S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Ingrid Weme Nilsen – 9. mai 2023

Teater utan vitskap

Ingrid Weme Nilsen. Foto: Pål Christian Eggen


Publisert
9. mai 2023
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/teater-utan-vitskap
Facebook

Sjefsdramaturg på Det Norske Teatret, Ingrid Weme Nilsen, kjem i dette debattinnlegget med ei støtteerklæring til teatervitskap i Bergen. I dag skal bemanningsplanen for 2023-2025 avgjerast i fakultetsstyret.

Den 9. mai skal fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen avgjere om talet på fagleg tilsette ved Teatervitskapleg institutt skal bli redusert med ei stilling. Det vil i så fall seie at den faglege bemanninga blir redusert med 33%, noko som i praksis vil tyde eit langt steg i retning av nedlegging av faget. Situasjonen er ekstra kritisk fordi Universitetet i Bergen er den einaste utdanningsinstitusjonen i Norge som tilbyr studie i klassisk teatervitskap, etter at faget vart nedlagt ved Universitetet i Oslo i 2012. Den gong var noko av grunngjevinga for nedlegginga nettopp at faget var tilgjengeleg ved Universitetet i Bergen.

Teatervitskap er eit relativt nytt fag i Norge. I Bergen begynte det første kullet hausten 1969. Studentane lærte om norsk og europeisk teaterhistorie og dramaturgi. Da hadde teatervitskapleg institutt i Oslo allereie eksistert i fire år. Den første statlege skodespelarutdanninga, Statens Teaterskole opna 11 år før dette igjen, og behovet for profesjonelle teatervitarar hadde, naturleg nok, begynt å melde seg.

I forhold til mange andre europeiske land er Norge framleis ein ung teaternasjon. Like fullt kan vi i dag vise til fleire sterke teaterregissørar, dramatikarar og teaterkompani, som óg får merksemd i utlandet. Dette hadde ikkje vore tilfelle om vi ikkje hadde hatt fagfolk som undersøker teatret frå eit teoretisk perspektiv. Dei praktiske teaterutdanningane, med Khio i spissen, har sørga for jamnt tilsig av dyktige utøvande scenekunstnarar, og dei teoretiske teaterutdanningane, med dei to teatervitskapelege institutta i spissen, har sørga for utdanning av kompetente dramaturgar, produsentar og kritikarar, samt forsking og formidling. I Norge har vi dessutan fleire markante fagpersonar som kretsar mellom det praktiske og teoretiske, som til dømes Lisa Lie, Tore Vagn Lid og Trine Falch.

No er altså den teoretiske delen av denne faglege symbiosen trua. Det er god grunn til å frykte konsekvensane.

Teatervitskap er eit danningfag. Det handlar om filosofi. Om tekst, tolking, historie og politikk. Studentane lærer å analysere, å vere kritiske, dei lærer å diskutere og resonnere – dei lærer å tenke. I vår nye klikk-økonomiske kvardag representerer fag som teatervitskap ein motsats som vi bør hegne om og ta vare på, ikkje kutte vekk.

Det er økonomiske årsaker til at teatervitskap i Bergen no er foreslått nedbemanna. Men eg vil påstå at gevinsten i dette tilfellet vil vere kortvarig. For i Norge er teater óg ein eksportvare. Dramatikarar som Jon Fosse og Arne Lygre blir spela over heile verda, og teaterkompani som Vinge/Müller og Goksøyr/Martens og regissørar som Kjersti Horn og Marit Moum Aune blir invitert til å gjeste prestisjetunge festivalar og anerkjente teaterinstitusjonar i utlandet med framsyningane sine. Men dette ville kanskje ikkje skjedd om det ikkje satt teatervitarar i salen. Viss det ikkje var nokon skreiv faglege kompetente kritikkar av framsyningane, og fekk dei publiserte i dei rette tidsskrifta. Viss det ikkje var nokon som hadde dykka ned i kunstnarskapa, og brukt tid og krefter på å forske på dei. Viss vi ikkje hadde teatervitarar som kunne gjere omverda merksamme på det, når det skjedde noko ekstraordinært i norsk teater.

I Norge har vi ein einaste statleg æresbustad for kunstnarar. I den bustaden bur det ein dramatikar. Sidan debuten ved DNS i Bergen i 1994, der eit dramaturgiat og ein teatersjef med sterke band til nettopp Teatervitskapleg institutt ved UiB bestemde seg for å satse på denne nye stemma, har Jon Fosses stykke blitt spela over heile verda. Dei siste åra har Fosses namn stendig dukka opp som mogleg kandidat til Nobels Litteraturpris.

I dag spør eg meg kven som skal oppdage den neste Jon Fosse.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no