Thomas Bye. Foto: Marte Refsdal.

Thomas Bye tilsett som ny teatersjef ved Det Vestnorske Teateret

Styret i Det Vestnorske Teateret har i dag tilsett Thomas Bye som teatersjef i åremål frå 1. august 2023 til 31. juli 2027. Det melder teateret i ei pressemelding.

Thomas Bye vart uteksaminert frå Statens Teaterhøgskole i 2004, og har sidan vore aktiv innan norsk scenekunst både som skodespelar, dramatikar og teatersjef. Han har mellom anna jobba sju år som skodespelar på Det Norske Teatret, og vore teatersjef i seks år ved Teater Ibsen i Skien. Thomas Bye er i dag skodespelar på Haugesund Teater. Thomas Bye er kan hende særleg kjent for å ha engasjert seg sterkt i domfellinga av Fredrik Fasting Torgersen i 1958. Han har og jobba med andre dramatiseringar knytt til justismordproblematikk. Thomas Bye etterfølgjer Solrun Toft Iversen som takkar for seg sommaren 2023 etter 6 år i teatersjefstolen.

Styreleiar Pål W. Lorentzen er særs nøgd med at Thomas Bye har takka ja til stillinga. “Teateret hadde mange gode kandidatar til jobben. Med Thomas Bye får vi ein erfaren scenekunstnar som kan vidareutvikle den gode posisjonen som Det Vestnorske Teateret no har fått i Bergen. Teateret skal vere ein raus og førande nynorskscene for Bergen og regionen og vi er viss på at Thomas Bye vil vidareføre den gode dialogen teateret har fått med dei vestnorske forfattarstemmene.”

“Eg er svært glad og stolt over å bli valt som ny teatersjef ved Det Vestnorske Teateret”, seier Thomas Bye. “Det Vestnorske Teateret er eit både folkeleg og kunstnarisk ambisiøst teater, som har hatt ei enorm utvikling dei siste åra. Å ta over stafettpinnen etter Solrun Toft Iversen er som å hoppe etter Wirkola, men det flotte med det er at eg kjem til eit svært velfungerande teater, der det er lagt til rette for å produsere kunst av høgaste kvalitet. Eg gleder meg stort til å bli kjent med heile det flotte teateret, samt å flytte til Noregs vakraste by.”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER