Scenemeister - Det Vestnorske Teateret

Søknadsfrist:
12.6.2020

Som scenemeister jobbar du for å sikre at teaterproduksjonane blir gjennomførte på eit høgt teknisk nivå. Du har ei aktiv rolle i teateret sine investeringsplanar, byggeprosjektet, samt utvikling av teknisk avdeling. 100% stilling. Oppstart etter avtale.

Du er ein stødig samarbeidspartnar for dei andre teknikarane ved teateret og du evner å arbeide på tvers av fagfelt for å nå felles mål. Stillinga rapporterer til avdelingsleiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Planleggje og leggje til rette for produksjon av scenografi i tett dialog med kunstnarleg team
  • Utarbeide økonomiske kalkylar for produksjonsarbeidet, og ha ansvar for produksjonsbudsjett innanfor fagområdet
  • Leie det scenetekniske arbeidet ved opp- og nedrigg
  • Ansvar for at teknisk utstyr og oppheng er i samsvar med gjeldande lovar og forskrifter
  • Ettersyn og vedlikehald av sceneteknisk utstyr
  • Delansvar for driftsoppgåver ved teateret
  • Aktiv rolle i ferdigstilling av ombyggingsprosessen

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå fagområdet er ønskjeleg. Erfaring kan erstatte formell utdanning
  • God kompetanse i bruk av digitale arbeidsverktøy
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B (føremon med klasse CE)

Du har/er:

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • evne til å ta ansvar og jobbe sjølvstendig
  • ryddig og systematisk
  • fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr:

  • kreativt arbeid i lag med kollegaer og kunstnarleg team
  • variable arbeidsoppgåver
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • tariffesta løn- og pensjonsavtale

Ansettelsesform: Fast

Send søknad med CV til innan fredag 12. juni.

Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Eli Versto, Tlf. 900 10 598

http://www.detvestnorsketeateret.no/

Om arbeidsgiveren

Det Vestnorske Teateret er eit nynorsk teater for alle som bur på vestlandet. Teateret har fast scene i Bergen sentrum, men turnerer og i regionen. Vi har ei sterk satsing på ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske. Ved sida av teaterrepertoaret driftar vi og kulturprogrammet “Nynorskens hus”. Teateret er i sterk utvikling og er inne i ein ombyggingsprosess som er venta ferdig i 2023.
Drifta har tilskott frå Staten og den største eigaren Vestland fylkeskommune. Vår eigeninntekt utgjer ca. 37 %.

SISTE SAKER