SoFt godt nøgd med publikumstalet for 2007
Sogn og Fjordane Teater (SoFt) hadde 17 000 besøkande i fjor.
Det er ein nedgang frå året før, men teatret er likevel godt nøgd
med publikumstalet.
PRESSEMELDING frå Sogn og Fjordane Teater 03.01.2008:
17 000 på teater i 2007
17 000 besøkande kan Sogn og Fjordane Teater
(SoFt) vise til for teateråret 2007. Teatret er godt nøgd med
publikumstalet som vart noko over det som var forventa. Målsettinga
for publikumstalet i fjor var 16 500 besøkande.
17 000 besøkande i 2007 er ein nedgang på over 3000 samanlikna med
året før som hadde over 20 000 besøkande, men SoFt er likevel godt
nøgd med publikumstalet.
-Nedgangangen i forhold til 2006 skuldast at to
av produksjonane i 2007 ikkje blir turnèrt før i 2008, seier sals–
og informasjonssjef Leila Øvreseth.
Den store publikumssuksessen i fjor var Storm
frå nordvest, ein musikal inspirert av Jakob Sandes dikting, av
Ragnar Hovland. Musikalen spelte for fulle hus på 21 stader i
fylket og over 4 400 personar såg stykket.