S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Dordi Strøm – 12. juni 2020

Eventyret om dei tre scenografane - del 4

Collage av Dordi Strøm, fra scenografidreiebok til Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd av Jon Fosse. Scenografi og kostymedesign Dordi Strøm. Regi Torkil Sandsund. Hordaland Teater, Den Nationale Scene og Festspillene i Bergen, 2018


Publisert
12. juni 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Eventyr Kunst

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/eventyret-om-dei-tre-scenografane-del-4
Facebook

Tusen teikningar – Ein korona noir av Dordi Strøm

Dei tre scenografane kom seg over brua og stakk frå den gamle scenografen som vart åleine igjen med trollet. Systrene hadde det travelt med å komme seg til byen, for der ville dei freiste å bygge eit skip som kunne gå like godt på land som i vatnet og i lufta med og vinne Hedda-prinsen og ei heil halv krisepakke, slik kulturministeren hadde lova. Trollet, som viste seg å vere eit einsamt troll, forbarma seg over den gamle vakre scenografen og løfta henne opp, bar henne over brua og la henne forsiktig ned i skuggen under eit stort eiketre. Der sovna ho med bylten sin til pute og drøymde ein vakker draum.

Etter ei stund tok trollet eit strå og kitla den gamle scenografen på kinnet. ”Nei, men hei er det deg sa den gamle og smilte”, men utan å opne auga. ”Kva tenkjer du på?” ”Eg vil bli scenograf”, sa trollet. ”Hm, det kan eg ikkje hjelpe deg med, men eg kan svare så godt eg kan på alt du vil vite. ”Sett deg her ved sida mi, det er plass til oss begge på bylten min.” Trollet sette seg ned og lukka auga. ”Sånn ja, sa scenografen. Fortel meg alt. Kva lurar du på?”

”Eg vil så gjerne vite kvar idear kjem ifrå”, mumla trollet. ”Hm”, sa scenografen. ”Vel, ein scenograf er ofte bunden av manus og løyser oppgåver som blir til gjennom samspel med andre kunstnarar”, svara den gamle scenografen. ”Scenekunst er samarbeid, ikkje sant? Om alt er som det bør vere så er det eit kollektiv som skapar ilag. Men som scenograf så gjer eg eit stort førebuande arbeid på eiga hand før eg møter dei andre eg skal jobbe med. Eg analyserer manus og teiknar og oppsøker referansar i samtida og les bøker og gjer meg tankar om det som er på ferde i teksten. Om eg skal lage teater av ein klassisk tekst må eg tenkje aktualitet og alltid spørje meg sjølv kvifor vi sett opp til dømes Medan vi ventar på Godot i dag, ikkje sant?

Det er gjennom spørsmål og leik med assosiasjonar og referansar at idear oppstår. Eg går på oppdagingsferd i teksten og undersøker kontrastar, historier og dramatiske moglegheiter. Dette arbeidet sett i gong ei assosiasjons- og tankerekke som eg visualiserar. Det er med scenografi som med forsking, ikkje sant? Ein må lytte til materialet og sjå kva som hender. Det er som å lage ei problemstilling kor ein arbeider ut ifrå ei hypotese eller eit dogme. Der ligg det avgrensingar som opnar nokre dører og lukker andre. Og slik held eg fram gjennom heile arbeidet. Prosessen er som ei reise, ikkje sant? Ja, eller eit eventyr. Strukturen er kjend og eg kjenner meg sjølv og har reist mykje, men den er og ukjent fordi landskapet er nytt. Eg opnar alltid dører eg aldri har opna før. Det gjeld å vere open for det som er ukjent og uventa. Då hender det fantastiske ting”.

”Men er du aleine heile tida?” spurte trollet. ”Ein av grunnane til at eg så gjerne vil bli scenograf er jo at då treng eg ikkje å vere så aleine. Eg vil så gjerne treffe andre som meg og arbeide i lag med andre kunstnarar. Men så har eg høyrt at det kan vere ganske einsamt å vere scenograf. Er det ei myte at det er så sosialt å vere scenograf ?”

”Hm, i periodar jobbar eg i lag med andre”, svara den gamle scenografen. Ho elska å få snakke om arbeidet sitt. ”Eg har ei djup interesse for det store kollektivet. Tenk på alle desse fantastiske kunstformane som til saman skapar iscenesettinga – heile livet har eg jobba med å utvikle ein metode som kan gjere at dei forskjellige kunstnarane sine draumar og visjonar kan realiserast, så ideane kan styrkast og vekse”.

”Heng du med, Troll? Veit du, min største visjon er å la draumane til alle i det kunstnariske teamet gå i oppfylling! Ja, fordi eg vil det og kan det. Eg vil det fordi eg har eit svulmande hjarte for kollektivet – av mi godheit og av solidaritet vil eg det! Kan du skjøne det, Troll?”

”Eh nei, i grunnen ikkje. Dette er jo vakkert, det forstår eg. Men etter mi meining er vi alle vår eiga lukkes smed”, svara trollet. ”Om ikkje du har vet til å passe på deg sjølv, så er det ingen andre som gjer det heller. Til sist skal vi døy einsame alle som ein. Memento mori– ja hugs du skal døy – og du skal døy einsam. Det har eg sett her i fjellet mange gonger.

Ja, du får tru kva du vil. Men det kjem vel ingen regissørar og takkar deg når du ligg der einsam på din siste dag? Eller trur du på det? Er ikkje dei heller heime i sitt eige og styrar med sitt neste prosjekt? På jakt etter ein annan scenograf som kan gje dei noko anna? Medan du, du er gløymt for lengst?

Ja, slik er det å vere troll. Eg har ein draum om at det kanskje er annleis å vere scenograf, men kanskje tar eg heilt feil? Som troll har eg det slik at alle eg møter er seg sjølv nærast. Eg har passa på denne steinrøysa i tusen år, men dette er altså takka. Alle vil over brua mi, men ingen blir igjen for å prate med meg. Ja, du er eit unntak, men det er det første på all den tid. Ja, slik var det før og slik blir det nok framover og. Eg er dømd til einsemd både som scenograf og som troll”.

”Nei, men å, så triste tankar”, svara scenografen. ”Lov meg at du aldri aldri tenkjer slik igjen. Eg trur ikkje det er bra for deg. Det er aldri bra for nokon å tenkje slik. Har du prøvd yoga? Ja, i byen tar eg yogaklassar kvar morgon hjå naboen. Ho er biletkunstnar, men har funne livskrafta igjen etter at ho var i Sverige og tok yoga-trenar-utdanning. Vil du bli med ein dag? Ho har sikkert plass til ein til?”

”Huff nei forresten, unnskyld! Nei, berre gløym at eg sa det, troll.” Den gamle heldt opp med å prate og tenkte seg om. ”Du! Eg vil heller du skal spørje meg om kva skapingsprosessen gjer med meg! No, ikkje sant, no i dette i livet, dette gode gode vakre livet! Spør meg om det! ” nesten ropte den gamle scenografen og kjente seg nesten ung igjen. Ho kunne ikkje hugse sist nokon vill snakke med henne om kva ho tenkte.

”Eh, javel”, svara trollet. ”Kva gjer skapingsprosessen med deg?”

”Å, eg er glad for at du spør om akkurat det”, svara den gamle scenografen. ”Vel, eg er gamal og kan hauste av erfaringane mine. Eg kan sjå heilt tydeleg kva for personleg uttrykk eg har, men trass i dette så er eg likevel nysgjerrig på å sjå kva det er som går igjen i ideane mine. Ja, og ikkje minst må eg spørje igjen og igjen og i kvart einaste scenebilete og for kvar einaste rekvisitt eg hentar inn i rommet – kva gjer dette objektet for heilskapen, ikkje sant? Kva gjer scenografien!! Ikkje sant? I denne verda, no, her – vi skapar verder, ikkje sant? Worlds, Troll! Ein scenograf driv med worlding! Du burde lese Rachel Hann! Åh, det er fantastisk å få vere i denne gleda! Å få vere scenograf er den beste jobben i verda”, smilte den gamle scenografen.

