SoFT vil likevel setje opp Burn baby, burn
Å sensurere Burn baby, burn er etter teatersjef Terje
Lyngstad si meining ei feig handling. Han lyttar meir til § 100 i
grunnlova enn til avslaget frå politistyresmaktene, og teatret
planlegg difor premiere på ”Burn baby, burn” 10. mai 2009. Lyngstad
forklarar her kvifor.
Kronikk av Terje Lyngstad, teatersjef Sogn og Fjordane
Teater (På trykk i Firda og Bergens Tidende 21.5.08)
I august 2007 gav lensmannen i Førde og Naustdal meg beskjed om at
Sogn og Fjordane Teater (SoFt) måtte søkje om å få setje opp
teaterstykket Burn baby, burn av Karen Røise Kielland. Målet
var å setje opp forestillinga på ein bensinstasjon i Førde i mai
2009, og sidan det blir gjennomført bilkøyring som lensmannen
vurderte som trafikkfarleg, meinte han at ein søknad var naudsynt.
Som teatersjef var eg aldri inne på tanken om å søkje om løyve. Eg
ville berre orientere politiet om kva vi planla med omsyn til
vakthald, stenging av veg m.m. Men sidan lensmannen bad oss om å
søkje, så gjorde vi det, og to månader seinare fekk vi avslag på
søknanden med grunnlag i vegtrafikklova.
Klaga inn avslag
Teatret klaga avslaget inn for Politidirektoratet. Vi viste til
at forestillinga skal skje innanfor avgrensa tidsrom og avgrensa
geografisk område. Vi viste til at kontroll og tryggleik er like
god for medverkande og publikum som på liknande godkjende
arrangement. På dette tidspunktet var kommunen, brannvesenet,
vegvesenet, stasjonseigaren og fleire naboar varsla. Så langt eg
kan sjå var alle dei vi hadde snakka med positive til prosjektet.
Klagen gjekk innom politimeisteren i Sogn og Fjordane, som på nytt
uttalte at han ikkje kunne gi løyve til eit ”arrangement kor det
straffritt kan begås alvorlige straffbare forhold uten at dette får
konsekvenser for dei som gjer det.” Denne uttalen vart sendt over
til Politidirektoratet saman med vår klage. I slutten av mars 2008
fekk teatret endeleg avslag frå Politidirektoratet. Avslaget er
underleg og urovekkande. Ei forestilling med og for rånarar, ein av
Norges største og mest kontroversielle ungdomskulturar, vart
sensuert – i første omgang. I konklusjonen i avslaget står det at
”Politidirektoratet slutter seg til politimesterens vurdering av at
politiet vanskelig kan samtykke i gjennomføring av bilkjøring som
kan ha en uønsket smitteeffekt, og ”glorifisere” miljøer som driver
med denne form for bilkjøring.” Ungdomar kan altså risikere å bli
rånarar om dei ser forestillinga.
Mosaikk
Først litt om forestillinga, som skal ha ekte rånarar og
profesjonelle skodespelarar i hovudrollene. Manuset er sett saman
av redigerte sitat frå intervju med rånarar og andre personar.
Forma har eit dokumentaristisk preg, og er såleis ein del av ein
trend i norsk og internasjonalt teater. I møtet mellom ein
journalist, rånarane og andre som oppsøker bensinstasjonen, blir
det skapt ein mosaikk av syn på omgrepet fridom. Som ein del av
forestillinga, burnar og sladdar rånarane, og bilkøyringa er
koreografert.
I Sogn og Fjordane er det mange små tettstadar.
Kommunane bruker lite eller ingen pengar på ungdomsarbeid. Det
finst få ungdomstilbod utanom fotballen, kulturskulen og
skulemusikken. Stripa er ein av dei viktigaste møtestadane for
bygdeungdomen. Det finst knapt ein tettstad i Noreg utan rånarar.
Dei er ein vesentleg del av norsk bygdeungdomskultur, ein kultur vi
har lite kunnskapar om. Vi veit lite om kva dei driv med og snakkar
om, kvifor dei heng saman i grupper, kva for kodar som gjeld og kor
sterk kjærleiken til bilen er.
Då debatten om filmane ”Pulp fiction” og ”Natural
born killer” rasa på 1990-talet, dominerte òg redsla for smittefare
– folk kunne kome til å drepe nokon etter å ha sett filmane, helst
på verst tenkelege måte. Denne typen vern er moralistisk oververn.
Men, la oss seie at vern er rett i dette høvet, kvifor har ikkje
eit rallyløp den same smitteeffekten? Alle veit at vi ikkje treng
vern mot rallyløp. Til og med politiet veit at rallyløp er trygt.
Det er lovleg og sikkert, og eg har aldri høyrt nokon snakke om
smitteeffekt når det gjeld rallyløp.
Sport – kunst
Skilnaden mellom eit rallyløp og vår forestilling, er at
rallyløp er definert som sport, medan Burn Baby, Burn er
definert som kunst. Det er smigrande at politiet trur at kunst
verkar sterkare inn på livsstilen til unge menneske, enn det eit
rallyløp gjer. Eg har ingenting i mot rallyløp, men det at Norge er
ein idrettsnasjon, kan ikkje bety det same som at kunst skal ha
strengare spelereglar enn sport.
Det er interessant at det 17. mai vart arrangeret
Monstertruckshow i Førde, der m.a. to bilar køyrde på to hjul med
fire jenter frå publikum i kvar bil, og born heilt ned i
seksårsalderen køyrde rundt på firehjulingar. Showet var sikkert
gjennomført i samsvar med alle reglar som gjeld for tryggleik, men
vegtrafikklova vart broten på mange punkt og kva skal ein seie om
smitteeffekten og glorifiseringa i dette høvet. Vi får tru at
arrangementet var godkjent av polititet, for utan løyve måtte
samtlege som stod bak ha blitt bøtelagde og fråtekne
førarkorta.
Uforståeleg
I lys av dette arrangementet blir det komplett uforståeleg at
SoFt ikkje får setje opp Burn baby, burn. Politiet har ikkje
forstått at forestillinga kan skape grobotn for dialog mellom
bilsportmiljøet og rånarane på den eine sida, og politiet og
opinionen på den andre. Dei som er villige til å sjå saka frå denne
sida, vil sjå at rånarane har ein eineståande posisjon i norsk
bygdekultur. Om vi skal utvikle bygdene, må unge menneske bu her.
Er det noko unge menneske ikkje reiser til storbyen for å gjere, så
er det for å råne. Rånarane blir buande på bygda.
Å sensurere Burn baby, burn er ei feig
handling. Det er arrogant av politiet å tru at dei kan vite korleis
andre vil reagere på ei forestilling. Vi burde derimot ønske å få
greie på kva det er som gjer at rånekulturen står såpass sterkt i
Noreg i dag. Det kan rånarane i forestillinga hjelpe oss til å få
innsikt i. Som teatersjef lyttar eg meir til § 100 i grunnlova enn
til avslaget frå politistyresmaktene. Teatret vil difor halde fram
med å planlegge Burn baby, burn med mål om premiere 10. mai
2009.
Les også kulturredaktør Jan H. Landros kommentar fra Bergens
Tidende 21.5.08 her!
Les tidligere artikler om saken her!