S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Nanna Baldersheim – 8. juni 2012

Bak kulissane


Publisert
8. juni 2012
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Nyheter

Det Norske Teatret gir eit tilbod om skodespelarutdanning for studentar med ikkje-vestleg innvandringsbakgrunn.

Utdanninga blir treårig og vil leie til ein bachelorgrad. Dei som fullfører studiet vil få tilbod om eit praksisår med løn på Det Norske Teatret.

Studiet blir gjennomført i samarbeid med Høgskulen i Nord-Trøndelag, men undervisningsopplegget er primært på Det Norske Teatret.

Studiet hadde 53 søkjarar.


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/bak-kulissane-2/
Facebook

Dei skal endre teater-Noreg: F.v. Sara Khorami, Kadir Talabani, Judy Nyambura Karanja ogThomas Bipin Olsen.

– At 30 % av Oslos befolkning ikkje ser att seg sjølve på scenen eller i repertoaret, held ikkje mål i lengda, seier teatersjef Erik Ulfsby om utdanningsprosjektet Det Multinorske.

Etter to veker med intense opptaksprøver ved Det Multinorske har dommen falle: Desse fire skodespelarspirene skal vere med på å prege norske scenar i framtida: Kadir Talabani, Thomas Bipin Olsen, Judy Nyambura Karanja, Sara Khorami.

Erik Ulfsby, teatersjef: Kvifor er det såpass få scenekunstnarar med ikkje-vestleg bakgrunn på norske scenar? – Det er samansette årsaker, men ein viktig grunn handlar om at det er eit usikkert yrke. Mange foreldre med ikkje-vestleg bakgrunn ønskjer at barna tek ei utdanning med betre utsikter til fast arbeid. Det garanterte praksisåret i ensemblet ved Det Norske Teatret er eit bidrag til å gjere denne usikkerheita noko mindre.

Korleis kan norske scenar spegle befolkninga betre? – Ved å ta inn kvalifiserte kunstnarar med ein annan bakgrunn i ensembla, og gi dei utfordringar utover roller som følgjer hudfargen deira. Eit talent er eit talent same kva hudfargen er, og tida da til dømes to brør måtte ha lik hudfarge på scenen er over. Det bør vere like sjølvsagt som at vi aksepterer ulikt språk og ulike dialektar på skodespelarane våre, seier teatersjefen til Scenekunst.no..

På kva måte vil Det multinorske endre teater-Noreg? – Desse elevane vil prege Det Norske Teatret ved at dei vil inngå i repertoaret i roller som er uavhengige av hudfarge. Det vil vonleg bane veg for fleire, både på scenen og ikkje minst i salen. At 30 % av Oslos befolkning ikkje ser att seg sjølve på scenen eller i repertoaret, held ikkje mål i lengda. Dette er vonleg eit tydeleg skritt i retning av større mangfald.

Scenekunst.no har bedd alle fire svare på spørsmåla i Bak Kulissane-spalten.

Kva var den siste framsyninga eller konserten de såg? – Sara: Vinterlangt her på Det Norske Teatret. Siste konserten var med Sisi på Victoria Teater. Thomas: Eit utdrag frå Måken med tredje klasse på skodespelarlinja ved KHiO. Judy: Siste konserten var med Anthony Hamilton og barndomsvenninna Sisi, to fantastiske soulartistar. Kadir: Siste konserten var med Roger Waters – The Wall. Judy: Siste konserten var med Anthony Hamilton og barndomsvenninna mi SiSi, fantastiske soul artistar.

Kva er det aller første scenekunstminnet de hugsar? Sara: Det var da eg var tre år. Eg dansa ballett ved Kristine Glennes ballettskole og vi sette opp Svanesjøen i Sandvika Teater. Thomas: Putti Plutti Pott. Judy: Frå barnehagen, da NRK og Sesam Stasjon kom innom Rosenhoff Barnehage ein sommardag. Eg song Fader Jakob på to språk. Kadir: Da eg framførte ein song for klassen da eg var seks år.

Kor på teatret trivst de best? Sara: På scenen og i salen som publikummar. Thomas: På scenen. Judy: Som kunstnar på scenen og som publikummar i salen. Kadir: På scenen. Eg kunne ha tenkt meg å skrive og regissere også, men å vere på scenen har førsteprioritet.

Kven har hatt mest innverknad på dykk? Sara: Det er mange som har hatt innverknad på meg, alt frå venner og familie til diverse kunstnarar. Men mest av alt mamma og pappa. Thomas: Venner. Judy: Dei utrulege foreldra mine, eg er deira største fan og dei min. Dei er veldig kunnskapsrike, og eg er veldig stolt av å vere dottera deira. Kadir: Mor mi, ho har vore der for meg trass i feila mine. Det er stort, synest eg. Ho er ein person som eg let meg inspirere av.

Kva er de redde for? Sara: Eg er redd for å kjenne frykt. Thomas: Eg er ikkje heilt sikker. Judy: Å gå i altfor høge hælar! Kadir: At eg skal ha levd livet mitt utan å ha gjort noko som tyder noko for andre.

Kva ville de gjort om de fekk vere kulturminister for eit år? Sara: Eg ville fått fleire unge menneske til å komme på teater. Eg ville gitt meir stønad til sjølvstendige teatergrupper og meir stønad til dei kommunale kulturskolane, slik at fleire kunne få mulegheit til å drive med scenekunst. Eg ville også bygt fleire teaterhus, slik at fleire skodespelarar kunne fått jobb.

Thomas: Eg villa satsa meir på unge utøvarar. Fått i gang fleire frigrupper og scenar der dei kan få vist seg. I sport finst det fleire mulegheiter for å bli «plukka opp», men dette eksisterer ikkje på same måte i teaterverda. I tillegg ville eg arbeidd for at det skulle vere meir profesjonelle rammer rundt barne- og ungdomsteater.

Judy: Eg ville ha auka stønaden til fritidsklubbar og ungdomsorganisasjonar slik at det blir større rom for utvikling av interessene til ungdom, med meir satsing på undervising i form av verkstader i til dømes koordinering av kulturtiltak.

Kadir: Eg ville gjort det lettare å få statleg stønad. Vi har mange fantastiske kunstnarar som går utan jobb, fordi arbeidsgivarane ikkje har råd til å skape arbeidsplassar. Det er tragisk, for kunst er livspulsen til alle kulturar. Vil vi halde på den norske kulturen er vi nøydde til å støtte norsk kunst i mykje større grad enn vi gjer i dag.

Kven ville de helst delt turnébuss med? Sara: Edith Piaf, bandet "Ulver", Michael Jackson, Ole Alexander Halstensgård, Jimi Hendrix, fantastiske skodespelarvenner, min venn på foto, Line Rosvoll på regi og Meryl Streep.

Thomas: Aller helst ville eg delt turnebuss med Motorpsycho.

Judy: Ensemblet ved Det Norske Teatret, Erykah Badu, Silje Nergaard og jo, Mr. Johnny Depp.

Kadir: CC Cowboys. Trur det hadde vore kult.

Kva er draumeprosjektet dykkar? Sara: Draumeprosjektet er få sett opp eit teaterstykke i Iran utan sensur.

Thomas: Det veit eg ikkje heilt.

Judy: Kunsten er mitt draumeprosjekt. Kunst i form av scenekunst, design, fotografi osb. Eg ønskjer å kunne leve av kunst, det er ein tjue år gammal draum. Kunsten ein av de viktigaste integrerande faktorane vi kjenner til. Det finst knapt noko som så sterkt kan knyte saman menneske på tvers av grenser, nasjonale som kulturelle.

Kadir: Det er både og, delvis fiksjon og delvis relevant kunst. Med relevant kunst meiner eg det å kaste lys over ulike sider av samfunnet vårt.

Kva kunne fått dykk til å gå i demonstrasjonstog? Sara: Å nedkjempe urett. Mot narkorazzia på norske skolar, mot dødsstraff, mot diskriminering og forfølging av homofile, mot steining, mot valfusk og mot rasisme, for å nemne nokre av dei viktigaste. Thomas: For fred. Judy: For positive handlingar som er retta mot ei betre verd. Kadir: Eit kvart tema som trugar demokratiet vårt.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no