S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Erik Ulfsby – 23. november 2012

Myteprodusentane

Frå framsyninga Fuck My Life, som for tida går på Det Norske Teatret.


Publisert
23. november 2012
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/myteprodusentane/
Facebook

INNLEGG: – Bjørn Heiseldal har lese innlegget mitt på Scenekunst.no på ein overraskande måte, skriv Erik Ulfsby. Han er ikkje samd i tala Heiseldal viser til, minner om at Thalia sin Evita kom frå Rogaland teater og inviterer samstundes Heiseldal og Henriksen til møte på Det Norske Teatret.

Bjørn Heiseldal har lese innlegget mitt på Scenekunst.no på ein overraskande måte. Han har oppfatta det slik at eg ikkje ønskjer endringar i norsk teater, at eg har skifta ham, at eg påstår at musikalen Mamma Mia gjekk konkurs, og at eg i det heile fyrer laus på privatteatra. I tillegg presenterer han ei rad reknestykke frå Det Norske Teatret med tal han sjølv har funne på. Dei er i alle fall ikkje rette.

Om Heiseldal les ein gong til, vil han sjå at eg skriv at norsk teater nettopp er i endring, at det har vore det lenge, og at teatra sjølv i høg grad har teke initiativa til desse endringane. Hos oss på Det Norske Teatret har det skjedd mykje dei siste åra. Det ser alle som vil sjå.

Heiseldal hevdar vidare at eg skulle ha vore gjennom eit hamskifte. Han grunngjev det med at eg for eit par år sidan var medeigar i eit lite privat produksjonsselskap. Det er ikkje rett at eg har endra haldning. Eg har vore 18 år i ulike posisjoner på ulike teater, private så vel som større og mindre institusjonar, og eg har meint, og kjem alltid til å meine at det er viktig for utviklinga og kvaliteten av musikkteatret at også institusjonsteatra gjev seg i kast med genren.

Så til Heiselsdals omgang med tal. Han lagar reknestykke som baserer seg på at det arbeider 30 personar i kommunikasjonsavdelinga på Det Norske Teatret. Verken meir eller mindre. Rett svar er 9. Desse skal selje 29 ulike produksjonar fordelt på 4 scenar kvart år. Heiseldal har i følgje seg sjølv 3 årsverk til å selje 2 produksjonar, Spamalot og Nattens Umusikalske Dronning. Vi meiner ikkje at han driv ineffektivt av den grunn.

I tilegg til å selje billettar skal vår kommunikasjonsavdeling utføre pressearbeid, førebu baksnakk og ulike fordjupingsarrangement, programproduksjon, mangfaldsarbeid, skoleaktivitetar med arrangement både i eige hus og på skolar, formidlingsarbeid og ungdomsrekruttering. Dette er føringar frå styresmaktene som det er forventa at nasjonale teaterinstitusjonar oppfyller. I tillegg skal dei drifte eit stort billettsystem i eige hus, setje av ressursar til å følgje opp sponsorar og sikre det språklege i alt som blir kommunisert. Dei digitale flatene er eit satsingsområde for oss og for tida har vi ei stilling på engasjement som skal utvikle dette arbeidet.

Heiseldal viser til Evita. At han påstår vi tek 550 kroner billetten skal eg la liggje. Det er kanskje ein tastefeil frå hans side. Men at han trekker fram Thalias produksjon av Evita i Oslo for nokre år sidan, heilt utan å nemne at dette var ein produksjon som kom frå eit institusjonsteater, nemleg Rogaland Teater, synes eg er rart. At Thalia tok framsyninga vidare er jo flott. Det syner at det kan vere potensial i eit samarbeid mellom institusjonar og private. Eg trur absolutt det kan være verdt å diskutere den typen samarbeid for å få gode framsyningar ut til eit større publikum. Det Norske Teatret samarbeider allereie med private produsentar, andre institusjonar og med frie grupper om framsyningar i alle format. I augneblinken er Herborg Kråkevik ute på turne med Kjære Landsmenn, i samarbeid med AD management, Abrahams Barn er ute i samarbeid med Riksteatret, og over nyttår skal Fuck My Life ut i samarbeid med POS Theatre Company. Denne typen samarbeid kjem vi til å halde fram med.

At Heiseldal opplever at eg ”fyrer løs mot privatteatrene”, forstår rett og slett ikkje. Han trur tydelegvis at eg meiner at Mamma Mia gjekk konkurs. Men det skreiv eg då ikkje. Derimot skreiv eg at ”sjølv ikkje Mamma Mia på Folketeatret med over to hundretusen menneske i salen gjekk rundt bedriftsøkonomisk”. Og det stemmer jo. Heiseldal sjølv er samd i at eigarane tapte pengar. Kva som så er mange, eller få konkursar kan ein jo diskutere, men hovudpoenget mitt er at det er vanskeleg å tene pengar på ein stor musikal i ein liten marknad som den norske. Det trur eg Bjørn Heiseldal og eg er heilt samde om.

Dei private produsentane er også avhengige av at det eksisterer og vert utvikla kompetanse på institusjonar som Det Norske Teatret. Eg veit ikkje kor mange gonger eg er blitt ringt opp av private produsentar, som ønskjer seg våre skodespelarar til hovudroller i deira produksjonar. Grunnen til at dei ønskjer seg våre skodespelarar, er at dei hjå oss har fått utvikle talentet sitt over tid, gjennom utviklande og samansette kunstnarlege oppgåver. Rett som det er får dei også permisjon, slik at dei vera med i private framsyningar. Men kompetansen er det ofte andre enn dei private som har skapt.

Eg trur oppriktig på openheit, rett omgang med kvarandre sine realitetar, og på samhald i ein bransje som kan oppleve nedskjeringar og kutt. Særleg dersom det etterlatne biletet i ålmenta ikkje speglar røynda.

Eg inviterer Bjørn Heiseldal til eit møte på Det Norske Teatret torsdag 13/12 kl 9.00. Passar det ikkje, finn vi ei anna tid. Eg set uansett gjerne av god tid til slik at vi kan gå gjennom utfordringar, økonomi, tal og arbeidsvilkår som blir forsøkt vridde på i debatten. Vi har ingenting å skjule og vi har god dokumentasjon på det vi seier. Vi kan helse på heile kommunikasjonsavdelinga, smeden vår, og dei som vaskar huset vårt. Vi kan bla i rekneskapar, og vi kan bla i historiebøkene, sjå på repertoar-oversyn og videoar, og danne oss eit bilete av om det er rett at vi driv ineffektivt og at vi har blitt meir kommersielle med åra. Vi kan til og med stille med ein historikar, om det er ønskeleg. Heiseldal kan gjerne ta heile pressa med seg, og gjerne også professor Henriksen.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no