S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Amund Grimstad – 12. februar 2019

Kor går Heddadagane?

Orlando fra Rogaland Teater i regi av Sigrid Strøm Reibo. Scenograf og kostymedesigner: Olav Myrtvedt. Videodesigner: Boya Bøckman. Lysdesigner: Haakon Espeland


Publisert
12. februar 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/kor-gar-heddadagane/
Facebook

I dette debattinnlegget stiller teatermeldar Amund Grimstad spørsmål om kva som skjer med Heddadagane. Han er skuffa over årets program, og tenkjer her høgt om korleis teatra burde jobba saman for å lage ei god festival.

Då Arne Nøst, teatersjef på Rogaland Teater, i rusen over å ha vunne tre av dei gjævaste Heddaprisane i 2017 for «Orlando», kvitterte i takketalen med at teateret ville ta med seg den produksjonen til Oslo og Heddadagane i 2018, trur eg han like etter kunne ha bite av seg tunga. Å ta med seg ein så stor produksjon med eit utal aktørar og ein omfattande scenerigg, ei oppsetjing som ikkje på noko vis var tenkt for turné, var eit halsbrekkande prosjekt både økonomisk og med tanke på logistikk. Eg har ikkje aning om kva dette kosta teateret, men Arne Nøst heldt ord, og under Heddadagane i fjor fekk publikum i hovudstaden oppleve noko av det beste som er sett opp på ei norsk scene dei siste åra.

Det er slikt som dette som har gjort at Heddadagane på berre to år har blitt eit kjært vindauge for å presentere breidda og mangfaldet i norsk scenekunst for eit stort og interessert publikum, og slik sett er blitt ein kjempesuksess. Som eg ser det, har dagane på eine sida gjort at dei mange som bur i og rundt hovudstaden kan få høve til å sjå eit utdrag av alt det kreative som skjer andre stadar i landet, og at det slett ikkje er ei naturlov at det mest interessante blir produsert i Oslo. Og samstundes er vi mange teaterinteresserte frå heile landet som ved å ta oss nokre dagar i Oslo, kan få servert eit relativt representativt utsnitt av det beste som er skapt det siste året. I tillegg er dagane ein flott møtestad for både lek og lærd med mange seminar og diskusjonar. Sjølv har eg i to år tatt den siste ferieveka mi under Heddadagane og verkeleg fått oppdatert meg.

Spenninga var difor stor då programmet for Heddadagane 2019 blei presentert den 7. februar. Men denne gongen blei eg ganske skuffa. Det første inntrykket var at her var det særs mye Oslo og lite frå regionteatera. Rett nok var mange teater representerte, men i fleire høve som samproduksjonar med andre slik at totalen ikkje var så stor. Det har etter kvart vist seg at økonomiske innstrammingar har gjort at fleire av dei minste teatera ikkje har sett seg råd til å delta, og det er trist, men forståeleg. Men når eit stort teater som Trøndelag Teater både hadde lyst og økonomi til å delta med ein hovudsceneproduksjon («Lang dags ferd mot natt» i regi av Johannes Holmen Dahl), men ikkje fekk ei tilsvarande scene i Oslo av di dei ikkje var tilgjengelege, må det vere lov å stille spørsmål ved prioriteringa til dei teatersjefane som legg kabalen for desse dagane.

Eg la ut eit lite hjartesukk på Facebook rett etter at programmet var presentert, og den tråden tok fullstendig av. Det blei ein fin og informativ diskusjon som klåra opp i ein del misforståingar, men der hovudspørsmålet framleis står ved lag. Eg har nå gått gjennom programmet på nytt, og sett på repertoaret dei tre største teatera i Oslo har denne veka, og om det skal halde fram slik som i år, er eg redd Heddadagane fort kan bli langt mindre spennande enn dei to første åra har vore.

Oslo Nye Teater har fire scener, og køyrer i denne veka to eigne oppsetjingar, men låner scene til tre produksjonar frå gjestande teater. Av ein eller annan grunn er hovudscena ikkje i bruk. Nationaltheatret har fire scener (men Malersalen og Torshovteatret er ikkje i bruk). Teateret viser berre ein eigenproduksjon, men gir rom til tre gjestespel, kanskje fire, for «Tobias og dagen det smalt» frå HT/Rimfrost har ikkje fått tildelt scene enno.

Det Norske Teatret har fire scener (fem med foajeen). Under Heddadagane køyrer teateret fem produksjonar frå eige repertoar, og gir scene til tre gjestespel, der eitt av dei (frå Åarjelhsaemien Teatre) ser ut til å bli spela i foajeen på teateret.

Prioriteringa til Oslo Nye Teater og Nationaltheatret er raus og inkluderande (sjølv om det er trist at heile tre scener ikkje er i bruk). Men eg har framleis problem med å forstå at prioriteringa til Det Norske Teatret er i samsvar med det ein treng for å gjere Heddadagane til det nasjonale scenekunstvindauget det var etla til å bli. På Facebooktråden eg starta, har teatersjefen gitt omfattande og utfyllande svar der han freistar å forklare kvifor det ikkje lét seg gjere å rydde plass for fleire gjestespel i år. Argumenta hans er i hovudsak økonomiske og til ein viss grad praktiske. Ettersom facebooktråden min er relativt privat, vil eg difor løfte debatten over til scenekunst.no slik at fleire kan ta del, og slik at teatersjefen sjølv kan kome med sine grunngjevingar.

Som ein som er så heldig å kunne reise landet rundt for å sjå og melde frå dei fleste teatera, er eg sjølvsagt opptatt av at Heddadagane skal bli så bra som det praktisk og økonomisk, men først og fremst kunstnarleg, er mogeleg å gjere dei. Eg er redd at dersom det blir slik at store produksjonar frå andre stadar i landet ikkje får kome av di Osloteatera ikkje kan skaffe dei scene, risikerer vi at Heddadagane blir ei oppvising i store produksjonar frå Oslo, og monologar og særs enkle produksjonar frå resten av landet, for å setje det litt på spissen. Det er ei utvikling som er farleg for scenekunsten i Norge, fordi ho er med på å underbyggje den særs provinsielle ideen som det statlege «ekspertutvalet» kom med for eit drygt år sia, og som NTO og resten av teater-Norge sa blankt nei til, nemleg at regionteatera skal vere fylkeskommunale og spele lokalteater medan den nasjonale dramatikken skal takast hand om i hovudstaden. Slik er det ikkje, slik vil vi ikkje ha det, og det bør Heddadagane spegle.

Eg har stor forståing for at Heddadagane er ein dugnad, at det ikkje er noko ekstrabudsjett å forsyne seg av, og at det kan bli kostbart for ein del teater. Men om ein av økonomiske årsaker gjer at det ikkje lenger er mogeleg for Trøndelag Teater og De Utvalgte å syne ein storproduksjon som «Begynnelser» slik dei fekk på Nationaltheatrets hovudscene under Heddadagane i 2017, eller Rogaland Teaters «Orlando» som blei vist på den same scena i 2018, er eg redd Heddadagane raskt vil tape verdi og interesse.

Eg veit ikkje kva det kosta Rogaland Teater å reise til Oslo med «Orlando» i fjor, og i utgangspunktet var det på alle vis eit heilt umogeleg prosjekt. Men dei greidde det, likevel. Om Heddadagane skal ha ei framtid, må det vere fleire enn Arne Nøst som freistar å sykle på vatnet.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no