Kunstnarleg konsulent/ teaterinstruktør - Teater Vestland og Vestlandske Teatersenter
- Søknadsfrist:
- 7.12.2020
- Teaterundervising for born og unge nokre ettermiddager i veka
- Planlegging og gjennomføring av framsyningar
- Halde kurs og drive kompetanseoverføring
- Konsulent for amatørteatermiljøa
- Delta på møter internt og vere ein bidragsytar til kompetansemiljøa
- Positiv og engasjert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Samarbeidsvillig, kreativ og løysingsorientert
- Gode kommunikasjons- og relasjonsevner
- Gode organisatoriske evner
- Arbeidsam og robust
- Utdanning i drama/teater/regi/skodespel frå høgskule eller universitet
- Pedagogisk utdanning er ønskeleg
- Erfaring med å undervise born og unge er ønskeleg
- Regierfaring er ønskeleg
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Drøymer du om å lage teater med amatørar?
Saman med Vestlandske Teatersenter lyser Teater Vestland ut draumejobben for deg som vil samarbeide med amatørar i alle aldrar.
Ansettelsesform: Engasjement
Arbeidsoppgåver:
Personlege eigenskapar:
Kvalifikasjonar:
Vi tilbyr:
Tilsetting i engasjement i 50% stilling i Vestlandske Teatersenter og 10% stilling i Teater Vestland fram til 30. juni 2021, med moglegheit for forlenging.
Gode og inkluderande arbeidsmiljø, med god kontakt med kollegaer i Bergen og med fysisk arbeidsstad på Teater Vestland i Førde.
Gode fagmiljø med profesjonelle rammer, rettleiing og moglegheit for fagleg utvikling
Løn etter nærare avtale.
Om arbeidsgiveren
Vestlandske Teatersenter (VT) er eit regionalt kompetansesenter med sete i Bergen som driv med kompetanseutvikling i heile landet, men hovudtyngda av aktiviteten skjer på Vestlandet. Vestlandske Teatersenter driv med teaterundervisning av barn, unge og vaksne og bidrar med rettleiing og kursing av amatørteaterfeltet i fylket.
Teater Vestland, tidlegare Sogn og Fjordane Teater, er regionteater i Vestland fylke med scene, produksjonslokale og administrasjon i Førde. Teater Vestland er eit produserande og turnerande teater og nyttar nynorsk målform og vestnorske målføre som scenespråk.