S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Thine Sletbakk Bugge, Ida Michaelsen – 14. mars 2024

Ingen ting galt i å kose seg

Frå framsyninga Fulle folk på Det Norske Teatret. Skodespelar Oddgeir Thune har fått seg eit glas for mykje. Scene 2, 2015. Foto Gisle Bjørneby.


Publisert
14. mars 2024
Sist endret
14. mars 2024
Tekst av

Debatt Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/ingen-ting-galt-i-a-kose-seg
Facebook

(Ingen innlegg)

Thine Sletbakk Bugge og Ida Michaelsen, høvesvis kommunikasjon- og marknadssjef og og informasjonssjef på Det Norske Teatret, svarar her på kommentaren til Eivind Haugland om kos i teateret i Noreg.

Eivind Haugland har forfatta eit innlegg på Scenekunst.no den 6. mars der han tar eit oppgjer med kosefaktoren i teateret. Han stiller innleiingsvis spørsmålet om kva for status teateret har som kunstoppleving i Noreg i dag. Han vel å konsentrere seg om Nationaltheatret og Det Norske Teatret når det gjeld forventning om kos. Og slår fast at det i «Norge har blitt vanlig å bøtte nedpå i selve teatersalen». Viss vi koker det ned, så kan innlegget lesast slik: Det er for mykje drikking og støy i teatersalen. Dette er fordi teateret marknadsfører seg slik at dei som ser Netflix trur dei kan kose seg like mykje på teateret som heime. Vidare spør han, nokså retorisk, om vi har «kommet dithen at teatret som sosial arena trumfer teatret som kunstarena?» Her meiner vi Haugland set opp ein kunstig motsetnad. Teateret er ein sosial arena i den forstand at vi samlar mange og ulike menneske under same tak; ein sosial arena som tilbyr kunstopplevingar med publikum og kunstnarar i same rom. Da er det også visse sosiale kodar som kjem i spel. Dei aller fleste som finn vegen til Det Norske Teatret er meir eller mindre fortrulege med dei sosiale kodane som gjeld her. For mange framstår likevel teateret som noko opphøgt. På Det Norske Teatret ønskjer vi sterkt at publikum skal kjenne seg velkommen hit. Både dei som kjenner oss godt, men også – heldigvis – folk som stiftar sin første kjennskap med kunstforma. «Forsvarer tilsiget av nye publikumsgrupper høylydt gomling av chilinøtter fra sidemannen eller filming av Snapchat-storyer på raden foran?» spør Haugland.

Den irriterande sidemannen

Til alle tider har vi menneske irritert oss over «dei andre». Den irriterande publikummaren har alltid vore der. Helvetet er dei andre, som Sartre ofte blir sitert på. Det nye og overraskande er kanskje at vi som institusjon blir stilt til ansvar. Dette er ei samfunnsutvikling som ein gjerne kan kritisere. Manglande omsyn til andre og mobilbruk er til stor irritasjon fleire stader. På flyet, i trafikken, i skoleverket, men vi tilskriv sjeldan SAS, Vegvesenet eller Apple ansvaret. Dei aller fleste veit å oppføre seg. Også på Det Norske Teatret. Det er lenge sidan teateret var den einaste staden ein kunne oppleve drama. Vi blir ikkje overraska dersom det viser seg at mange i publikummet vårt har eit Netflix-abonnement. Undersøkingar viser nemleg at dei som går i teater er kulturkonsumentar på mange område. Dei går på kino, på utstillingar og i museum, dei les bøker og dei er interesserte i drama på TV.

Marknadsføring eller tidsånd?

Men så kjem Haugland inn på kor skulda for all denne kosen skal plasserast. Og det er sjølvsagt marknadsføringa av teateret. «Godt hjulpet av hvordan teatrene selv markedsfører seg, der kosen og den ukritiske hyllesten som kjennetegner sosiale medier står i fokus. Dermed går vi på teater med andre forventninger enn tidligere, og kløften mellom de som ser på teater som kunst og de som går på teater for underholdningens og kosens skyld øker.» Vi bygger med andre ord feil forventningar i marknadsføringa vår. Dermed får vi eit publikum som gjerne tygg chilinøtter høglydt i salen og forstyrrar danningsprosessen til sidemannen. Teaterpublikummet har gjennom tidene vore mangfaldig. Publikum under Dionysos-festane eller for den del på Shakespeares The Globe har vore skildra som fargerike. At teateret i vår tid er ein kunstarena er udiskutabelt, men det er heller ikkje lenge sidan livet ved teateret blei omtalt som på «dei skrå breidder». Det er berre å sjå på plasseringa av Nationaltheatret, så veit ein at statusen ikkje var høg nok. Den gongen stod striden om det passa seg å legge eit teater mellom slott, universitet og storting. Her på Det Norske Teatret hang det i starten ei bjølle ved scenen. Det blei ringt i bjølla dersom publikum var for uroleg. På tredje ring blei framsyninga stoppa.

Sosialt ansvar

Vi kan godt forstå at Haugland set pris på å kunne fokusere på det som skjer på scenen, utan å bli forstyrra av naboens drikke- og etevanar. Samstundes hevdar han at dette «fenomenet virker å forekomme hyppigere på de store scenene og de forestillingene som trekker et bredere publikum.» Det er mogleg. Men vi har ikkje empiri på dette. Betyr det i så fall at det breie lag av folket ikkje bør få tilgang til vin og snacks i like stor grad som publikum på dei smalare titlane? Korleis skulle denne vurderinga gå føre seg? Eller skal vi forby sal av mat og drikke? Når det er sagt, vi veit at dei aller fleste klarer å nyte eit glas vin utan å forstyrre sidemannen. Men skulle det ikkje vere slik, set vi stor pris på publikummarar som tar sosialt ansvar og seier frå til ein sidemann som ikkje skjønar kodane. Haugland avsluttar med gode ord om norsk teater «som fortjener stor oppmerksomhet og et godt besøk fra vante og uvante teatergjengere.» Haugland har eit poeng når han manar til å ta vare på teaterets verdi som kunstrom. Konsentrasjonen er på veg ut, mobilbruken er overalt og det er lett å bli distrahert i ei tid som vår. Men det er nok ei samfunnsutvikling som ikkje Det Norske Teatret og Nationaltheatret kan skuldast for. 


Kommentar
Nå koser vi oss!

Hvilken status har teatret som kunstopplevelse i Norge i dag?

av Eivind Haugland

S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no