Foto: Espen Nyttingnes. Regi og visuelt uttrykk: Torkil Sandsund. Lysdesign: Krystian Myska

Strukturrasjonalisering som teater

Kven har skulda for at ni av ti norske gardsbruk har forsvunne sida krigen? Det enkle svaret er at bøndene gjennom fleire tiår har vore med på nedlegginga av seg sjølv.

I Bondetinget ser vi utviklinga av norsk landbruk gjennom auga til Helge Bergo, gardbrukaren frå Eksingedalen i Hordaland som kjempa eit langt liv mot den politikken som styresmaktene og Bondelaget var samde om, men aldri sa høgt: Talet på gardsbruk må drastisk ned for at nokre få skal overleve.

Bøndene som vart borte
Dei små bruka, verneskogen i norsk landbruk og i bygdene, vart langsamt borte. Dei som var att, fekk lovnad om industriarbeidarløn, berre dei investerte i større fjøs, fleire maskiner og fleire dyr enn det var fôrgrunnlag til på garden. Etter krigen var det 350 tusen gardsbruk i landet vårt. I dag er talet 36 tusen. Resultatet er gjeldstynga bønder som spring fortare enn nokon gong, fråflytting, nedlagte skular og butikkar og ei generell utarming av bygdene. Og dette har vore ein villa politikk sida krigen, mellom anna fordi Gerhardsen hadde trong for fleire industriarbeidarar i byane.

Sida har den berømte gulrota hange framfor den arbeidsame bonden. Om han berre effektiviserer enda meir og arbeider enda hardare, vil han bli jamstilt med industriarbeidaren. Men gulrota har ikkje kome nærare. Utover på 1970-talet reagerte stadig fleire på korleis bønder vart pressa til å legge ned. Hitra-aksjonen byrja som eit opprør mot denne utviklinga. Storting, regjering og bondeorganisasjonar formulerte mål om å bremse strukturrasjonaliseringa, men den var som ein ustoppeleg, rullande snøball. All debatt vart lagt lokk på, feid under teppet, knust. Opprøret som starta på Hitra vart kvelt.

Bergo, bløffmakarar og blåauga bønder
Ein lenestol, ein talarstol og eit skrivebord utgjer scenografien. Forteljaren eig skrivebordet, plassert på golvet framfor publikum. Lenestolen er for den gamle Helge Bergo, han som stadig snakka makta midt imot og skreiv boka Avviklinga av den norske bonden i 2005. Talarstolen er for alle dei andre personane som har vore sentrale i denne avviklinga; bondelagsleiarar, landbruksbyråkratar, bønder og politikarar.

Kyrre Eikås Ottersen spelar både Bergo og forteljaren som intervjuer han. I tillegg går han inn i alle dei andre rollane, med skiftande dialektar, volum og temperament. Dette er ein krevjande monolog, der opp mot tjue personar er innom. Men Ottersen er ein god imitator, og han sjonglerer briljant mellom Berge Furre og Hallvard Eika, mellom Hitra-bonden og statsvitaren i tillegg til forteljaren og Bergo sjølv. Det slår meg forresten kor mannsdominert denne sfæren var.

Å lage teater av norsk landbrukspolitikk synest like umogleg som å dramatisere Havboka.  Dramatikar og regissør Torkil Sandsund brenn verkeleg for å finne svaret på det store spørsmålet: Når byrja det å gå gale med norsk landbruk? Han har gjort ein formidabel jobb med å samle inn materiale frå skriftlege kjelder, men i botnen ligg fleire timar samtale med Helge Bergo.

Stammespråk og surrealisme
Når Bondetinget ber preg av den genuine interessa for temaet hos Sandsund, er det på godt og vondt. Godt, fordi dette er ein viktig dokumentar om kva som eigentleg har gått føre seg. Men samstundes vil han for mykje, det blir for kompakt og faktatungt, utan pusterom og kvileskjer.

Temaet er blytungt. Prosessane i jordbruksoppgjeret er så innfløkte at bøndene sjølv ikkje forstår dei. Det er også problemet med teksten, vi dett av i oppramsinga av omsetningsutval, inntektsmålsetting, strukturrasjonalisering og jamstillingsmål. Dei to timane kunne med fordel vore korta ned og forenkla, med meir show og mindre tell. Forteljarfiguren kunne løyst opp dei tyngste sekvensane med fleire anekdotar, absurditeten i temaet ligg godt til rette for det. Han kunne undra seg meir undervegs, slik han på slutten spring ut og inn av forteljarrolla, meir og meir forvirra over all denne nytalen. Slik kunne han fått betre fram det tragikomiske i at ei heil yrkesgruppe et opp seg sjølv i trua på at berre dei små forsvinn, vil dei store få det betre.

Men det er ikkje berre vi som dett av, det gjer dessverre også Ottersen. Det er tydeleg at han ikkje er komfortabel på scena fordi han har hatt for lite prøvetid. Han stotrar og snublar, suffløren har det travelt, og innimellom er det som om Ottersen ikkje sjølv forstår kva han snakkar om. Gong på gong tek han seg inn att og det blir fine, intense augneblikk. Best er han i skiftande rollar på talarstolen, der han trass alt kan ha manus framfor seg.

Nytt opprør – gamle løysingar?
Bønder som har vore med i styre og stell veit godt om Bergo og vil kjenne seg att i spelet rundt den norske bonden. Andre vil kanskje bli sinte når dei forstår kva som eigentleg gjekk føre seg på bakromma og i dei uformelle fora, i ein slags norsk versjon av den russiske nomenklaturaen. Vart vi haldne for narr? Ei prøveframsyning med eldre bønder i salen skapte sterke reaksjonar, både attkjenning og sinne over at dei kanskje har vorte ført bak lyset, og sprunge etter den berømte gulrota i 75 år utan å få tak i ho.

Det som gjer «Bondetinget» superaktuelt, er at vi nett no er midt oppe i eit nytt bondeopprør, der kravet er det same som det har vore i 70 år: Heiltidsbonden, som mest ikkje finst lenger, skal opp på ei industriarbeidarløn. Resultatet vert truleg det same som før, for bøndene stolar visst framleis på leiinga i bondelaga og samvirka. Då må dei store bli enda større. Dei minste, som var store for nokre tiår sida, må legge ned. Så heng denne gulrota der framleis, like uoppnåeleg som før. Vert frasen «vi skal løfte dei små og mellomstore bruka» framleis berre ord i festtalar? Eller vil det gå annleis denne gongen? Er det mogleg å stoppe snøballen?

Når Kyrre Eikås Ottersen får monologen meir under huda, blir dette uansett eit dokuteater verdt å sjå, ikkje berre for dei som kan stammespråket, men for alle som ynskjer svar på kvifor gardane vert ståande tomme, ein etter ein.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER