Say Something Foto: FOTO: MARI FLØNES

“Den uventa dansaren”

Multiplié Dansefestival i Trondheim er i full gong. Her kan du lese kritikkar av to av produksjonane.

Om "Frihet, likhet, brorskap eller døden":

Opplysande og eksistensielt
Store eksistensielle spørsmål som syner at det, etter meir enn to hundre år, framleis er langt fram til ideala frå den franske revolusjonen.

For tre år sia hadde dansekunstnarduoen Siljeholm/Christophersen urpremiere på framsyninga ”Norma Jeane” på Teaterhuset Avant Garden. Den gongen var det med eit litt sjangeroverskridande og humoristisk skråblikk på kvinna i eit kvasisosiologisk perspektiv. Det var ei framsyning som framleis sit godt festa i minnet.

I samband med MultiPlié Dansefestival er duoen nå attende med ei ny urpremiere, og denne gongen med langt høgare ambisjonar. Tittelen ”Frihet, likhet, brorskap eller døden” er ganske pretensiøs og femnar om alt som vi i røynda reknar som fundamentet for den vestlege sivilisasjonen dei siste to hundre åra. Ganske eksistensielle greier, med andre ord.

Salen er nake, og rekvisittane er berre ein del industriarmaturar, nokre opphengde og andre lause. Det tar til med lyset rett på publikum og ein verbal intro der vi får vite at det meste er lov, og vi må gjerne ta ein mobilsamtale, gå på do eller forlate salen om vi skulle kjenne for det. Så er framsyninga i gang, og ettersom denne dansefestivalen har merksemda retta mot ”den uventa dansaren”, forstår vi at koreografi også kan vere sin eigen antitese der all rørsle blir frose.

Fire dansarar står som saltstøtter, og så lenge, og vel så det, at det utfordrar salen og vi kjenner ubehaget. Men så, gradvis, bryt ei av dei ut, og vi er straks inne på dei eksistensielle tema som blir utforska i denne produksjonen. Her er gruppedynamikk, utanforskap, vi og dei andre og mange ulike maktforhold. Gjennom at dei fire syner oss eit utal forskjellige gruppekonstellasjonar, blir vi vitne til alt frå drap til aldersutstøyting og dyrisk framferd, altså menneskeleg aktivitet som tyder på at ideala frå den franske revolusjonen framleis er lysår unna.

Dette blir synt oss gjennom ulike dansetablå frå eksplosiv rørsle til det meir kontemplative, og der framsyninga nok for dei fleste vil minne meir om teater enn tradisjonell dans. Så får vi med det også utfordra fordommane våre. Ikkje alle tablåa er like forståelege, og midtvegs buttar det tidvis litt i mot for meg og noko blir litt uforløyst. Men ensemblet får sett lys, i dobbel tyding, på at det vi tar som eit grunnleggande fundament for vår eigen eksistens, ikkje alltid er så sjølvsagt. Den nesten geniale bruken av industriarmaturar til å ”belyse” problema, er særs effektiv, og med enkle snortrekk blir armaturane også del av koreografien samstundes som dei like enkelt kan vere stengsel, møbel, opplysande/formørkande, ubehagelege og you name it. Rekvisitt- og lysbruken i denne produksjonen lærte meg at dans ikkje berre er menneske i rørsle.

Om "Say Something":

Deltaking på mange nivå
Ei framsyning som totalt viskar ut skiljet mellom scene og sal, og der publikum blir ein integrert del av oppsettinga.

Som publikum kjem vi inn i verkstadhallen på Svartlamon der det for ein gongs skuld ikkje er ein stol, og ikkje ein rekvisitt. Vi ruslar litt spørjande rundt på golvet, uvisse på kor vi skal plassere oss, før Gareth Green gir oss ein avslappande intro om at vi stort sett kan gjere akkurat som vi vil, og i tillegg gjerne ta ordet og kome med bifall eller mishagsytringar om vi skulle føle for det. Men han har også med nokre litt meir urovekkande opplysingar om kva som kan skje og ikkje. Så skal det heile ta til, og vi oppdagar at det har det eigentleg gjort for lengst.

Godt blanda med resten av publikum er det eit kor som tar til å nynne, synge, og ikkje minst røre på seg. Det er Svartlamon Hardkor, eit ganske spesielt mannskor som kanskje ikkje først og fremst er kjend for klokkeklår røyst og perfekte harmoniar, men meir for ganske røffe og rølpete framføringar, tidvis ganske pubertale, og under mottoet ”Alt kan dirigerast”. Nå har koret også lete seg koreografere, og dei marsjerer, kryp, går og spring over golvet medan dei syng, og vi må stadig flytte oss for ikkje å stå i vegen, – eller omvendt.

Etter ei stund trer også fire dansarar og ein songar fram frå anonymiteten blant publikum, og vi veit vel eigentleg aldri heilt kven som er utøvar og kven som er tilskodar. Også fordi alle etter kvart blir utøvarar. Publikum må heile tida delta, først og fremst av di vi er så fysisk til stades der det skjer, men også fordi Green rett som det er tar mic’en og stiller spørsmål til tilfeldig utvalde.

Eg må vedgå at det er ikkje noko som gjer meg så lite komfortabel som når det er forventa at eg skal delta i framsyninga, og i slike situasjonar plar eg sjå ned og trekke meg attende. Det seier ganske mye om denne produksjonen at eg her valde å stå nokså midt på golvet, godt synleg, at eg song og dansa med, og innerst inne eigentleg håpa at Green også skulle spørre meg om noko. Kompaniet h2dance greidde med andre ord å gjere oss avslappa midt i det som til vanleg er ei intimsone. Og då var vel mye av hensikta oppnådd?

Framsyninga, som er like mye ein performance som ei danseoppsetting, var særs leiken, humoristisk, interaktiv og mangefasettert. Sjølv om dei fire frå h2dance hadde ein del mindre dansenummer, var det i dansesamanheng vel så interessant å sjå korleis koret let seg koreografere, og etter kvart faktisk også publikum der vi blei drivne fram og attende på golvet. I utgangspunktet kan ein nok sjå dette som ei upretensiøs utforsking av kva som skjer i møte mellom dansarar, eit lokalt kor og publikum. Men her låg også mye anna bak, som spørsmål om ytringsfridom, grenser, korleis folk ter seg i grupper osv.

Det var ei laussloppen og livsbejaande stemning som gjennomsyra oppsettinga, men brått kunne ho bli kontrastert  av at vi som dyr eller fangar blei drivne saman, innestengde utan høve til å kome ut. Dette kontinuerlege spelet på kontrastar låg som eit bakteppe over heile framsyninga, og gjorde at ho blei langt meir enn berre ei artig utforsking av møte mellom profesjonelle dansarar og keitete publikummarar. Og ikkje minst gjorde det at dette blei ei oppsetting ein ikkje så lett får ut av hovudet.

Produksjonen ”Say something” har vore spela nokre år, i mange forskjellige land, og med ulike lokale kor. Eg tenkte med meg sjølv at det måtte vere ei optimal løysing å nytte Svartlamon Hardkor ettersom det kunne by på mye av dei ønska kontrastane. Heilt til eg i samtalen som blei arrangert etter framsyninga, fekk vite at kompaniet kunne nytte alt frå kyrkje- til guttekor. Då forstod eg at dette er ei framsyning som verkeleg kan ha kameleonens trekk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER