S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Amund Grimstad – 17. oktober 2022

Sitatskikk og forholdet til sanninga

Skjermdump fra Trøndelag Teater.


Publisert
17. oktober 2022
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Kritikk

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/sitatskikk-og-forholdet-til-sanninga
Facebook

Det er stor skilnad på korleis dei ulike teatera forheld seg til teaterkritikken

Det gjekk ei vandrehistorie på 1960-talet om eit bilrace der det berre var to deltakarar, – ein tsjekkisk og ein amerikansk bil, og amerikanaren vann. Skal ein tru vandrehistoria, blei dette referert i ei austeuropeisk avis med at den tsjekkiske bilen blei nummer to, medan amerikanaren enda opp nest sist. Slik oppførte sanningsministeria i austblokka seg, og vi kjenner alle tilsvarande historier frå Nord-Korea, komiske Ali i Irak og ikkje minst Donald Trumps rådgjevar og talskvinne Kellyanne Conway som etter innsetjingsseremonien i 2017 lanserte omgrepet «alternative fakta».

Slikt kan ein sjølvsagt le av, men historiene renn meg i hu i desse dagar fordi ein del norske teater diverre har eit nokså tilsvarande forhold til sanninga. Det er sjølvsagt naturleg at teatera vil ha publikum og selje billettar, men ein må kunne krevje eit visst minstemål når det gjeld sitatskikk og forholdet til kva som er sant og ikkje.

Eg har skrive teatermeldingar i 44 år, og eg er ganske medviten om kven eg skriv for. Det er den opplyste ålmenta, den kulturelt interesserte som både er i stand til å lese, tolke det dei les, og ser, og å gjere seg opp eigne meiningar. Eg veit sjølvsagt at både teatera, regissørar, scenografar, skodespelarar og andre som arbeider innan scenekunsten også les teatermeldingar, og det er fint, men det er ikkje dei eg skriv for. At teatera nyttar dei ulike kritikkane til å få folk i teateret, er sjølvsagt også heilt greitt, men det er her køyrereglane ser ut til å mangle for nokre som opptrer med sitat og utdrag som er rein eufemisme og langt frå dekkande for det dei siterer frå.

Bilde fra Trøndelag Teaters oppsetning “Don Juan” i regi av Ole Johan Skjelbred. Foto: Johannes L. F. Sunde

Don Juan på Trøndelag Teater Etter å ha sett og meld teater over heile landet i fleire år, har eg etter kvart fått eit bilde av korleis dei ulike teatera opptrer, og det er enorm skilnad på praksisen deira med omsyn til korleis dei forheld seg til teaterkritikken. Ein av verstingane er Trøndelag Teater, og det kan den som vil, få tydeleg prov på i desse dagar. Den 8. oktober hadde teateret premiere på Don Juan på Studioscenen i regi av Ole Johan Skjelbred, temmeleg fritt etter Molière og med innslag frå ei rekkje andre forfattarar.

Dette er den åttande produksjonen Skjelbred har sett opp på Trøndelag Teater på om lag like mange år, framsyningar som har vore ganske eksperimentelle og delvis nyskapande. Med eksperimentelt teater og så høge ambisjonar som Skjelbred har, er det heilt sjølvsagt at ikkje alt er like vellukka. Det er ikkje mogeleg å lage stor scenekunst utan å føle seg fram og feile litt av og til. I Don Juan meiner så godt som alle meldarane, (med unnatak av Karen Frøsland Nystøyl i NRK) at Skjelbred ikkje har kome heilt i mål. Etter det eg har sett til nå, er oppsetjinga meld i Adresseavisen, NRK, Klassekampen, Norsk Shakespearetidsskrift og Scenekunst.no. Alle meldingane er ganske grundige og balanserte der både sterke og svake sider blir kommentert, men inntrykket for ein lesar (med unnatak for meldinga i NRK), er likevel heilt eintydig, at dette ikkje var på høgde med det Skjelbred har gjort tidlegare. Adresseavisen, som er den einaste som nyttar terning, sette til og med ein trear, og det er vel ingen som reknar det som særleg rosande.

Så langt, så godt, og eigentleg bør Trøndelag Teater vere meir enn nøgd med å ha fått så mange og grundige kritikkar av kompetente meldarar. Fem kritikkar av same produksjon er diverre ikkje kvardagskost for scenekunsten lenger. Men det er likevel ikkje godt nok for marknadsavdelinga til teateret. For om du går inn på heimesida til Trøndelag Teater og finn omtalen av «Don Juan» Don Juan – Trøndelag Teater (trondelag-teater.no) , vil du nedst på sida sjå overskrifta «Presseomtaler», og deretter sitat frå fire av dei fem meldingane eg nemnde. Eitt er at omgrepet «Presseomtale» er feil og misvisande. Ein presseomtale er eit journalistisk arbeid som fortel kva dette er, når det blir spela, og gjerne med intervju med nokre av aktørane, medan ei teatermelding er kritikarens sjølvstendige vurdering av kor vellukka eller ikkje denne produksjonen er. Så desse sitata er frå kritikkar, og ikkje frå presseomtale.

Men la det liggje, og les i staden sitata. Dei er små klipp der mange av dei ikkje eingong er heile setningar. Og etter å ha lese desse fragmentariske klippa frå dei fire meldarane, kan du jo vurdere om dette er positive eller sterkt kritiske vurderingar? Ville du til dømes ha forstått at Ole Jacob Hoel i Adresseavisen viste 3 på terningen når du les Trøndelag Teaters sitat frå meldinga hans?

Skjermdump fra Trøndelag Teater.

Om Trøndelag Teater hadde hatt eit litt meir edrueleg forhold til sanninga, kunne dei jo i tillegg ha linka til dei ulike kritikkane ettersom alle ligg på nett, men det gjer dei ikkje. Så for den interesserte lesar, gjer eg det slik at de sjølve kan gjere eigne vurderingar av Trøndelag Teaters mangel på god sitatskikk:

Ole Jacob Hoel, Adresseavisen: I denne versjonen av «Don Juan» er Trond Giske kreditert som medforfatter – adressa.no

Karen Frøsland Nystøyl, NRK: Anmeldelse: «Don Juan» på Trøndelag Teater – Anmeldelser og anbefalinger (nrk.no)

Willy Walder, Norsk Shakespearetidsskrift: Et blekt begjær | Norsk Shakespearetidsskrift

Eline Bjerkan, Scenekunst.no: Slapp forføring – Scenekunst

Kritikk er positivt Så vil kanskje mange trekkje litt på skuldrene og seie at, ja, ja, dette er jo marknadsavdelinga og deira oppgåve er å selje billetar og ikkje å fortelje sanninga. Der er eg heilt usamd, og eg meiner teatersjefane har eit ansvar, ikkje berre for det kunstnarlege, men for heile verksemda dei styrer. Kunsten er i sin natur sanningssøkjande, og slik er det sjølvsagt også med scenekunsten. Kritikk, så lenge han ikkje er fullstendig usakleg eller vondsinna, er udelt positivt og bidreg med viktige innspel i den offentlege samtalen. Utan kritikk og sakleg vurdering går ikkje noko framover, og teateret bør difor, så vondt som det stundom er, vere blant dei første til å lytte til og framelske kritikken.

Må det vere slik? Og til dei som framleis ler litt overberande av komiske Ali på Trøndelag Teater og andre norske scener, kan eg fortelje at det treng slett ikkje vere slik. Det finst lysande døme på teater og teatersjefar som har eit heilt anna forhold til kritikk og sanning. Dei to fremste i landet, er Teatret Vårt i Molde med teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag som ein aktiv pådrivar, og Nordland Teater med Birgitte Strid som ein like viktig og kompromisslaus forsvarar av eit ope ordskifte. I Molde legg teatersjefen ut lenke til heile teatermeldinga utan omsyn til kor positiv eller negativ ho måtte vere.

Og på Nordland Teater har vi eit ferskt døme på korleis det kan gjerast. Laurdag for to veker sia hadde teateret premiere på Fruen fra havet, ganske fritt etter Ibsen. I Astrid Hansen Holm og Jon R. Skulbergs relativt frie attdikting var ikkje «en fremmed mann» Ellida Wangels gamle kjærast som ho no vurderte å bryte ut av ekteskapet for å rømme med. Den framande var «Døden», og då blei kjærleiken hennar til suicidal dødslengt, ei særs spennande modernisering av Ibsen. Eg skreiv ein i hovudsak positiv kritikk som likevel inneheld kraftig kritikk av tekstgrunnlaget til Holm og Skulberg.

Bilde fra Fruen fra havet på Nordland Teater. Foto: Louise Herrche Serup

Tre kritikkar der to var nærast slakt Måndagen etter premieren vakna Nordland Teater til tre kritikkar. Det var mi relativt positive, men samstundes sterkt kritiske melding i Klassekampen og to lokale meldingar i respektive Rana Blad og rana.no. Dei viste båe 2 på terningen og var ganske drepande i ordbruken.

Kva gjorde Nordland Teater då? Midt på dagen den same måndagen la dei ut følgjande på Facebooksida si:

“Terningkast to i Rana Blad og Rana No, som mener det både er mageplask og kjedelig. Og fine ord fra klassekampens Amund Grimstad.

Strålende og rørende tilbakemeldinger fra rørte, og positivt påvirket publikum.

Meningene er mange og delte. Det liker vi!

Det er interessant og det vekker debatt, og det er en av grunnene til at vi nettopp finnes. Vi vil være en katalysator for dialog og meningsutveksling. Det er viktig for oss å skape små og store opplevelser, men også å vekke følelser, på godt og på ondt. Vi vil integrere, skape økt forståelse og samhørighet. Det er også blant våre mål. Å vekke til live deler av mennesket som man av og til ikke vet trenger å bli rørt ved og vekket.

Vi vil alltid invitere deg som publikum inn til å si noe om forestillingene våre. Vi vil lytte til det positive, men også det negative.

Det tåler vi. Det liker vi! Og det vil vi takke deg for.”

Og i solid tillit til lesarar og publikum, la dei ut lenke til alle tre meldingane:

Dette mener Klassekampens Amund Grimstad (…): https://klassekampen.no/…/2022…/det-endelege-valet/T9rv? Mens Rana No mener dette er «sakteteater i sin verste form» og Rana Blads anmelder sier at dette er «fornærmende lite i samtiden.» https://www.ranablad.no/teaterets…/r/5-42-1054085 (+) https://ranano.no/en-kald-fisk/02.10-18:10 (+)

Noko å strekkje seg etter Med dette har Nordland Teater sett ein standard eg meiner dei andre teatera i landet bør strekkje seg etter. Skal du drive med scenekunst på eit seriøst nivå, må du ha tillit til publikum. Publikum er ikkje dumme. På same tid som dei kan vurdere ei teaterframsyning på eige hand, kan dei også lese. Og slikt lureri som Trøndelag Teater held på med, svarar seg ikkje i lengda.

For sytten år sia sette Trøndelag Teater opp Revisoren av Gogol. Det er truleg ein av dei mest mislukka produksjonane i teaterets historie, og den ganske unisone kritikken var heilt umogeleg å feie under teppet. Då gjorde marknadsavdelinga ein fin vri. Dei siterte frå dei negative kritikkane og stilte spørsmålet: Kan det vere så ille? Kom og sjå sjølve!


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no