ikkje dårleg til med norsk scenekunstkritikk.

Hvilken rolle spiller din redaksjon i scenekunstlandskapet dere dekker? Har dere en funksjon for offentligheten på dette feltet? Vårt Lands stemme er ei viktig stemme i scenekunstlandskapet, og har vore det i over femti år. Vi kan, med vår ideologiske ståstad, finne fruktbare vegar inn til verket som ikkje like naturleg kjem fram alle andre stader. Såleis er vi med på å utvide den opne og opplyste offentlege samtalen rundt scenekunsten.

Kulturkritikkens manglende oppslutning i mediene debatteres stadig vekk. Ser vi en endring i kritikklandskapet? Det er ein fare for at kulturkritikken fleire stader kan bli ramma i ei digital tid der alt skal teljast og målast. Pilene har allereie i lengre tid peika nedover for kritikken, og eg er alvorleg redd for at han skal komme til å bli skvisa endå meir i framtida.

Hvordan tror du dette vil se ut i fremtiden og hvordan vil dette se ut i din avis? Det er godt mogleg at det blir mindre kritikk i norske dagsaviser enn det er i dag. I Vårt Land, som er ei meiningsavis, tenker vi motsett: Kritikken er ein viktig del av samfunnsoppdraget. Difor jobbar vi stadig med å styrke kritikken yttarlegare.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no