Dramaturg - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
5.8.2019

 Spennande stilling ved landets viktigaste teater

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum.

Teatret spelar på tre faste scenar og på Rommen scene i Groruddalen.

Det er ledig åremål som:
DRAMATURG i 100% stilling

frå  01. oktober 2019 til 01. mars 2021, med moglegheit for forlenging.

Det Norske Teatret legg særleg vekt på samtidsdramatikk, både når det gjeld å utvikle nye nynorske skodespel og når det gjeld å presentere sentrale internasjonale scenetekstar. Teateret tar sikte på å styrke det internasjonale arbeidet gjennom samproduksjonar og gjestespel i utlandet i åra som kjem. Innsikt og erfaring frå internasjonal samtidsscenekunst er ein fordel.

Vi søker etter ein medarbeidar med universitetsutdanning på masternivå eller tilsvarande innanfor relevante fagområde (dramaturgi, teatervitskap, språkfag, litteratur osb.). Du må ha røynsle innanfor praktisk teaterarbeid og vere i stand til å forstå dei krav samtidsteateret stiller til scenetekstar og dramaturgi.

Vidare må du kunne rettleie og følgje opp arbeidet med heilt nye tekstar frå idé til produksjon. Dette  krev evne til sjølvstendig arbeid, at du kan analysere prøveframdrift og ha god kunstnarleg dømmekraft.

Du bør dessutan kunne dokumentere eiga kunstnarleg verksemd innanfor tekst, omsetjing eller liknande. Nynorsk er arbeidsspråket på DNT, og for ein dramaturg betyr det meistring på eit nivå der ein kan rettleie og rette.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Avdelingsleiar for dramaturgane Ingrid Weme Nilsen, ingrid.weme@detnorsketeatret.no, tlf: 92 63 33 49.

Send skriftleg søknad med attestar til:

https://candidate.hr-manager.net/ApplicationForm/SinglePageApplicationForm.aspx?cid=1258&departmentId=18965&ProjectId=143597 innan 5. august 2019

Du finn annonsen med link på Heimesida til DNT

https://www.detnorsketeatret.no

SISTE SAKER