S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Erik Ulfsby – 20. oktober 2023

Kvifor teaterkritikk?

Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret


Publisert
20. oktober 2023
Sist endret
20. oktober 2023
Tekst av

Debatt Teater Kritikk

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/kvifor-teaterkritikk
Facebook

Under festivalen Meteor på BIT i Bergen i år skal dei mellom anna diskutere teaterkritikk. Erik Ulfsby på Det Norske Teatret deler her sine tankar om kva vi skal med teaterkritikken.

Under årets Meteor inviterer BIT Teatergarasjen, Proscen, Cornerstone og Tekstallianse til ein open samtale om scenekunstkritikk. Det er ein viktig samtale. Og ein samtale som uavbrote går i teatera og i scenekunstmiljøet rundt om i landet heilt uavhengig av arrangement som dette. På Det Norske Teatret er denne samtalen høgst levande, og kritikkens plass, form og tyngde er noko vi diskuterer gjennom heile sesongen. Kvifor er vi så opptekne av kritikken? Er det fordi vi som Mariken Lauvstad skriv i si Hustavle for kritikk på Scenekunst.no at «teateranmeldelser gjør det lettere for allmennheten å ta informerte valg når det kommer til billettkjøp»? Eller er det som ho skriv vidare fordi «kritikken kan bidra til en dypere forståelse av scenekunsten og scenekunstens funksjon i samfunnet».

Skal teaterkritikken vere eit eige «verk», altså ein eigen litterær sjanger der kritikarens erfaring, bakgrunn og kunstsyn spelar saman i møte med teaterframsyninga? Eller er kritikken ein slags miks av alt dette?

Kritikkens funksjon

Det er ikkje alltid lett å få grep om kva slags plass og funksjon kritikken skal fylle, og ikkje heilt enkelt å skjøne kva intensjonen med kritikken er. Som ein viktig aktør med høg produksjonstakt er Det Norske Teatret i den privilegerte posisjonen at vi får hyppig besøk av landets mange teaterkritikarar. Men dei er ikkje fleire enn at mange av kritikarane må dekke svært ulike produksjonar – både når det kjem til sjanger, formspråk, estetikk og uttrykk. Det er opplagt at det kan vere utfordrande å melde frå ein institusjon som både spelar dei breiaste titlane og dei meir eksperimentelle – gjerne i ei og same veke.

Kritikarane sjølv verkar å vere usikre eller i alle fall ueinige i kva kritikken skal og bør vere. Vi kan trygt slå fast at definisjonen på «kritikk» er fleirfaldig.

Det Norske Teatret legg ikkje skjul på at vi brukar gode kritikkar i vidare omtale og marknadsføring av ein tittel. Så – ja – kritikken fungerer kanskje som forbrukarjournalistikk. Og – ja – på sitt beste bidrar kritikken også til å understreke scenekunstens funksjon i samfunnet.

Frå vår vinkel i scenekunstfeltet forventar vi at kritikken skal vere grundig, fagleg og den skal formidle ei subjektiv oppleving i møte med eit scenisk verk. Likevel opplever vi ofte at meldinga får preg av påstandar, haldningar og velmeinande råd som ikkje rimar med kritikksjangeren.

Når kritikken får preg av kommentar

Anette Therese Pettersen og Runa Borch Skolseg refererer på Scenekunst.no i mai til teaterkritikaren Irwing Wardle. I boka Theatre Criticism frå 1992 skil han mellom formata kritikk og essay. Han hevder at førstnevnte er «et format for dem som allerede hadde gjort seg opp en mening, mens essayet var et format for å undersøke eller finne ut av hva man egentlig mener». Slik kritikken er forma i dag, kan ein kanskje leggje til eit ekstra format, nemleg at kritikken også tar mål av seg til å inkludere ein slags kulturkommentar i same melding. No sist var det i møte med musikalen Frost. At eit institusjonsteater hadde seld sjela si til Disney såg ut til å vere den raude kluten som det var vanskeleg å sjå klart gjennom for delar av kritikarstanden. Lengst i kommenteringa går Klassekampens Julie Rongved Amundsen som skriv at «det er eit politisk spørsmål om det er dette institusjonsteatera skal lage». I dette ligg det tydeleg ei foruttatt haldning, og kanskje blir ikkje Frost vurdert for det sceniske verket det er. Klassekampen meiner at det ikkje skulle vore ha spelt hos oss. Vidare håpar ho at dersom mange nok tar turen så vil det «finansiere skapelsen av det teatret jeg mener vi faktisk fortjener.» No er vi litt usikre på kva for eit teater Amundsen meiner «vi» fortener. Skulle Klassekampen kanskje heller ha sendt nokon som var nysgjerrig på å vurdere oppsetjinga?

Spekulasjonar og synsing

I fleire kritikkar blir også rettane til verket diskutert. Kritikarkorpset er i møte med Disney langt meir opptekne av rettar enn elles, og spekulerer i kor mykje vi er bundne av desse. Mange mistenker at denne første non-replika versjonen av Frost ikkje er så fri som ein skulle ønske. Alle vi som forhandlar med rettar veit at vi forvaltar andre kunstnarars verk. I nokre tilfelle er det strenge klausular (Beckett og Torbjørn Egner er velkjente). Tom Waits’ låtar skal berre framførast på engelsk, vi fekk heller ikkje omsette Bowies tekstar i Lazarus, men var så heldige at vi kunne det med Bob Dylans i Vikla inn i blått. Vi har gjort store musikalar som Charlie og sjokoladefabrikken og The Book of Mormon i såkalla non-replika-versjonar utan at kritikken har vore særskilt opptekne av rettar. Og når dei først er det, ser dei ikkje følgjande; at den sjenerøse tildelinga av rettane til ein av Disneys største merkevarer også er eit sterkt kompliment til norsk scenekunst. At Det Norske Teatret er det første i verda som får lov til å lage ein eigen versjon av dette verket seier noko om posisjonen vår i ein internasjonal musikalmarknad. Vi ser gjerne ein brei debatt – gjerne på kommentarplass – i dei redaksjonane som satsar på kritikk, som tar for seg desse spørsmåla. Der meir eller mindre velmeinte råd kan få komme til uttrykk, og der vi ope kan diskutere bransjens mange utfordringar og avgrensingar. Ja, vi treng breie titlar i repertoaret vårt. Og det er eit politisk spørsmål at vi spelar Frost. Eit språkpolitisk spørsmål, eit spørsmål om kor langt nordmenn skal måtte reise for å ta del i scenekunst i dette formatet, og eit spørsmål om kor mykje vi alle er villige til å finansiere dette. Og nei, det er slett ikkje så risikofritt som einskilde hevdar. På ingen måte. Og det finst ikkje NOKON tittel som er ein garantert braksuksess! Det finst nemleg ingen garantiar i vår bransje. I den litt kjappe, og gjennomdemokratiserte, medieverda som omgir oss, er det viktigare enn nokon gong at kritikaren har god rolleforståing. Skal ein redaksjon satse på kritikk, skjønner også vi at kritikaren legg seg på eit enklare nivå enn tidlegare. Lesarvennlegheit har betydning. Terningkast 6 eller 3 gir auka klikk, meir merksemd, større tyngd til kritikken som oppslag. Men nettopp fordi det ikkje lenger er så mange store redaktørstyrte utgjevarar av teaterkritikk, er det særleg viktig at ikkje ønsket om trafikk og klikk, gjer at meldingane lett kan bli forveksla med den elles så polariserte og klikkstyrte synsinga vi finner i det offentlege ordskiftet.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no