”Ja, i røynda har eg arbeidd med fristar og innleveringar hengande over meg heile tida. Og eg får eit ekkelt kjøtkakeliknande utslett på heile kroppen av stress. Det kjem tilbake i innspurten av kvar einaste produksjon. Ja, eg får høyre at eg legg for mykje i arbeidet. Men det er alt eg har i livet. Ja, eg måtte gje avkall på familie og det å få eigne ungar”.

”Er det så trist då? Du har jo hatt arbeidet ditt? spurte trollet. ”Når veit du forresten når ein scenografi er ferdig?” spør trollet.

”Å, det veit eg aldri. Eg stolar blindt på magekjensla og på skaparkrafta i meg og satsar alt. Ikkje veit eg, men kanskje kan det samanliknast med ei fødselspsykose å lage scenografi? På premieredagen er det over og ungen må gå sjølv, men eg klarar aldri å sjå premiereframsyningane. Nei, då sit eg heime og ventar til regissøren ringer og fortel meg om ungen lever. Eg klarar ikkje å vere der under fødselen, og eg har jo gitt ungen alt, og det brukar å gå bra. Og så fer ungen ut i verda på eiga hand, før han til slutt syng for siste gong under den siste framsyninga. Og så er han gløymt av alle. Men aldri av meg! Eg elskar ungen livet ut – og eg elskar han slik eg hugsar han i livet, om du skjøner kva eg meiner?” Den gamle vart stille. ”Ja om ein tenkar slik så er eg mor til svært mange barn. Og eg elskar dei alle like høgt. Men så blir dei kasta og resirkulert og alle dei andre som eg jobba så intenst med forsvinn til nye jobbar. Og alt eg har igjen er bileta av dei frå framsyningane, ikkje sant? Ja, og minnet om dei i hjartet mitt”.

”Hm. Ja, ja, det der med å tenke bakover kan eg mykje om” avbraut trollet. ”Men sei meg, kva er det viktigaste for deg – er det prosessen eller det ferdige resultatet?”

Den gamle scenografen rista av seg dei tunge tankane. (Ho var god til det). ”I resultatet viser undersøkinga og prosessen seg, ikkje sant? Målet mitt er alltid at framsyninga blir den ultimate forløysinga. Ja, ikkje berre for meg, men for regissøren og så klart. Og for dramaturgen. Ja, kanskje særleg for dramaturgen. Dramaturgen har slik ei makt over regissøren og text is king, ikkje sant, det er det dei seier dramaturgane, og så slår dei seg sjølv på brystet, TEXT IS KING, ropar dei, og etter prøvane spring dramaturgen rett opp på kammerset til teatersjefen, og der pratar dei godt og lenge saman om alt det vi andre held på med. Eg får sjeldan bli med opp på kammerset. Men har dramaturgen det godt, så har teatersjefen det godt. Og har dei det godt så har regissøren det godt og det er det einaste eg vil. At dei skal ha det godt”, sa den gamle scenografen med eit mildt og drøymande blikk.

”Ja, men kjære vene, det må da vere grenser for sjølvoppofring”, utbraut trollet. Dette var over grensa, meinte han, men den gamle scenografen såg så trøytt og sliten ut så han sa det ikkje. ”Sei meg tvilar du aldri?”

”Jau då, sjølvsagt gjer eg det”, sukka den gamle. ”Det kan vere ei trøyst å betrakte tvilen og prosessen som eg er så glad i, og som eg likar så godt å vere i, som eit livslangt løp. Hm.. det fine er at eg blir klokare for kvar gong. Med erfaring ser eg alt i samanheng. Eg lærer medan eg går, det har eg alltid gjort. Og det kjem alltid ein ny dag i morgon. Ja, eg veit at det ikkje alltid er sant lenger for gamle folk som meg, men det er faktisk slik eg tenkjer. Det er slik eg må leve. I trua på det. At det kjem ein ny dag i morgon”.

Trollet kom ikkje på meir å spørje om. Han sette seg opp og såg på den gamle scenografen. Ho låg framleis med auga attlatne og smilte mildt. Hendene kvila i fanget med handbaken vendt ned mot forklestoffet og fingrane mjukt krølla. Ho såg så fredeleg ut der ho låg. Trollet la kinnet inntil henne og lytta. Hjartet banka eitt slag, så eit til. Så vart det stilt.

The end Den minste scenografen kom fram til byen, men då var alle i kompaniet ho skulle arbeide med smitta av Covid19 og reist i karantene på gardsbruket dei hadde kjøpt i Sverige. Storesystera som skulle hjelpe henne hadde gått seg bort i skogen og kom aldri fram til byen. Den dag i dag veit ingen kvar ho blei av, men det blir sagt at ho tok seg fram til byen og kom seg om bord i eit lasteskip til Kina. I Kina vart ho minna på gleda over å bruke hendene sine i praktisk arbeid. Ho fekk ei stilling som handverkar ved ein verkstad og har aldri hatt det så bra i heile sitt liv som no.

Bestemora sine kunstinvesteringar vart ein enorm suksess og ho etablerte fleire firma med adresse på Dei britiske Jomfruøyane og Caymanøyane og Bermuda og i Sveits og Luxembourg og Nederland og Jersey. Ho fekk for seg at dei tre barnebarna hadde arva meir enn nok og at den enorme avkastninga ho hadde ville behøvast til å utvide kunstsamlinga til å bli verdas største. Derfor gjorde ho dei arvelause alle tre. ”Dei klarar seg utmerka godt utan mi hjelp”, sa ho til bonden. ”Ja, eg meiner det. Arveavgifta burde vere på 100% spør du meg. Alle burde begynne på null. Ja, eg vil ikkje at ungane skal arve ei formue, dei må finne sin eigen veg. Drite på draget på sitt eige bananskal for eiga rekning, ikkje sant? Ja, berre sjå på meg! Eg ser aldri problem. Nei, det er ikkje slik eg er skrudd saman som menneske. Og det er ikkje slik vi er skrudd saman som familie heller.

Ja, dette er ingen pinglejobb, men eg er eit førebilete for alle. Demokrati er keisamt, og det offentlege rommet er up for grabs for den som har den globaliserte finanskapitalen på si side, ikkje sant? Og det har vi no – eg har brakt den heim hit på berget, og eg vil dele dette med heimlandet mitt”.

”Eg har vist at det finst andre måtar å oppnå det ein vil på. Derfor er eg eit eksempel for andre. Det gjeld å skaffe seg gode vener. Då er alt mogleg. Dessutan har eg godt humør og går sjeldan i dress. Kven som helst kan klare det eg har gjort, og då kan dei tre scenografane det og”, sa bestemora og smilte nøgd. ”Med materiell og ideologisk makt kan vi få ting gjort på nye måtar, ikkje sant? Og det vakre er at regjeringa og Stortinget gjer meg frie hender. Hahaha, ja det løner seg å vere grei” sa bestemora.

Den minste scenografen som var van med at alt ordna seg hadde ikkje tenkt på at ho skulle bedt om skriftleg og signert kontrakt før ho byrja på eit arbeid, så ho såg aldri pengane ho trudde ho kanskje ville få for scenografijobben hjå kompaniet som hadde reist til Sverige. Ho hadde ikkje hatt inntekt i 2019, så ho fekk avslag på søknaden om kompensasjon for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande hjå NAV, sjølv om ho hadde jobba for frigrupper og eit spel og ein distriktsopera kvar sommar og alle kveldar og frihelger og feriar dei siste åra.

At ho sjølv eigde opphavsretten til det ho hadde laga var det ingen som hadde fortalt ho direkte, nei ho hadde rett og slett ikkje tatt det inn over seg og ho kunne ikkje bevise det heller at det var ho som hadde opphav til scenografi og video og kostymer og lysdesign. Så då tilfall rettane i praksis regissøren og produsentane, og dei betalte aldri ut royalties. Den pitte litle minste scenografen som hadde jobba så hardt fekk Covid19. Ho fekk ikkje puste og hadde ho fått puste så hadde ho svelta ihel åleine, for det russiske eigedomsselskapet som eigde bygarden med leilegheita bestemora hadde kjøpt, hadde erklært seg sjølv konkurs og stokke av med pengane. Den minste scenografen vart liggjande sjuk og i karantene på madrassen på golvet i den kalde kjellaren.

Ein liten solstråle skein inn på puta der ho låg og ikkje fekk puste, berre litt luft fekk ho i seg, og idet ho pusta inn ein siste gong kjente ho solstrålen varme augelokka. Ho pusta ut ein aller siste gong, og idet ho pusta ut kunne nokon ha høyrt at ho kviskra det aller siste ordet ho nokon gong fekk sagt, og det ordet var det vakraste ho visste for ho hadde sagt det så mange gonger, igjen og igjen hadde ho sagt det opp igjennom tida ifrå ho var lita jente og fekk lukte på ei pære til ho vart eldre og fekk eit hei av naboen eller jobb på eit institusjonsteater: ”Takk”, kviskra den døyande scenografen. ”Takk takk tusen takk. Takk” sa ho, og så døydde ho, og snipp snapp snute så var hennar eventyr ute.

Den mellomste scenografen gjekk det sjølvsagt betre med. Hennar Hekkfond hadde profittert stort på koronakrisa, og no hyra ho inn sine vener frå BI:CCCP (BedriftsNæringsøkonomiske Interesser: Creativ, Culturell, Commersiell og Produktiv) og professor Anne-Guri Furu som konsulentar og investerte ein pen sum av den etter kvart formidable formua si på eit heilt nytt forretningskonsept som ho sjølv vart konsernsjef for, og Hedda-prinsen vart direktør. Saman revolusjonerte dei scenografiindustrien i kultursektoren i kongeriket. Alle arbeidsledige scenografar, kostymedesignarar, lysdesignarar, videodesignarar, designarar for figurteater og lyddesignarar i den koronalamma kultursektoren i landet fekk tilbod om å signere kontraktar kor dei sa ifrå seg alle opphavsrettar, visningsrettar og vidaresendingsrettar til evig tid og i heile universet, mot at dei fekk arbeide til luseløn og på akkord. Mange var desperate og mange var godt kjende med denne typen kontraktar frå før, så nesten alle takka ja og signerte.

Dei vart innkvartert i ein enorm lagerbygning på ei ukjent adresse på Nesodden utan vindauge, oppvarming eller lufting og med berre eit toalett. Dei måtte fakturere oppgåvene til faste låge prisar som konsernsjefen hadde sett, og dei måtte ha med seg sitt eige teikneutstyr og sine eigne datamaskiner til å arbeide på. Dei jobba natt og dag og leverte ferdige scenografikonsept med animerte moodboards og dreiebøker, scenografimodellar og kostymedesign og lys-, lyd- og videodesign, for film og scene til heile verda frå den største scenografifabrikken nokon, nokon gong hadde sett. Alt dei private, og dei offentleg finansierte, kunst- og kulturinstitusjonskundane, trong å gjere var å laste ned ein app og bestille det dei ville ha til gode prisar vart det reklamert med. Vi sender til heile verda, stod det i reklamen.

Konseptet vart ein suksess. Alle teatersjefar i landet var nøgde, og kulturministeren som aldri hadde høyrt om scenografi før, trudde at det var slik det alltid hadde vore. Og når professor Anne-Guri Furu kviskra han i øyret at dette var storslagent og at no hadde han kanskje sikra seg enno ein periode som kulturminister, så vart han så glad og letta og rørt over seg sjølv at han byrja grine. Den mellomste scenografen, som no var konsernsjef, vart invitert til å forelese for demokratisk valde politikarar og samfunnstoppar med bakgrunn frå Second House og andre på seminar i California i regi av Joachim Fangen, Mammon Economics ved Leon Grønåker, BI:CCCP ved professor Anne-Guri Furu og kulturdepartementet og med Bono på akustisk gitar som underhaldning. På turen til USA fekk ho kjøpt seg ein doktorgrad i scenografi, og etter at ho kom heim sat ho høgt oppe i glashuset sitt i kunstnarhuset sitt om kveldane og skreiv på sjølvbiografien sin, medan Hedda-prinsen kom med te til henne.

Ein annan slutt I ein annan slutt på eventyret om dei tre scenografane fekk den minste scenografen Hedda-prinsen, to barn, labrador, stasjonsvogn og hus med hage i Sverige. Der drøymde ho fram enkle, men geniale svar på klimakrisa medan ho sov godt i den økologiske potetsenga si. Ho vart ein etterspurt kokekurshaldar og tangbloggar, ga ut barnebok og diktsamling og studerte coaching og yoga på nettet. Tålmodig venta ho på å høyre frå kompensasjonsordninga for sjølvstendig næringsdrivande, som ho framleis ikkje hadde fått svar frå.

Om kveldane sat ho på låven og sydde munnbind av stoffrester ifrå metervarelageret sitt på symaskina ho arva etter den gamle scenografen. Og er ho ikkje daud så sit ho der enno.

I den andre slutten kom den mellomste scenografen fram til byen og såg all daud og fortviling og forsterking av klasseskile og rasisme koronaviruset hadde årsaka for tusenvis av menneske. Ho var ikkje dummare enn at ho forstod at alt snakket frå Høgre-regjeringa i landet om dugnad berre var tøv og at ordet var greve fram av blodsugande kommunikasjonsrådgjevarar frå Second House og den høgresidefinansierte tenkebobla Cevita under leiing av Kris Klementin, for å appellere til nostalgi og hindre uro i gatene og at det rette ordet å bruke var solidaritet. Men at det var eit ord statsministeren i landet ikkje brukte fordi ho aldri hadde lært det.

Den mellomste scenografen visste at ho måtte vere solidarisk og ho måtte gjere noko. Ho ringte trollet, som viste seg å ikkje vere smitteberar likevel, og med hjelp frå han og det store flettverket sitt fekk ho bygd skipet kulturministeren drøymde om ved fellesverkstaden til dei største teatera i byen. Ho døypte skipet Skibladner, og med trollet som styrmann og alle kidsa frå Rommen og handverkarane som mannskap, reiste ho ut for å nedkjempe koronaviruset, klimakrisa, all rasisme og fascisme og alle trugsmål mot ytringsfridomen ein gong for alle. Heile den halve krisepakka brukte ho til å betale løn til trollet og til mannskapet sitt. Trollet hadde endeleg funne meining i livet og vart eit lykketroll som sendte ein tanke til den gamle scenografvenninna si kvar dag der han stod på dekk og såg utover havet.

Julian Assange fekk jobb som kokk i byssa, unge Gianna Floyd var los i lag med Greta Thunberg, og då kulturministeren vart med på ein tur og fekk sjå Y-blokka frå lufta, vart rivinga avblåst og Y-blokka fekk stå der som eit symbol på kulturelitens formidable evne til å vinne fram med sine hjartesaker i Dagblaet, Morgonbladet, Klassekampa og på Duckbook og som eit minnesmerke over dei falne i kampen mot fascismen den 22. juli 2011.

Kystopprøret fekk behalde alle fødeavdelingane langs kysten, alle kvote- og laksebaronar måtte levere tilbake det dei hadde stelt frå fellesskapet. Store Heghaug frå Human Fraud Service vart fråtatt statsstøtta, og saman vart dei alle sendt med det siste Norwegian-flyet til Bouvet-øya i lag med ei rekke korrupte fiskeriministrar med familieband og eigarinteresser i norsk laksenæring frå AP, H og FrP. Joachim Fangen og Sylvstrupe Kvisthaug fekk med seg gitaren Bono hadde spelt på og vart sendt med det same flyet for underhalde dei andre på øya, resten av tida.

Eva Joly vart leiar for Oljefondet og avslørte Arbeidarpartiet som nyliberalistisk svikar av eigne likskapsideal. Equinor vart NyStatsOlje, eit 100% statseigd selskap som var forplikta til å investere i kunst og kultur og i antirasistisk arbeid og oljeboring vart stansa for all framtid. Fiskerettane i havet tilfall folket igjen då Allemannsretten vart grunnlovsfesta og ingen utanlandske vindturbinselskap fekk tilgang til kongeriket. Kraftselskap og grunneigarar som ville selje norsk utmark til andre enn staten vart fengsla. Livsgrunnlaget på bygda vart oppretthalde på innbyggarane sin eigne premiss og ingen bygdeskular nedlagde. Kvotene til Statens kunstnarstipend vart mangedobla og barnefattigdom avskaffa. Norske bønder og lærarar fekk den løna dei fortente og utdanningsetaten i Europas mest klassedelte hovudstad fekk pengar til å tilsette nok, og gamle og kloke lærarar, som kunne tenkje nytt i den segregerte offentlege skulen. Men berre om dei lytta til ungane. Landet tok imot alle flyktningebarn med opne armar og statsrasismen vart avskaffa. Høgrefinansierte tenketankar sine forsøk på å kuppe norske omgrep som dugnad, og utspekulerte forsøk på å stele omgrepet velferdsstaten og døype det om til velferdssamfunnet vart avslørt som forfalsking av historia så alle kunne sjå det og forstå det.

Den mellomste scenografen hadde bestemt seg for å slutte å plagiere, og dessutan ville ho berre lage scenografiar med resirkulert materiale. Trollet var assistent og saman slapp dei ut ein diger trål frå skipet som samla opp all plasten i havet, og den brukte dei i scenografiane sine. Alle dei resirkulerte plast-scenografiane vart litt like, dei såg ut som søppel. Men dei fann opp ei maling som festa seg på plast så den mellomste scenografen kunne variere fargane litt. Det var berre det at berre plastmaling ville feste seg på plast, og dette var eit dilemma dei grubla mykje på, for den mellomste scenografen ville jo ikkje la assistentane lage kjedelege plast-scenografiar resten av tida heller.

I den andre slutten kom den gamle scenografen seg til byen med bylten og sat heime i eittromsleilegheita ho leigde og laga julepynt. Medan ho arbeidde tenkte ho at ”Ja, no, no er vi alle like, no må alle bidra, ja, det er dugnad var det ein som sa, men det forstår eg vel eigentleg ikkje. Eg er sjølvsagt med, eg er van med dugnad eg for å seie det slik, ja, mykje av det eg har laga av scenekunst har vore på dugnad, eller ja, nei, kanskje ikkje dugnad, nei meir gratisarbeid, sponsing med tid, det kan ein kalle det. Men no, ja no er vi like alle, og eg tenkjer at no kjem den tida kor vi alle er like for lova og at alle må få hjelp frå staten, alle som treng det må få hjelp. Sjukepleiarane på sjukehusa og i psykiatrien og vernepleiarane på sjukeheimane og lærarane og butikkmedarbeidarane og renovasjonsarbeidarane dei må få ei anstendig løn no, ja no skal det endeleg bli slik.

Frå no av skal alle som ein yte etter evne og få etter behov, og NAV skal hjelpe vart det sagt i mars, og eg har venta i snart tjueto veker, i snart tjuetre veker har eg lagt alle rekningane på kommoden i gangen og heller venta med å opne dei for eg kan sjå kva det er inni konvolutten, og den eine konvolutten etter den andre blir eit lite tårn med konvoluttar, og no veltar tårnet snart, men no skal eg få hjelp har Abid Raja sagt og NAV sagt og fagforeininga sagt, men så vil NAV ha tal på kva eg tente i fjor berre?

Men, det har eg ikkje for eg skulle få løna for det eg gjorde i fjor dette året, altså etter at jobben er gjort: All innsatsen eg la ned i fjor skulle betale seg i år. Og det får eg vel, men det betyr kanskje og at eg ikkje får noko frå NAV for dei skal berekne hjelpa eg skal få på bakgrunn av inntekta eg hadde i fjor som er lik null. Så då blir det til at eg skal eg straffast?

Og så må eg søke på desse nye stipenda som kjem, før eg veit om eg får noko som helst? Ja, no har eg ikkje datamaskin eingong.

