Jubileet. Trøndelag teater 2012. Foto: GT Nergaard

Spraglete englar

MELDING: – I Jo Strømgren sin himmel er englane ganske spraglet, skriv Amund Grimstad. Koreografen har skrive eit nytt stykke i høve at Trøndelag Teater er 75 år.

Trøndelag Teater er 75 år. Dei feirar seg sjølv og restaureringa av den snart 200-årige Gamle scene med ein urpremiere skriven, koreografert og regissert av Trondheims eigen Jo Strømgren.

I 2010 sette han opp «Pseudonymet» på Trøndelag Teater, ein kjempesuksess då produksjonen omsider var premiereklar etter to langvarige utsettingar, mellom anna på grunn av at skodespelaren Janne Kokkin brakk beinet i prøveperioden. Som førre gong vel Strømgren først ut ensemblet, og deretter skriv han rollene for castinga si. Då set ein ikkje inn ein understudy på premieredagen.

Metateater
Jubileumsframsyninga på Gamle scene blei på mange vis eit metastykke om teatrets indre liv og samstundes ein parafrase over lagnaden til «Pseudonymet». Det er intelligent og artig gjort, men med mye internhumor der låtten fort kan sitte lausare hjå dei som har sitt daglege virke i Thalias teneste.

Forbigått
Det er jubileum og premiereklårt på teatret. Fanny (Janne Kokkin), ensemblets diva (ikkje berre av kunstnarlege grunnar!) vaknar opp etter generalprøva, litt for mange Campari, og ein kraftig bilkollisjon, – ikkje i baronens seng, men på sjukehuset. Ille tilreidd og med brot i det meste, konstaterer ho tilfreds at nå blir det utsett premiere, berre for å innsjå det generasjonar av folk har oppdaga før ho: kyrkjegardane våre, og for så vidt også sjukehusa, er fulle av uunnverlege menneske! Dramaturgen (Herbert Nordrum) tek grep på premieredagen, ensemblets skårunge, Maria, har på eiga hand lært seg heile rolla til Fanny. Og ikkje nok med det. Ho er også i stand til å danse slik at mye av den strokne koreografien nå kan bli tatt inn att. Dei fleste vil vel kunne kjenne seg att i Fannys manglande entusiasme ved å sjå seg forbigått av ungdomen.

Sjukehus og teater
Men i Strømgrens univers er det fleire tema enn som så. Både sjukehuset og teatret er karikerte og overspela for å skape den naudsynte absurditeten, men ikkje heilt utan snev av sanning. Gamle stereotypiar og fordommar får her nye liv, men på eit vis som latterleggjer dei i staden for å sementere. På teatret syner det seg å vere fleire intrigar i garderobane enn på scena, og på sjukehuset er teieplikt og empati kanskje ikkje det første som renn ein i hu når vi møter den sjølvmedvetne og eigenrådige pleiaren Mari (Hildegunn Eggen) som så absolutt ikkje let seg blende av ein tilfeldig teaterdiva.

Inn i dette surrealistiske menasjeriet får vi òg ein aborterande medpasient (Marianne Meløy), mannen hennar (Trond-Ove Skrødal) og teatrets unge sivilarbeidar og Fannys vesle tidsfordriv (Kingsford Siayor). Etter kvart som Strømgren nøstar opp intrigen, syner det seg at alt heng saman med alt, og kanskje vel så det, jamvel om han også stundom leikar seg med å føre publikum bak lyset ved å legge ut blindspor som vi let oss lure av. Verda er så openbert ei scene der vi alle spelar roller, det tilsynelatande er ikkje sanning, og bak englefasadar er ikkje alt like vakkert.

Dans på bakscena
Bakteppet i «Jubileet» er heilt spesielt. Denne gongen er koreografien blitt ein særs integrert del av oppsettinga. Til eit treffsikkert utval musikk med Nina Simone, er bakscena fylt av dans og koreografert rørsle, først og fremst av Martha Standal som visualiserer kjensler og absurditetar vakkert og humoristisk, og etter kvart med tidvis temmeleg surrealistisk dansefølge frå resten av ensemblet.

Verdig jubileum
Jubileet er ein laussluppen, absurd og leiken komedie som i tillegg har store visuelle kvalitetar. Intrigen er komplisert, men likevel enkel. Strømgren kunne nok ha stramma inn nokre av scenene ein del, men med eit ensemblespel av høgste klasse, og med overspel akkurat på grensa, blir timinga likevel meir enn god nok. Trøndelag Teaters jubileumsfeiring har fått ei særs verdig markering!
 

Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. oktober 2012 og er henta frå bloggen til Amund Grimstad.

RELATERTE ARTIKLER +

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER