Kundeservicemedarbeidar - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
25.11.2020

Vil du jobbe med sal og kundeservice på Noregs største teater?

Vi søker ein medarbeidar til engasjement i 100% stilling t.o.m 31.12.2021. Vi søker deg som har stort engasjement for sal og kundeservice.

Snarleg oppstart, desember 2020.

Arbeidsoppgåver

  • Billettsal og informasjon om våre framsyningar, aktivitetar og produkt
  • Resepsjonstenester
  • Diverse administrative oppgåver knytt til kundedatabase og oppgjer
  • Servicetenester i foajéområdet, inkludert butikk
  • Skriftleg kommunikasjon med kundar

Vi søker deg som

  • Har god kjennskap til CRM-system/bookingsystem, og har dokumentert erfaring frå billettsal eller resepsjon.
  • Har god digital forståing og evne til å nytte tilgjengelege system på ein effektiv måte
  • Vil bidra til at avdelinga og Det Norske Teatret når sine salsmål, held høg kvalitet på kundeservice og styrker relasjonane til publikum.
  • Har god formidlings- og formuleringsevne. Sterk i skriftleg norsk, kjennskap til nynorsk er ein fordel
  • Er imøtekommande og syner interesse for aktivitetane i huset, slik at du kan ta i mot publikum på ein hyggeleg og opplysande måte
  • Er strukturert, praktisk, sjølvstendig og arbeider godt under press
  • Er fleksibel i høve til arbeidstid og arbeidsoppgåver
  • Har evne til å tileigne deg ny kunnskap raskt

Vi tilbyr:

  • Eit spennande og variert arbeidsmiljø.
  • God tilgang til kulturelt påfyll.

Du må vere innstilt på kvelds- og helgearbeid.

Vi oppfordrar personar med minoritetsbakgrunn til å søke.

Om arbeidsgiveren

Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson: Hilde Christine Storm-Berg, Nestleiar billettluka

Søknadsskjema finner du her.

https://www.detnorsketeatret.no/

SISTE SAKER