Ensemble neoN Foto: Foto: Astrid Marie Huvestad

Låg terskel for musikkdramatikk

Ensemble neoN leikar seg i spennet mellom musikk, scene og bildekunst.

Ein songar som dansar og syng. Fyller lerretet og scena, nær ordlaust,  men ikkje desto mindre talande, i eit verk som handlar om det perfeksjonistiske og det sårbare. Under parolen «Musikk-Tekst-Bevegelse» arrangerer Ensemble neoN workshops for å auka tilfanget av norsk musikkdramatikk. Prosjektet er tenkt som eit tillegg til ordningar som AdOpera! og Verker underveis. Alt i første runde ser me verk med vilje til å integrera fleire uttrykksformer i kvarandre.

Julian Skar, Jan Martin Smørdal, Silje Aker Johnsen og Kristine Tjøgersen stilte til samtale med Scenekunst.no om prosjektet etter første gjennomførte workshop.

Brei estetikk
AdOpera! og Verker underveis er knytt til institusjonar, medan de er eit fritt ensemble. Kvifor er det viktig at Ensemble NeoN har eit slikt prosjekt?

– I ei frigruppe er vegen kortare frå idé til realisering. Me kan få fleire prosjekt opp på mindre tid, svarer Julian Skar.

– Me har òg ein låg terskel. Kunstnarar kan utvikla kompetanse hjå oss, og kanskje komma inn under andre ordningar sidan.

– Eg tenkjer at prosjektet opnar for fleire typar musikkteater. Me kan gå i retning av instrumentalteateret, i motsetnad til den meir songarorienterte operaen, seier Silje Aker Johnsen.

Høvet for å presentera ein breiare estetikk vert òg større i eit ensemble som stiller seg spørsmål om kva musikken skal vera i og for si tid, meiner Kristine Tjøgersen.

– Me er opptekne av å finna tendensane no, og knyta til oss viktige stemmer i vår generasjon. Undergrunnsstemmer, som Daniel Meyer Grønvold. Han arbeider med improvisasjon i si ytste form, og hadde kanskje ikkje komme med i ein vanleg operaworkshop. Det same med Jenny Hval, som har ei viktig stemme i litteratur og popmusikk. Me er retta både mot populærkultur og den frie improscena.

– I prosjektet stiller me spørsmål om kva som er musikkteater, om kvar grensene går. Me ynskjer at fleire miljø får naturleg plass i det formatet. Eg ynskjer nærare samarbeid med dansemiljøet, til dømes. Og videokunstnarar. Her har me kanskje høve til å opna dører, meiner Skar.

All musikk er teater?
Når de vel ut prosjekt: tenkjer de ut frå nokon definisjon på musikkteater?

– Nei, behovet er å opna forma, svarer Jan Martin Smørdal.

Skar legg til:

– I det me held på med har formene eit likeverd. Ein strevar etter å gjera musikken visuell, og det visuelle auditivt.

– Om ein tenkjer banalt, er all musikk teater, så snart den er på ei scene, seier Tjøgersen.

Det du seier får meg til å tenkja på eitt av stykka i workshopen. Det hadde ingen andre verkemiddel enn det musikalske. Korleis grunngjev de at stykket står i ein samanheng som handlar om å utvikla norsk musikkteater?

– Paradoksalt nok er dette eitt av Ignas Krunglevicius sine få stykke utan video, påpeikar Skar. – Det er viktig for oss å gje komponistane eit rom der dei arbeider med sine eigne prosjekt. Somme gonger vil det enda opp i mangefasetterte uttrykk. Andre gonger, som her, går det kanskje mot andre ytterkanten. Uansett veit me ikkje korleis Ignas sitt stykke blir når det er ferdig.

Meininga utanfor teksten
Stykka hadde òg til felles at dei har lite tekst. Er det ein tendens i tida, at teksten vert mindre viktig i musikkdramatikk?

– Tekst er i alle fall ikkje det einaste som gjev meining, understrekar Smørdal.

– I stykket eg har arbeidd med oppstår mykje av meininga i koplinga mellom video og musikk. Det er ei form for innhald der publikum stiller seg spørsmål.

Tjøgersen er samd.

– Eg trur uttrykka som vart framført har til felles at dei er opne. Dei gjev rom for at publikum skapar sitt eige innhald. Det er ikkje me som bestemmer kva musikken skal vera.

– Dette kan vera tilfeldig, men er uansett resultat av at ein set spørsmålsteikn ved kva opera eller musikkteater er, seier Skar. – I mitt prosjekt er teksten nede i fem linjer, men framleis linken som gjev meining til det heile. Me arbeider ikkje som tradisjonelt, der librettisten og komponisten kjem med kvar sine arbeid og set dei oppå kvarandre. Posisjonane – til alle involverte – er likeverdige.

– På eit vis finst det så mykje annan tekst i stykka; undertekstar som veks fram når stykka er så visuelle og fysiske. I arbeidet vårt finst mykje meir tekstmaterial enn det som kjem fram, seier Johnsen.

– I framføringa blir dette ein tekst som ikkje nødvendigvis er sagt med reine ord.

Vil byggja publikum
Kva skjer når ein inviterer publikum inn i ein workshopprosess?

– Det handlar heilt enkelt om å testa ut korleis uttrykka fungerer. Me får ein reaksjon som er svært verdifull, meiner Smørdal.

– Inspirasjonen kjem frå Nasjonalballetten sitt ballettlaboratorium, fortel Skar.

– Dei er eksemplariske når det gjeld å få fram nye verk, og programmerer det nye i det vanlege programmet sitt. Kontinuiteten i dette gjev gjenklang i ensemblet: Nokon utstrålar ein konsensus i å satsa på nyskaping.

Det å utvikla eit publikum er òg viktig, meiner Tjøgersen.

– Folk synast å elska ny ballett, men ikkje opera. Standardpublikummet i opera- og konserthuset ikkje har lyst til å høyra den nye musikken. Vår oppgåve må bli å nå ut til menneska som kan ha denne interessa. Publikummet vårt er på vår alder, dei høyrer på improvisasjon, popmusikk og meir. Dette kan vera ein inngangsportal for dei.

Og planen for prosjektet vidare?

– Det viktigaste no er praktisk, svarer Skar. – Me vil etablera prosjektet, med samarbeidspartnarar som gjer at me kan halda det gåande varig. Skal musikkteater vera viktig i kulturlivet, må det produserast meir.

 

Videoen viser ensemblets framføring av "Wreckage" av Oren Ambarchi og James Rushford. Ambarchi var også medmusiker. Fra Henie Onstad Kunstsenter. Bildet i brødteksten er tatt av Blunderbuss.

RELATERTE ARTIKLER +

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER