Arturo Ui Foto: Foto: Gt Nergaard

Litt vel pedagogisk

Når alt skal forklarast, blir det for lite att til teateropplevinga. Anmeldelse av “Arturo Ui” ved Trøndelag Teater.

Tre Brechtpremierer på under ei veke på institusjonsteater i Oslo, Bergen og Trondheim er ikkje kvardagskost. Om årsaka er at Europa opplever økonomiske nedgangstider som kan samanliknast med dei i mellomkrigsåra, skal vere usagt, men eg vil tru dei tre teatersjefane har ein tanke bak.

”Det gode mennesket frå Sezuan” og ”Mor Courage” står ofte på teaterplakatane, men Trøndelag Teaters val er meir uvant. ”Arturo Ui” blei skrive i løpet av tre veker i 1941 medan Brecht oppheldt seg i Helsingfors på veg til USA. Det er ikkje blant hans mest kjende drama, og så vidt eg veit, er det oppført berre ein gong tidlegare her i landet, på Den Nationale Scene for mange år sia.

Arturo Ui er ein slesk liten gangster som har stor likskap med både Al Capone og Adolf Hitler. Stykket er ein satire på Hitler og nazismen, og handlar om Arturos såkalla knirkefrie veg til makta via blomkålskartell og grønsakhandel i ein mafios og gjennomkorrupt by (Chicago). Året før hadde Chaplin laga sin legendariske Hitlerparodi, ”Diktatoren”, og ”Arturo Ui” er ein sceneversjon over same tema. Ikkje berre er hovudpersonen fysisk lik Hitler, det øvrige menasjeriet er også tydeleg henta frå den nære krinsen rundt han.

Det startar lovande, og absolutt i Brechts and der ingen skal vere i tvil om at dette er teater og ikkje røyndom. Scena er ikkje ferdig rigga, og ein teknikar (Marianne Meløy) held salen i age med smalltalk og ein kjapp presentasjon av det vi skal få sjå medan vi ventar på at alt blir klårt. Artig, pedagogisk, litt meta, men kanskje vel detaljert. For i dei to timane som følger, syner det seg at vi alt har fått eit temmeleg utfyllande resymé.

Arturo Ui (Hans Petter Nilsen) er ein ganske ynkeleg figur, litt dysfunksjonell, med talefeil og også andre lyte. Når Hindenburgs parallell, borgarmeisteren i byen (Hallbjørn Rønning), let seg kjøpe av blomkålskartellet, ligg vegen klår for ein Ui som med vald, trugsmål og etter kvart også retoriske gåver, har noko på alle. For seint oppdagar borgarskap og establishment at dette har gått for langt, og borgarmeisterens litt oppgitte og angrande monolog i starten av andre akt er kanskje den viktigaste bodskapen i dette stykket.

I Harry Guttormsens regi er vekta lagt på Ui. Dei andre aktørane, med eit mogeleg unntak for borgarmeisteren og den lokale og kritiske redaktøren, blir berre kulisser og representantar for alle som sviktar. Både i scenografien til Per Kristian Solbakken og i ein del av regigrepa til Guttormsen er det mange artige og fine påfunn, men båe dreg diverre det pedagogiske vel langt. Når det meste skal forklarast, tar det også tid, og første akt er stort sett ein alt for lang intro til andre akt då ting tar til å skje.

Allegorisk teater, der handlinga er ei likning, kan vere ein effektiv måte å fortelle ei historie, men det må gjerast elegant og litt spissfindig. Slik er det diverre ikkje i denne oppsettinga. Alt er så ferdig fordøya at det blir meir eit lærestykke enn teater. At Ui er ynkeleg, er til dømes lett å forstå, om vi ikkje også skal sjå at han brukar bleier! Slik blir Ui berre ein latterleg og relativt ufarleg figur, og det er han vel eigentleg ikkje?

Hans Petter Nilsen har lenge synt at han har større potensial enn dei rollene han har fått til nå. Som Arturo Ui presenterer han seg i fullformat, og det er mye hans forteneste at dette likevel blir ganske sjåverdig. Han får fram omdanninga frå den komiske smågangsteren alle berre ler av, til den livsfarlege intriganten, som framleis eigentleg er liten og latterleg, på eit truverdig og  imponerande vis, og med eit avdempa spel som faktisk står litt i kontrast til resten av oppsettinga.

Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. januar 2012.

RELATERTE ARTIKLER +

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER