S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Terje Lyngstad – 15. juni 2012

Inkludering - til hva slags pris?

Terje Lyngstad er teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater.


Publisert
15. juni 2012
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/inkludering-til-hva-slags-pris
Facebook

"Noreg har ein kulturpolitikk som manglar ein kunstdimensjon." Petit av teatersjef Terje Lyngstad.

1. juni skreiv Dagbladet på nett om Hedda på 5 år som ikkje får gå i bursdag eller reise på ferie. 74 000 norske ungar under 18 år har det som Hedda. Dei lever i familiar med vedvarande låg inntekt. Frå 2004 til 2006 steig dette talet med 6 500, og veksten er spesielt sterk blant ikkje-vestlege innvandrarar.

Det kostar å sjå eit stykke på eit institusjonsteater i Noreg, som i all hovudsak er finansiert over skattesetelen. På Sogn og Fjordane Teater (SoFt) er prisen kr 220 for vaksne og kr 170 for dei som får rabatt. På Operaen kjem du sjeldan under kr 300 om du vil sjå nokolunde godt. Dei lågaste prisane på Det Norske Teatret ligg rundt kr 200. Med eit slikt prisnivå, seier det seg sjølv at Hedda og mora hennar og mange med minoritetsbakgrunn neppe er å finne blant publikum på eit institusjonsteater.

Stortingsmelding 10 (2011-2012), ”Kultur, inkludering og deltaking” (Inkluderingsmeldinga), har demokratisering av kulturen som mål. Demokratisering er eit honnørord, men spørsmålet er om det skal forståast som at flest mogleg skal ha tilgang til kunst og kultur, eller som at kultur skal vere eit middel til å utvikle demokratiet og å motverke uønskte politiske tendensar.

Om eg legg godviljen til, forstår eg det slik at det er tilgang for flest mogleg som er målet. Styresmaktene prøver å nå dette målet gjennom ulike tiltak fremja i Inkluderingsmeldinga og det årlege tilskotsbrevet: Mangfald skal forankrast i programprofilen og teatra skal lage produksjonar med bestemte tema (Grunnlova og stemmerett for kvinner). SoFt har i tillegg fått melding frå den største eigaren, Sogn og Fjordane fylkeskommune om at det er forventa at teatret markerer at Sogn og Fjordane fylke fyller 250 år i 2013.

Ei årsak til at vi er hamna i dette uføret, er at vi i Noreg har ein kulturpolitikk som manglar ein kunstdimensjon. Kunst og kultur er gjort til eitt. I Inkluderingsmeldinga blir alle institusjonane som ligg innanfor ansvarsområdet til Kulturdepartementet rekna som kulturinstitusjonar. Det vil i praksis seie at teater, skulekorps og idrettslag har dei same krava på seg til å oppfylle mål om mangfald og integrering.

Kultur er noko som bind ei gruppe menneske, eit samfunn eller eit geografisk område (t.d. Noreg) saman i ein fellesskap, gjennom normer, kunnskap og levesett. Kunst er ofte ein motsett storleik, individuelt orientert gjennom personleg sansing av innhald og estetikk, gjerne opplevd som utfordrande, noko som kan skape debatt og usemje, kanskje provoserande og endåtil ekskluderande og krenkjande.

Ei anna årsak til situasjonen, er at styresmaktene, med dei tiltaka som er sette i verk dei siste tjue åra, ikkje har lukkast med å demokratisere kulturen. Når innsatsen no blir trappa opp, er det kanskje i trua på at det som ikkje fungerer, og aldri har fungert, vil begynne å fungere om vi berre gjer endå meir av dei tiltaka som ikkje har virka til no. Det kan minne om trollet som kappåt med Oskeladden. Det åt og åt, til det sprakk.

Du treng ikkje å vere klarsynt for å forstå at mangfaldsstrategiar og grunnlovsjubileum ikkje vil få Hedda og mora hennar og folk med minoritetsbakgrunn til å oppsøke teater.

Ein meir fruktbar strategi vil vere å redusere og fjerne hindera publikum møter i institusjonen. Prisen er eitt av dei. Den kan vi gjere noko med. Språket er eit anna. Det er ei større utfordring. Tre andre hinder er møtet med teatret (”Må eg gå med finklede?”), måten teatret kommuniserer på (PR, annonser, sosiale medium m.m.) og tilgangen til teatret (reiseavstand).

Petiten står på trykk i Nationen i dag.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no