Og så eg som trudde alle skulle få hjelp. I avisa på biblioteket såg eg at Trøkke og Kaker Sollutions får ei krisepakke for å dekke inn dei pengane dei kunne ha tapt på grunn av koronakrisa, men aldri tapte og Yv og Store Perdalen fekk pengar, ja, og alle moglege klesbutikkar som den bloddyre Luise Votten-butikken, ja, dei fekk over to hundre tusen i koronastøtte – det er ei heil årsløn for meg det, og flyselskapa skal reddast og frisørane og taxisjåførane. Og politikarane skal rive Y-blokka for å løyve seg sjølv nye kontor til milliardar av kroner, og dei har fallskjermar langt opp i himmelen. Men når dei landar av og til, om kvelden etter jobb, så vil dei sikkert gå i teateret, og dei vil ha kunst på veggane som venene skal beundre når dei kjem på besøk. Abid Raja har vore hjå frisøren, men han har ikkje høyrt om Kari Gravklev eller Marte Johanne Ekhougen eller Else Lund eller Grethe Hejer og han veit ikkje at det å vere kunstnar er ein jobb. Kva skal vi gjere med kunstnarforakta i dette landet?

Dei foraktar oss, men likevel seier dei at vi er like, at vi er i same båt som dei og at det er dugnad, ja, no er vi endeleg like, tenkte eg, og sjølv om mange har det vanskeleg så har den store majoriteten det heilt likt, ja, vi er like: Vi må vere inne og ikkje ha besøk, men møtast ute og ikkje vere med så mange berre tjue og ikkje nærmare enn ein meter og det gjeld alle, fattig og rik.

Og dei rike kan vere inne i hagane sine i husa sine i byen, og då kan vi vinke til kvarandre eller klappe for kvarandre tvers over gata, om vi bur i same bydel då, vi som ikkje har ei hytte å reise til og bur i femte etasje utan heis og dei som er rike og har hytte, men som heller må vere heime som oss andre i helgene, no etter at den andre runden med koronakrise intraff.

Vi er alle like for Gud sa dei før i tida, og no, no er det som om vi alle er like for Covid19, ikkje sant? For viruset, tenkte eg, ja, viruset gjer ikkje skilnad på fattig og rik, kvinne og mann, gamal og ung, svart og kvit, kristen og muslim. Viruset det rammar blindt, ikkje sant? Både rike og fattige og svarte og kvite kan bli sjuke og døy, ja for sjukdom som rammar snikande og umerkeleg, så er vi like – alle som ein, ikkje sant?

Er du ikkje einig? No endeleg er vi like ikkje sant? Viruset viskar vekk all skilnad, og rammar like gjerne dei som bur i villa som dei som bur i blokk, ja, både dei som eig og dei som ikkje eig. Det er i alle høve det eg tenkjer, ja, er det ikkje slik kanskje? Har eg ikkje rett? Trur du ikkje det? Og er det ikkje slik at alle har lik rett til økonomisk krisehjelp frå staten, frå den potten med pengar som vi sjølv har betalt inn? Vi som tener under 200 000 og betalar halvparten i skatt? At vi har like rettar som leiarane i dei private selskapa som Equinor og Norwegian? Hallo? Erna? Abid? Er det ikkje slik det er? Er det ikkje slik det eigentleg er, at vi alle er like? At vi alle er menneske av kjøt og blod? Fattig som rik? Og at Covid19 kan ramme kven som helst, både rik og fattig, ja, både dei med heimekontor og dei tilsette i butikk? Både ein sjukepleiar og ein eigedomsmeklar? Både ein reinhaldar og ein dramaturg? Både ein maskedesignar og ein teatersjef? Ja, både Kong Salomon og Jørgen? Han hattemakaren? Ja og scenografen? Er det ikkje slik trur du? Er det slik? Er det ikkje sant kanskje? Halloooo!

Hallo?

There is a strange interdependence between thoughtlessness and evil Hannah Arendt

Det er mer å beundre hos menneskene enn å forakte Albert Camus


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no