S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Anne Viken – 16. oktober 2013

Teater og periferi


Publisert
16. oktober 2013
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Nyheter

Teaterfestivalen i Fjaler 4. -7. 10 2013

For første gang vart det arrangert teaterfestival i Dale i Sunnfjord 4. -7. oktober 2013. Festivalen hadde tema “Perifere forteljingar", og programmet baud på fleire scenekunstnarar som arbeider med lokale røynsler – frå Glesbygd i Sverige, Lindås utanfor Bergen, kystbygda Gamvik i Finnmark til historia om sportsklubben Skansemyren. I tillegg kom framsyningane 0 + 0 = 4 og Mensen Ernst frå Sogn og Fjordane Teater.

Festivalen arrangerte òg eit symposium omkring temaet det lokale, støtta av Norsk kulturråd og 250års-jubileet til Sogn og Fjordane fylke.


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/teater-og-periferi
Facebook

Nok en same. Teaterfestivalen i Fjaler 2013. Foto: Danielle Liljequist

DET LOKALE: Den nyskipa teaterfestivalen i Fjaler i Sunnfjord gav følelsen av å vere med på noko eksklusivt og nært, skriv Anne Viken.

– Dei fleste teaterfolk bur i Oslo og ser verda derifrå. Periferiperspektivet er annleis.

Påstanden vert servert av regissør Torkil Sandsund på Teaterfestivalen i Fjaler sin aller første dag. Saman med dramatikar Miriam Prestøy Lie er Sandsund initiativtakar til festivalen som gjekk av stabelen i Dale i Fjaler i Sogn og Fjordane. Prestøy Lie er husdramatikar ved Dramtikkens hus, og sambuarparet har busett seg i Dale der Sandsund vaks opp.

Røyndom i hestesko Vi er på symposium i kjellaren på Jakob Sande-løa i Klokkargarden i Dale, og skodespelarar, regissørar og andre inviterte sit i hesteskoform og diskuterer røyndomsbasert teater og korleis eit lokalt blikk kan danne grunnlaget for nye fortellingar. Periferien i eit scenekunstperspektiv er under lupa: Korleis kan noko som er viktig lokalt, bli relevant i ein global samanheng?

Mange av stykka som vert sett opp på festivalen er i sitt innhald dokumentariske og dramatiserer personlege og erfarte lokale perspektiv.

– Alle stykka vi viser er basert på det verkelege, og på synspunktet skaparen ser verda frå, seier Sandsund, som håper symposiet kan gi innspel til nye oppsettingar i åra som kjem.

Vakkert frå Jerusalem Totalt var sju kompani med til saman ti framsyningar i sving under festivalen, som fann sted første helg i oktober. Alle deltakarane var innlosjerte privat, inntok fellesmåltid og var invitert på seine festar med bål og heimebrygga øl. Stemningen rundt arrangementet var god og lun, og fleire av stykka gjorde sterkt inntrykk på meg. Særleg Point of View, ein norsk-palestinsk produksjon i samarbeid mellom det frittståande teateret Al Ruwah Theatre frå Aust-Jerusalem, Dramatikkens hus og Nationaltheatret i Oslo. Poeten Najwan Darwish har skrive stykket saman med tre andre.

– Palestinske aktørar skreiv i Norge, og norske aktørar skreiv i Palestina. Stykket er eit produkt av erfaringar og har eksistensielle og poetiske lag, samstundes som det set fokus på ein dobbel identitet: den norske og den palestinske, seier Darwish. Han legg vekt på at ein ikkje ville tvinge stykket til å frambringe ein spesiell bodskap.

Som fint glas Du sit att med kjensla av å ha sett noko varsamt og poetisk nydeleg, litt som fine glas du held mellom hendene. Likevel er innhaldet i tekstane konkrete og erfaringsbaserte, og ikkje minst personlege. Stykket er ein vakker dialog mellom ein mann og ei kvinne, ein palestinar og ein nordmann. Ho oppteken av at kjøpet av ei dyr jakke gir henne personlege kvalar. Ein kan ikkje gå i ei dyr designarjakke og genser om ein også vil redde verda. Ho vaknar om natta og vil levere jakka tilbake, vere den første i rulletrappa på Steen og Strøm neste morgon når dei opnar.

Han lyttar og spør: Kvifor er du så redd for å dø? Ho pratar vidare.

Scena er sparsomt lyssett, og i bakgrunnen rullar teksten til den løpande dialogen på ein skjerm. Den er som eit dikt, vekselvis på norsk og engelsk. To vidt ulike identitetar møtes og prøver å forstå kvarandre, lyttar til kvarandre sine erfaringar.

Det personlege Stykket Nok en same med Håkon Mathias Vassvik, Torgeir Vassvik og Jan Lothe Eriksen brukar trommer og joik i ei malande litterær fortelling om identitetskrisa mange samar opplevde under og etter dønningane av fornorsking som møtte dei. På kanten av Ishavet, i den vesle bygda Gamvik, der ein når det stormar som verst, må halde seg fast og flytte seg frå lyktestolpe til lyktestolpe, lever besteforeldre som er redde for å prate om at dei er samar, og bestevener som ikkje veit at venen pratar samisk med familien.

Publikum er stille og lyttar. Det er mange lokale, og førestillingane dreg mykje folk. Teaterframsyningar i ungdomshuset Trudvang vert annleis enn på ei stor teaterscene. Det vert nært, og når du går ut dørene er du framleis i kulissene. Fjaler vert ein del av teateret, ei kulturell gourmetoppleving som ikkje tek slutt når du går ut dørene.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no