Danselærer - Åmli kommune
- Søknadsfrist:
- 15.11.2019
- Gode samarbeidsevner
- Positiv
- Arbeide sjølvstendig
- God til å kommunisere med barn og unge
- Tydeleg i forventnignar og oppfølging av kvar enkelt elev
- Fleksibel og løysingsorientert
Ledig 40% fast stilling som danselærar, evt kombinert dramalærar i Åmli kulturskule. Åmli kulturskule har i dag rundt 70 elevar og 5 lærarar. Det er undervisning i musikk, dans, drama og visuell kunst.
Arbeidsoppgaver
Lærar i dans, evt i kombinasjon med drama. Åmli kulturskule har tre dansegrupper for elevar i alderen 5-18 år. Vi har to grupper i barnedans, ei gruppe i showdans og ei gruppe i street jazz. Vi har også ei teatergruppe. Det kan også vere aktuelt å undervise i introduksjonstilbod i barneskule og barnehage.
Kvalifikasjoner
Vi ønskjer personar med høgare utdanning i relevalte kunstfag, helst også med pedagogikk. Relevant erfaring og arbeid med barn og unge vil også bli vektlagt. Vi ønsker søkarar med kompetanse både i dans og drama, men dersom vi får gode søkarar med berre ein av kvalifikasjonana, vil dans bli vektlagt.
Personlige egenskaper
Vi tilbyr
Hyggeleg arbeidsmiljø. Lønn etter gjeldande avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Tonje Ramse Trædal, Kulturskulerektor, 92629512, tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no
Arbeidssted
Gata 5
4865 Åmli
Søk på stillingen: Klikk her
Startdato: 01.01.2020
Om kommunen:
Åmli kommune er ein vidstrakt kommune i Aust-Agder med om lag 1845 innbyggjarar og ca 220 tilsette.
Kommunesenteret ligg 6 mil frå Arendal. Åmli kommune har eit godt skule- og barnehagetilbod, vidaregåande skule og eigen kulturskule. I kommunen ligg det godt til rette for eit aktivt friluftsliv med mange flotte turområde og toppturar.
I oktober 2012 flytta mange av dei tilsette inn eit flott og moderne rådhus som vi er stolte av. Dei tilsette vel sjølv målform (bokmål eller nynorsk), men overordna plan- og styringsdokument skal skrivast på nynorsk. Åmli kommune har eit utstrakt regionsamarbeid i Ikt- Agder med 8 kommunar og Fylkeskommunen. Kommunen er med i mange utviklingsprosjekt og eit viktig prosjekt er m.a. fokus på tidleg innsats i høve til barn i førskule- og skulealder.
Åmli kommune er organisert som ei to-nivåmodell med rådmannen som øvste leiar og med utstrakt delegasjon av mynde til einingsleiarane.
Kommunen er ein vidstrakt skogsbygd på 1131 kvadrat-kilometer. Åmli kommune består av sentrum, dalføra Gjøvdal, Tovdal og Skjeggedal og ein rekke mindre grender. Kommunesenteret er tettstaden Åmli. Kommunen grenser i nord mot Fyresdal og Nissedal, i aust mot Vegårshei og Tvedestrand, i sør mot Froland og i vest mot Bygland. Vi har god kommunikasjon med byane rundt oss. Sørlandsbanen kryssar kommunen i søraust, med stasjon på Nelaug. Det går en sidelinje fra Nelaug til Arendal. Telemarksvegen, Riksveg 41 Kviteseid — Kristiansand, går i nord-sørlig retning gjennom kommunen. Frå Åmli sentrum går RV. 415 sørøst mot Tvedestrand.