S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Amund Grimstad – 28. oktober 2022

Tar Trøndelag Teater kritikken på alvor?


Publisert
28. oktober 2022
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/tar-trondelag-teater-kritikken-pa-alvor
Facebook

«Vi tar kritikken på alvor» skriv marknadssjefen på Trøndelag Teater i eit innlegg som ikkje er spesielt egna til å overtyde nokon om at det er det dei gjer.

Under overskrifta «Sitatskikk og forholdet til sanninga» skreiv eg den 17. oktober eit innlegg på scenekunst.no. Det handla om ulike institusjonsteater i Noreg og forholdet deira til teatermeldingar og ikkje minst praksisen når dei siterte frå meldingane. Eg viste til Nordland Teater og Teatret Vårt som gode døme på eit ope forhold til både kritikk og sanning. Og eg trekte fram Trøndelag Teater som eit av dei dårlegaste i klassen når det gjeld desse forholda. Innlegget var vedlagt dokumentasjon av både Nordland og Trøndelag Teaters heilt forskjellige haldning til teatermeldingar og kritikk. Eg var særleg kritisk til sitatpraksisen til Trøndelag Teater der dei vel seg ut ei og anna setning frå dei ulike teatermeldingane, tatt heilt ut av samanhengen , og mange gongar fullstendig misvisande for det som den aktuelle teatermeldaren hadde skrive.

Dagen etter kom det eit stutt og ganske inkjeseiande svar frå den nytilsette marknadssjefen på Trøndelag Teater. Eg har venta i det lengste med å svare på innlegget, både fordi eg rekna kritikken min som så alvorleg og grunnleggjande at det ville vere naturleg at det kom eit svar frå teatersjefen. Og fordi eg ville sjå om teateret, som i følgje marknadssjefen faktisk gjorde eit par vedgåingar, ville rette opp misera si. Det har dei ikkje gjort, og teatersjefen er heilt taus.

Heimesida til Trøndelag Teater Marknadssjefen på Trøndelag Teater gir meg i svaret på Scenekunst.no medhald i at ein kritikk eller teatermelding ikkje er det same som «presseomtale», og ho skriv også at

«Jeg er enig i at en lunken anmeldelse kan være vel så spennende og underholdende å dele som en god kritikk, og denne gangen kunne vi løst det annerledes.»

Med den siste setninga syner ho diverre at ho ikkje har forstått så mykje av mine innvendingar. For det teateret har gjort i samband med kritikken av «Don Juan» er ikkje ein uheldig glipp, eller eit einskildtilfelle som dei kunne ha løyst annleis denne gongen, men del av teaterets generelle praksis og haldning til teatermeldingar.

Men alle må få ein sjanse til å gjere godt att, så eg har latt det gå ei dryg veke før eg sjekka heimesida til Trøndelag Teater for å sjå om det er kome ei retting i overskrift eller i sitatbruken. Der var det for det første ikkje eitt ord om at det går eit ordskifte om teaterets haldning til sanning og sitatskikk i eitt av landets viktigaste medium for scenekunst. Det er det heller ikkje på Facebooksida til teateret. Tagnad, eller å late som kritikken ikkje finst, er jo også ein strategi, men kanskje meir vanleg i land vi ikkje likar å samanlikne oss med.

Verre er det at den ureielege sitatskikken held fram. Nedst på heimesidas framsida har teateret ein vignett dei kallar «Nyheter» der dei siste fire nyhendemeldingane blir lagt ut. Fram til 22. oktober, altså fem dagar etter mitt innlegg på Scenekunst.no, og fire dagar etter at marknadssjefen skreiv at dei kunne ha løyst det annleis, stod det følgjande under nyhendevignetten. «en forførerisk forestilling». Dei tre orda var utstyrte med hermeteikn, så det måtte vere eit sitat,. Og når ein klikka på det, kom dei same misvisande sitata opp. Akkurat som før.

Og om ein klikkar seg inn på «Don Juan» og vil lese om framsyninga, kjem bildet eg nytta som illustrasjon i det førre innlegget mitt opp med overskrifta «Presseomtaler», og med den same misvisande siteringa. Teateret har ikkje endra ein tøddel.

Sitatet som er klikkåte for det heile «- en forførerisk forestilling», er henta frå Willy Walders melding i Norsk Shakespearetidsskrift der han i første setning i ingressen skreiv:

“På Trøndelag Teater er «Don Juan» blitt en forførerisk forestilling, men tittelfiguren Don Juan blir ingen forfører.”

Det neste sitatet frå Willy Walder er: «- underholdende og velspilt» medan det han skreiv, var:

“Det hele er underholdende og velspilt – men uten retning.”

Ingen som kan lese, vil meine at desse to sitata er dekkjande for det Willy Walder skreiv. Og Trøndelag Teater ser diverre ikkje ut til å ville gjere noko med praksisen sin ettersom dei ennå ikkje har endra eller korrigert heimesida.

Redaktøransvaret Tidlegare laga Trøndelag Teater program til framsyningane sine, og då stod alltid namnet på teatersjefen oppført som ansvarleg utgjevar. Eg har lett gjennom heile heimesida til Trøndelag Teater, men finn ikkje noko om kven som er ansvarleg for den. Eg går likevel ut frå at det er teatersjefen. Med all publisering i dette landet følgjer det eit redaktøransvar. For pressa, etermedium, nettaviser og publikasjonar er dette ansvaret også regulert av norsk straffelov. Eit teaters heimeside er truleg ikkje det. Men som leiar av ein større offentleg institusjon, som mellom anna skal forvalte kulturarv og vere sanningssøkjande, vil eg tru dei fleste teatersjefar likevel vil skjele til kva som er vanleg praksis for media og som blir regulert av «Redaktørplakaten».

Som eg har vist over, held Trøndelag Teater seg med ei heimeside som har eit særs omtrentleg forhold til sanninga, og som medvite gir folk eit fordreidd eller sminka bilde av røyndomen. Dersom teatersjefen veit dette, og let det halde fram, er det ganske alvorleg. Og dersom ho ikkje veit kva marknadsavdelinga driv med, er det endå meir alvorleg. Eg er difor ganske skuffa over at vi ikkje får vite kva teatersjefen sjølv meiner om denne sitatpraksisen. Og særleg ettersom dette langt frå er første gong det skjer. Denne praksisen har vore rådande i årevis, og det vedgår jo også marknadssjefen litt ufriviljug når ho skriv:

«Som relativt ny markedssjef på Trøndelag Teater er det meg fortalt at denne diskusjonen dukker opp med jevne mellomrom (…)»

Ettersom dette er ein kjend diskusjon, også for teateret, må det vere lov å stille teatersjefen eit par spørsmål:

  • Meiner ho at sitatpraksisen til teateret er dekkjande for det dei siterer frå?
  • Og meiner ho at praksisen er etisk forsvarleg?

Nokre vil kanskje meine at eg er hårsår eller lagar storm i vassglas, men eit slikt forhold til sanninga som Trøndelag Teater både syner, og indirekte forsvarer, er ganske alvorleg. Trøndelag Teater er ikkje ein butikk som sel tomatar eller klede, men ein offentleg eigd kulturinstitusjon med eit klårt definert samfunnsansvar. I akademia ville ein sitatpraksis som Trøndelag Teaters bli kalla sitatfusk, og om heimesida hadde vore redigert etter pressas «Vær varsom-plakat», ville teateret bli felt for ikkje å ha dekning for det dei skriv. Eg kan ikkje sjå at det skal vere nokon grunn til at eit teater har meir omtrentlege køyrereglar enn pressa og akademia.

Kva er teateret redd for? Når eg kritiserer Trøndelag Teater for å vere lite reieleg i handtering av kritikk, så gjer eg ikkje det fordi eg er ute etter teateret, men tvert om fordi dette teaterhuset har gitt meg så mange gode og utfordrande opplevingar gjennom meir enn 40 år. Når det gjeld repertoar, casting og mykje anna, tek teatersjefen stadig dristige val, og syner stort kunstnarleg mot. Og ho set også ofte opp produksjonar som ho veit ikkje vil bli det vi kallar «kioskveltarar». Om ho berre hadde tenkt sal, hadde repertoaret sjølvsagt sett heilt annleis ut. Slik er det, og slik skal det vere. Men kvifor har ikkje teateret same høge standard når det gjeld forholdet til teaterkritikken? Kva er det teateret er så redd for? Eit teater er avhengig av tillit og må sjølv ha tillit til sitt publikum. Folk er ikkje dumme. Alle produksjonar er sjølvsagt ikkje like vellukka, og det er noko alle veit. Så når teateret først vel å sitere frå teaterkritikken, må det vere på eit vis som publikum kan stole på og ha tillit til. Om ein les heimesida eller Facebooksida til Trøndelag Teater, vil ein få inntrykk av at absolutt alle produksjonane berre får godord av teatermeldarane.

Det er ikkje noka plikt for teateret å attgi eller lenke til heile kritikken, og heller ikkje å sitere frå han. Teaterets oppgåve er å lage scenekunst. Men når dei først vel å sitere frå dei ulike teatermeldingane, må det gjerast på ein reieleg måte som publikum kan stole på. Det gjer ei rekkje av dei små regionteatera som Haugesund Teater, Teater Innlandet, Teateret Vårt og Nordland Teater for å nemne nokre av dei ryddigaste. Men altså ikkje Trøndelag Teater. Det er trist, og det hadde vore interessant å høyre teatersjefens grunngjeving for denne praksisen.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no