Produsent/ administrasjons-medarbeidar - Opera Nordfjord

Søknadsfrist:
1.3.2020

Opera Nordfjord, som er ein distriktsopera på Nordfjordeid med kontoradresse Eidsgata 10, utlyser nyoppretta stilling som produsent/administrasjonsmedarbeidar i 50-70% stilling.

Innhaldet i stillinga kan langt på veg formast etter kvalifikasjonar, erfaring og interesser, men vil ha fokus på typiske produsentoppgåver når vi er i produksjon. Desse oppgåvene omfattar både praktisk tilrettelegging og koordinering av alle dugnadsgruppene og deira samarbeid med det kunstnariske teamet, solistar og orkester samt ansvar for sosiale medium og hjelp til marknadsføring.

Opera Nordfjord har hovudsakleg tre store produksjonar pr. år: Vårturné, Hovudproduksjon i oktober og Familieproduksjon i november. I tillegg kjem mindre arrangement utanom sesong.

Ein må tidvis rekne med arbeidstid på kveldar og i helger.

Vi søkjer etter ein medarbeidar som arbeider godt både sjølvstendig og i team, er utadvent og har stor arbeidskapasitet, gjerne med erfaring frå sceniske produksjonar og konsertar.

Ta kontakt med operasjef Kari Standal Pavelich på mobilnr. 951 37 226 eller på mail for å få nærmare opplysningar om stillinga.

Storleiken på stillinga er fleksibel og kan aukast, avhengig av kvalifikasjonar og ønskje frå søkjar.

Søknad med vitnemål og referansar vert å sende på epost eller til følgjande adresse:

Stiftinga Opera Nordfjord
Postboks 289
6771 NORDFJORDEID

Oppstart: i løpet av vår/sommar, seinast 1. august 2020

Om arbeidsgiveren
Opera Nordfjord er ein distriktsopera på Nordfjordeid i nye Stad Kommune, som har drive med årlege operaproduksjonar sidan 1998. Fast spelearena er Operahuset Nordfjord, og i tillegg reiser operaen på orkesterturnéar i omliggjande distrikt kvar vår. Operaen er bygt opp rundt eit omfattande dugnadsapparat, som samarbeider tett med det profesjonelle, kunstnariske teamet for kvar produksjon. Kunstnarisk og musikalsk leiar er Michael Pavelich. Kontorstad er Kulturhuset Gamlebanken i Eidsgata 10.

http://www.operanordfjord.no/

SISTE SAKER