Cecilie Grydeland Lundsholt. Foto: Rolf-Inge Pedersen

Cecilie Lundsholt ny teatersjef på Sogn og Fjordane Teater

Cecilie Grydeland Lundsholt (38) blir ny teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater (Teater Vestland). Ho har brei erfaring både frå det frie feltet og ulike institusjonsteater. Det melder teateret i ei pressemelding.

Cecilie Grydeland Lundsholt tek over etter Bodil Kvamme som teatersjef frå og med 1. januar 2021. Stillinga er eit åremål i perioden 2021-2024. Frå 1. 1. 2020 skiftar Sogn og Fjordane Teater namn til Teater Vestland.

— Vi er svært fornøgde med å ha tilsett Cecilie Grydeland Lundsholt som ny teatersjef, seier styreleiar Rasmus Mo og held fram:

— Det var mange gode søkjarar å velje mellom. I slike prosessar er det alltid utfordrande å plukke den rette. Vi sat att med to særs gode kandidatar, og Lundsholt blei til slutt tilbydd stillinga, seier styreleiaren.

Prisar og stipend
Den påtroppande teatersjefen har allsidig erfaring. Ho var i perioden 2015-2019 kunstnarleg leiar ved Teatret Vårt i Molde, ved avdeling scenekunst for barn og unge i Ålesund. Arbeidet ho leia i denne perioden blei løna med fire nominasjonar til Heddaprisen og Heddaprisen i 2019 for beste barneframsyning med «Mio min Mio».

Ho har elles skodespelarutdanning frå London og jobba fram til 2015 som skodespelar, produsent, dramatikar og dramturg, både i det frie feltet og ved ulike institusjonsteater. I tillegg har ho initiert fleire store scenekunstprosjekt, og ho driv sitt eige teaterkompani. I 2019 vart Lundsholt tildelt Statens kunstnarstipend, og ho jobbar no som dramatikar og regissør med base i Oslo.

Røter i Førde
Lundsholt er fødd i Førde og vaks opp på Gjøvik. Når ho startar i jobben som teatersjef, tar ho like godt med seg mannen og flyttar tilbake til Førde.

— Det å takke ja til å bli teatersjef for Teater Vestland er den enklaste avgjerda eg har tatt på lenge. Eg er utruleg glad for å ha fått denne stillinga, og eg gler eg meg til å flytte til Førde og sette i gang, seier den påtroppande teatersjefen.

— Å leie eit av dei eldste regionteatera, eit teater som over tid har utforska samtidsteater og ny norsk dramatikk, er ei spennande utfordring. Og så er det jo ekstra stas å ta over etter Bodil Kvamme, som eg har stor respekt for, utdjupar ho.

I den grad ho ville komme med ei programerklæring eit heilt år før ho tar til i stillinga, nemner ho den unike moglegheita for vekst og utvikling som ligg i nytt namn og utvida turneområde.

— Dessutan har eg stort engasjement for barn og unge. Det trur eg vil bli merkbart i åra som kjem, avsluttar Lundsholt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER