Scenemeister - Det Vestnorske Teateret

Søknadsfrist:
23.4.2021

Scenemeister i 100% stilling. Oppstart etter avtale.

Som scenemeister jobbar du for å sikre at teaterproduksjonane blir gjennomførte på eit høgt teknisk nivå. Du har ei aktiv rolle i teateret sine investeringsplanar og utvikling av teknisk avdeling. Du er ein stødig samarbeidspartnar for dei andre teknikarane ved teateret og du evner å arbeide på tvers av fagfelt for å nå felles mål. Stillinga rapporterar til teknisk sjef.

Arbeidsoppgåver:

  • Planleggje og leggje til rette for produksjon av scenografi i tett dialog med kunstnarleg team.
  • Utarbeide økonomiske kalkylar og ha ansvar for produksjonsbudsjett innanfor fagområdet.
  • Leie det scenetekniske arbeidet ved opp- og nedrigg
  • Ansvar for at teknisk utstyr og oppheng er i samsvar med gjeldande lovar og forskrifter.
  • Ettersyn og vedlikehald av sceneteknisk utstyr.
  • Delansvar for driftsoppgåver ved teateret.
  • Aktiv rolle i ferdigstilling av ombyggingsprosessen.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå fagområdet er ønskjeleg. Erfaring kan erstatte formell utdanning.
  • God kompetanse i bruk av digitale arbeidsverktøy.
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg.
  • Førarkort minimum klasse B

Du har/er:

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • evne til å ta ansvar og jobbe sjølvstendig
  • ryddig og systematisk
  • fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr:

  • kreativt arbeid i lag med kollegaer og kunstnarleg team
  • variable arbeidsoppgåver
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • tariff-fest løn- og pensjonsavtale

Send søknad med CV til stilling@detvestnorsketeateret.no innan fredag 23. april.

Spørsmål om stillinga kan rettast til teknisk sjef Eli Versto, tlf 900 10 598, eli@detvestnorsketeateret.no

Om arbeidsgiveren
Det Vestnorske Teateret er eit teater for alle som bur i Vestlandsregionen. Teateret har fast scene midt i Bergen sentrum (Logen). Du finn oss også ute på turné i Vestlandsregionen.
DVT har ei sterk satsing på bruk av ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske. Vi driv også “kulturinstitusjonen” Logen Bar, ein arena for teater, musikk og litterære opplevingar.
Drifta vert i all hovudsak finansiert av Staten og den største eigaren Vestland fylkeskommune. Teateret er inne i ein ombyggingsprosess, venta ferdig i 2023.

http://www.detvestnorsketeateret.no/

SISTE SAKER