S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Halldis Folkedal – 27. januar 2016

Folkedansutdanning no!

Vals. Foto: Andreas Løken


Publisert
27. januar 2016
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt

Halldis Folkedal er utdanna dansevitar frå Nordic Master in Dance Studies på NTNU og har i tillegg PPU i dans frå Kunsthøgskolen i Oslo. Ho arbeider som kulturrådgjevar på folkedans i Noregs Ungdomslag, er fungerande styreleiar i Dans i skolen (DiS) og styremedlem i Fellesrådet for kunstfagene i skolen.

Kronikken vart først publisert på Folkemusikk.no og er også sendt til Scenekunst.no.


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/folkedansutdanning-no/
Facebook

KRONIKK: – Eit einfaldig og snevert kunnskaps- og dansesyn pregar diverre delar av danseutdanninga i dag. Noreg treng ei folkedansutdanning, og danseutdanninga treng folkedansarane, skriv Halldis Folkedal, den første nokosinne med praktisk-pedagogisk utdanning i norsk folkedans.

«Eg har alltid villa studera folkedans. Eg ville fordjupa meg i folkedans på vidaregåande, men enda opp på teaterlina. Så ville eg gå på folkedanslina på Manger folkehøgskule, men den vart nedlagt året før eg skulle søkja. Då eg ville studera folkedans på NTNU, hadde dei ikkje lengre tilbod for meg der. Eg har vegra meg mot å søkja meg inn på andre utdanningar, i tilfelle det skulle dukka opp ei folkedansutdanning.»

Dette seier Tone Ingvaldsen, folkedansar frå Bodø. Ho har no søkt seg inn på andre studieretningar ved Universitetet i Oslo.

Sjølv er eg no over 30 år. Då eg var yngre, hadde eg også lyst til å studera utøvande folkedans. No for tida observerer eg 15–20-åringar som kan tenkja seg å fordjupa seg i folkedans på vidaregåande, og som har tankar om å bli utøvande dansarar. Historia gjentek seg, med andre ord: Ny ungdom kjem til som har lyst til å studera folkedans, men me har inga utdanning å tilby.

Eit nasjonalt ansvar Kvifor skal folkedansarane også kunna utdanna seg? Dumt spørsmål – sjølvsagt bør me kunna utdanna oss! Faktisk burde me få betalt under utdanninga – så viktig er det med meir folkedanskompetanse i Noreg. Me folkedansarar er jo faktisk litt utryddingstruga!

Men framleis står me og kremtar medan me bankar forsiktig på utdanningsdøra. Me er litt som Askepott som står der utanfor slottet og ser dei andre dansesjangrane dansa rundt i ballsalen gjennom eit frose vindauga. Der inne ser me ballett, moderne og jazz dansa med prinsen, medan me mistar skoen i håp om at nokon plukkar den opp. Kjære prins, freistar det med ein hamborgar eller springar?

Å få seg ei utdanning burde ikkje vera ein kamp. Særleg ikkje når det gjeld uttrykk som Noreg har eit særskild ansvar for å ta vare på og utvikla. Det seier seg sjølv at folkedansarar ikkje kan reisa til New York eller London for å fordjupa seg i dei norske dansetradisjonane. Samfunnet etterspør i dag slik fagkompetanse. Eit døme: I kulturskulane er det for tida svært lite folkedans. For å få deg arbeid i kulturskule, bør du helst kunna visa til relevant utdanning, ikkje minst pedagogisk kompetanse.

I vår fullførte eg, som folkedansar, PPU i dans på Balletthøgskolen. Eigentleg er ikkje PPU i dans lagt opp slik at folkedansarar skal kunna koma inn, og du møter heller ikkje folkedans under utdanninga. Dette sjølv om folkedans har vore ein sentral del av danseopplæringa og dansedanninga i grunnskulen gjennom 1900-talet, og framleis inngår i kompetansemåla i grunnskulen. Kvar skal folkedansarar få pedagogisk kompetanse, om dei ikkje kjem inn på dei pedagogiske studia som finst?

Det er slitsamt å heile tida måtte forsvara sjangeren sin og tilpasse seg andre formspråk. Folkedansarane treng eit utdanningssystem som snakkar språket og forstår kodane deira. Samstundes har det ein eigen verdi at dansarar frå fleire sjangrar er saman, på like premiss.

Snevert danseomgrep I dag høyrer me alle stader om basisfag og grunnleggande ferdigheiter: Nokre fag og ferdigheiter er viktigare enn andre, og i grunnskulen er det å rekna, lesa og skriva. Jo, å kunne lesa, rekna og skriva er bra. Men veit du kva som er endå betre? Det er å sjå kropp og tanke i eitt – innsjå at alle born treng å utvikla seg på ein heilskapleg og mangfaldig måte.

Eit snevert og einfaldig kunnskaps- og menneskesyn pregar mange av debattane om grunnskulen i dag. Og forfallet i kunst- og kulturfaga i skulen held fram. Me som veit betre, må halde fram med å påpeika: Dei landa som har høg vektlegging av kunst- og kulturfag i skulen, scorar også høgt innanfor andre fag.

Eit einfaldig og snevert kunnskaps- og dansesyn pregar diverre også synet på dans innan delar av danseutdanninga i dag. Lat oss ein gong for alle slå fast ein sak: Danseutdanningane i Noreg er skikkeleg rare. I Noreg heiter den statlege utdanninga for dansarar framleis Balletthøgskolen, sjølv om skulen også underviser i moderne/samtidsdans og jazz. Hadde Norges Musikkhøgskole i dag heitt Klassiskhøgskolen, hadde det nok vorte reagert med mange sure blåtonar.

Tredelinga i klassisk, jazz og moderne/samtidsdans går att i heile utdanningssystemet. Berre tre dansesjangrar vert sett på som meiningsberande nok til å bli representert i utdanningsinstitusjonane. Systemet er merkeleg og avleggs, og det trengst nye måtar å organisera danseutdanningane på.

Unntaket er kan henda Høyskolen for dansekunst (HFDK), ei vidareføring av Skolen for samtidsdans. I artikkelen «Premiere på ny utdanning» på Scenekunst.no (Nordvåg 2015) kan me lesa at den nye høgskolen er oppteken av individuelle kreative og koreografiske prosessar, som tek studentane sitt rørslemønster og eigne prosessar på alvor. HFDK skal vere open for alle teknikkar, stilartar og syn på dans. Initiativtakarane bak utdanninga kritiserer nett det at klassiske stilideal alltid er referansen og vert sett på som «meir rett». Det er merkeleg at det i 2016 framleis er slik.

Eit viktig poeng i artikkelen er at heterogene grupper lærer betre enn homogene. Dansesjangrane og dansarane treng møteplassar der teknikkane vert likestilte, frie frå danseutdanningssystemet sitt hierarki. Uttrykker ikkje utdanningssystemet i dans nettopp at nokre dansesjangrar har meir verde enn andre?

Ung og lovande Sjå for deg at du er ung. Du skal søkja deg inn på vidaregåande, der du ønskjer å utvikla deg som folkedansar innanfor programfag dans. Kanskje er det draumen din å kunna leva av å vera folkedansar på sikt. Etter vidaregåande er planen å søkja deg inn på utøvande studie. Men i løpet av tre år på danselina møter du ikkje din eigen dansesjanger ein einaste gong. I tillegg ender du opp med å få karakteren 2 i klassisk teknikk, fordi den teknikken er motsett av den teknikken som du har i eigen sjanger. Sjølvverdet til ein god dansar kan fort få seg ein alvorleg knekk.

Frå Grunn!, tingingsverk til BIMF 2014, eit samarbeid mellom folkedansarane i BUL Ervingen og streetdance-gruppa Flava Few. Foto: Audun S. Hole

Då eg underviste faget «Dans i perspektiv» på vidaregåande i Bergen i nokre år, hadde eg stadig elevar med bakgrunn i sjangrar som selskapsdans, swing, og særleg hip hop. Problemet er at om du kjem inn med andre dansesjangrar enn klassisk, jazz og moderne, er det store sjansar for at du ikkje får møta eigen dansesjanger i løpet av dei tre åra du går på danselina. Om du kjem inn som folkedansar, skal du i utgangspunktet møta folkedans i «Dans i perspektiv». Men diverre er det ein viss fare for at læraren din ikkje kan nok om folkedans til å kunna gje deg nokre utfordringar.

No skal det seiast at det er revideringar på gang innanfor programfaga musikk, dans og drama på vidaregåande. Mellom anna har det vore sett ned faglege grupper som skal gje innspel til korleis programområdet kan betrast. Desse gruppene har mellom anna kome med innspel til korleis faga kan bli meir mangfaldige og tilby meir valfridom. Kunne det til dømes vera mogleg å opna opp mellom hovudretningane dans, drama og musikk, slik at du både kan ta musikkfag og dansefag, eller dans og drama? Kanskje både dansar du og speler eit instrument, og ville likt å få undervising i begge deler?

Det er lite som tilseier at ein som vil utdanna seg innanfor folkedans eller locking (ein dansestil innan funk og hiphop, red. komm.), vert ein betre utøvar av å trena klassisk ballett. Bør du ikkje på danselina kunna velja hovuddansesjanger på same måte som ein vel hovudinstrument på musikklina? Ved å opna opp for spesialisering på vidaregåande, vil me også få meir spesialiserte dansarar – noko dei ulike utøvarstudia allereie etterspør. Kanskje må me gå vekk frå gruppetenkinga som ofte dominerer i dansefaget, og tenkja meir på dansarar som individ?

Saman er me sterke I læreplanen for scenisk dans på vidaregåande kan me lesa:

Som kunstart framstår dans i mange ulike former med ulike sceniske danseuttrykk og

danseteknikker. Samtidig speiler dans et samfunns kunstneriske og kulturelle mangfold,

og har en allmenndannende funksjon som grunnlag for kommunikasjon, estetisk refleksjon og kulturell forståelse (Læreplan i scenisk dans 2006:2)

Sjølv om ein ovanfor har definert at ein skal ha kunstnarisk og kulturelt mangfald, at ein skal få erfaring med ulike danseuttrykk og danseteknikkar, så vert det lengre ned i læreplanen slått fast at det er gjennom og av klassisk ballett, moderne/samtidsdans og jazz denne erfaringa handlar om. Men er det berre desse sjangrane som har teknikk?

I faget «Dans i perspektiv», det obligatoriske danningsfaget på danselinja, vert norske og internasjonale dansetradisjonar nærast pressa inn. Elevane skal kunna «danse et utvalg danser fra norske dansetradisjoner og beskrive særtrekk ved disse dansene (…) danse et utvalg danser fra ulike kulturer og beskrive kulturelle særtrekk ved disse dansene» (Læreplan i dans i perspektiv 2006: 3–4). Det er karakteristisk at ein snakkar om å utøva moderne, klassisk og jazz, medan ein berre skal dansa dei norske og internasjonale folkedansane Eg opplever at det framleis eksisterer ein hierarkisk måte å skriva om dei ulike sjangrane, og eit selektivt syn på kva dansar som høyrer heime i eit utdanningssystem.

Ikkje alle meiner at det er så viktig å putta noko inn i ein sjanger lenger. Eg seier i dag ofte at eg er dansar og ikkje folkedansar. Andre tenkjer at teknikk ikkje er så vesentleg for danseuttrykket. Eg meiner likevel at sjangeren folkedans har mykje å bidra med, både i utøvingsperspektiv og pedagogisk perspektiv. Dei andre sjangrane treng også folkedansen.

Om dansefeltet skal kunna vinna fram, til dømes med å koma sterkare inn i grunnskulen, så må dansesjangrane stå saman. Me må kvitta oss med eit forelda syn på kva dans som høyrer heime som utøvande og som pedagogisk fag.

Uansett kor eit utøvarstudie i folkedans kjem til å koma, så må eit slikt studie tora å vera seg sjølv. Folkedansarar har alltid vore gode til å organisere seg, og me må stå saman om den framtidige folkedansutdanninga.

Kjelder

Læreplan i scenisk dans – programfag i utdanningsprogram for musikk, dans,drama, programområde for dans. Læreplankode: DAN2-01 (2006). Oslo: Utdanningsdirektoratet, http://data.udir.no/kl06/DAN2-01.pdf?lang=nob, henta 12.04.2015

Læreplan i dans i perspektiv – programfag i utdanningsprogram for musikk, dans, drama, programområde for dans. Læreplankode: DAN3-01 (2006). Oslo: Utdanningsdirektoratet, http://data.udir.no/kl06/DAN3-01.pdf?lang=nob, henta 12.04.2015

Nordvåg, Hanne Bernhardsen (2015): Premiere på ny utdanning, https://www.scenekunst.no/pub/scenekunst/nyheter/?aid=7971, henta 08.12.2015


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no