S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Solrun Toft Iversen – 10. november 2020

Om den seige etappen vi skal ta i lag

Solrun Toft Iversen. Foto: Det vestnorske teateret


Publisert
10. november 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Politikk

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/om-den-seige-etappen-vi-skal-ta-i-lag/
Facebook

Teatersjef på Det Vestnorske Teateret, Solrun Toft Iversen, skriver i dette debattinnlegget om vanskelighetene smitterverntiltakene påfører teatrene. Innlegget ble opprinnelig publisert i Bergens Tidende, og vi republiserer med tillatelse.

Det er skremmande tider og vi må alle bidra med vårt. Også kulturinstitusjonane. Difor er vi lydige og parate når retningslinjer vert presenterte for oss. Sjølvsagt er vi det. Slik har vi også gjennomført ein haustsesong med meters avstand mellom kvar publikummar og eit smittevern som så langt har synt seg å fungere.

Regjeringa har no innført ei maksimum publikumskapasitet på 50 i salar som ikkje har fastmonterte seter. Med det skjer også ei innskjerping av eit parameter vi har forheldt oss til gjennom heile pandemien. For kva er ein fast plass?

Vi aksepterer alle at det øvste og trumfande teiknet er fellesskapet sin tryggleik. Vi aksepterer også at det finns erfaringskurvar og ekspertise vi ikkje kjenner til fulle. Som vi har respekt for. Vi bøyer oss for denne trumfen. Samstundes er bransjen uroleg for gjenreisingsarbeidet som møter oss på andre sida av den. Det kjem ei tid då vi skal gjere opp eit konkursbu som vi fryktar er dramatisk for heile KulturNorge, og dermed for heile samfunnet som vi kjenner det. Difor er eg nøydd til å stille dette spørsmålet; er det siste strammingstiltaket hensiktsmessig og effektivt i ein slik grad at det kan rettferdiggjere skada det vil gjere på kulturfeltet?

Eg har tidlegare freista å oppmode til at vi løftar blikka våre. Bedt om at vi maktar å insistere på eit lenger perspektiv i alt det akutte. Eg veit at eg ikkje er åleine når eg seier at vi tek på oss ansvaret vi har som profesjonelle arrangørar. Det er oss som samlar folk i denne tida og vi ser at vi må forvalte dette ansvaret underlagt reglar. Det er heilt rett at det sit i vår ryggmarg å tenne leirbåla og samle flokkane uansett tilhøve – men vi har heile vegen anerkjent risikoen og akseptert ekspertisen som ligg bak den offentlege vurderinga for tryggleik. Men no slit eg. For:

Kva er vurderinga av balansen mellom kostnad og gevinst i sondringa mellom fastmonterte og faste seter? I dei siste retningslinene frå FHI er det gjort ei innskjerping i reglane mellom salar som har stolar fastmonterte i golvet og salar som på andre måtar sikrar at alle publikummarar sit stille på same plass med forskriftsmessig avstand. Det er vanskeleg å sette ord eller tal på kor mykje ressursar eg og mine kollegaer på Det Vestnorske Teateret har brukt på å trygge vår verksemd. Vi står i ein kontinuerleg sjølvransakande prosess, der vi inviterer inn både myndigheiter og smittevernkompetanse til kritisk dialog. Vi veit at vi er prisgitt den tillita som styresmakter og publikum har til oss. Utan den kan vi ikkje gjere jobben vår. Men denne tillita må gå begge vegar. Difor vil eg løfte viktigheita av at skjerpa tiltak er basert på eit truverdig rasjonale. Vi er der no i pandemien at vi må kunne insistere på kvalifiserte resonnement og risikovurderingar bak reglementa. Vi treng grunngjeving med empiri fordi no har vi tilgong til det. Så vidt vi kjenner til finns det enno ikkje døme på at smitte breier seg mellom eit publikum som frå start til slutt blir på sine fast tilviste plassar i eit statisk oppsett. Eit oppsett som har forskriftsmessig avstand mellom plassane og der publikum er tause og vendt i same retning gjennom heile arrangementet.

Det må vere tøft å vere ansvarleg for nasjonale smittevernstiltak no. For eigen del veit eg kor tøft det er å handheve tiltaka i kunstprosess og i publikumsmøte. Men eg gjer det gjerne fordi eg veit at det er det som skal til for at eg skal ha alle sin tillit som ansvarleg arrangør og arbeidsgjevar.

Vi har gjort oss fortent til denne tillita. Kjære Helsedirektorat. Kjære kulturminister. For å behalde mi tillit må de rett og slett vere gode og forklare korleis det no skal vere truverdig at ein sal med akkurat same inn og ut og innslusingsprosedyrar, reinhald og romlege fasilitetar, med same kontroll over publikum sine rørsler, same avstand til utøvande kunstnarar og same luftkvalitet i lokalet no segregerast med ein skilnad på 150 tilskodarar basert på dette kriterie eine åleine; «er stolen bolta fast i golvet eller ikkje?» Som de kanskje har gjetta; dei er ikkje bolta fast i golvet på Det Vestnorske. Men denne saken er mykje større enn mi bekymring for våre eigne billettinntekter. For dette handlar om ein annan infrastruktur enn den bygnadstekniske. Det handlar om summen av den verdien kvart møte med publikum genererer i vårt samfunn. Dei tiltaka vi lydig bøyer oss for og forvaltar må ha ein rasjonell truverdigheit. Og dette ikkje minst av di det ikkje berre vil koste dei einskilde kulturaktørane enorme summar og i siste ende sjansen for overleving. Men av di det vil belaste fellesskapet sine ressursar i like enorm grad i neste vende. Etter krigen skal landet byggast att. Gjenreisinga blir tung. Difor må dei tiltaka som kostar mest også monne. La oss ikkje stille oss sjølv i ein situasjon der vi brenn fleire bygnadar på bruket enn vi må for å bli kvitt denne pesten. Det er ein seig etappe. Vi må disponere kreftene rett.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no